Categories
Arbeid og trygd SV Troms og Tromsø

Arbeidsmiljølov og tromsøordførar

Det er ikkje ofte det er så mange samla på torget i Tromsø som i dag. Eg har vore på ein del demonstrasjonar på torget i Tromsø og det er ikkje ofte eg har ei oppleving av at no er det fullt på torget. No var det faktisk litt trangt. Eg veit ikkje kor mange vi var i dag, men eg veit det var ei massiv markering mot dei endringane som er blitt foreslått i arbeidsmiljøloven av regjeringa.

Innlegget som videoblogg:

For meg er det mest alvorlege som er blitt foreslått er at normalarbeidsdagen skal bli lengre og det skal opnast for meir helgearbeid. Det er ikkje slik at eg ikkje vil arbeide, men det er ein stor verdi at vi har fri omtrent samtidig. Dersom eg vil slarve med naboen, drikke øl med ein kompis, gå på ski med ungane så er det greitt at folk har fri på omtrent same tid og jobbar på omtrent same tid. Det er det som er fridom. Å kunne ha det godt saman med famile og venar. Det blir vanskelegare om partiet for folk flest får det som dei vil.

Men, eg kan ikkje lage ein blogg utan å kommentere det store politiske jordskjelvet i Tromsø. Eg tenkjer sjølvsagt på at ordføraren i Tromsø,  Jens Johan Hjorth trakk seg frå Høgre lista etter å ha forsøkt seg på eit kupp.

Eg må berre innrømme det,  eiga lykke er ikkje å forakte,  men andre si ulykke er veldig bra det og,  og det er ingen tvil om at dette er ei ulykke for Tromsø Høgre.  Eg skal ikkje seie at valet er over,  men det er blitt enklare for den utvida venstresida (hvori opptatt Ap)  å vinne valet.  Dessutan har sjansen for ein SV ordførar auka kraftig.  Det kan fort skje dersom Ap skulle finne på å insistere på parlamentarismen etter valet.  Eg håper dei tar til vett og at vi går tilbake til formannskapsmodellen,  men  Ap seier dei ønsker denne dårlege og dyre styringsmodellen.

Til slutt, regjeringa har sendt ut på høyring eit forslag om at det skal bli forbudt å spørre etter hjelp i Noreg.  Høyringsfristen er 15. februar. Eg liker ikkje tigging,  men det er ikkje slik at vi kan forby alt vi ikkje liker.  Vi må tole å sjå fattigdomen.  Vi kan ikkje forby den.

Categories
Politikk Video

Asylbarn og kriminelle asylsøkarar

Klipp og kommentarar frå spørretimen 14. januar om asylbarn. Staring Hans Olav Syversen med birollar av Erna Solberg og Trine Skei Grande. Kommentarar av Pål Julius Skogholt.

Categories
Politikk SV Troms og Tromsø

Eit vanskeleg val

Eg synst det er spennande og fint at det ser ut til å bli kamp om førsteplassen på kommunelista til Tromsø SV. Det er ei viktig sak fordi at ho som blir vår førstekandidat fort blir anten ordførar eller varaordførar i Tromsø etter valet. Det er eit godt teikn at folk slåss om å gjere ein jobb for partiet og for å skape eit betre Tromsø for folk og natur.

Vi har to gode kandidatar til førsteplassen. Eg gler meg til å stå på andreplass uansett kven som blir valt på første. Eg har framleis eit håp om at ho som ikke blir på første takkar ja til tredjeplassen på lista (Du kan sjå innstillinga frå nominasjonskomiteen her).

Vi har fått eit val, eit vanskeleg val. Når eg vel å støtte Ingrid Kielland på førsteplass på lista er det tre grunnar til det:

  1. Eg trur Ingrid kan nå andre veljargrupper enn Gunhild. Grupper som kan vere viktige for å gjere eit godt val.
  2. Eg meiner det er rett å rotere på verv. Gunhild Johansen har vore førstekandidat ved to val. Når vi har ein god annan kandidat, synst eg vi skal i tråd med vedtektane til SV, bytte på verva.
  3. Dessutan likar eg måten Ingrid kommuniserer politikk på og framstår i media. Det apellerer til meg, og dermed så trur eg det apellerer til mange andre og.

Eg er sikker på at vi stiller med beste kandidaten i byen uansett kven vi vel. Men når vi i SV skal gjere vårt val skal vi vere ganske kyniske. Vi må stille med den kandidaten vi trur kan trekke flest røyster og dermed vere med på å bevege byen vår i ei meir miljøvenleg og rettferdig retning.

Det er nok høgrepolitikk no.

Categories
Olje Økonomi

Øydelegge for å skape?

Det vart ikkje noko oljenirvana i nord. Det ser ikkje ut til at vi skal kunne ruse oss i oljedamp medan naturen blir øydelagt rundt oss. Dette er fantastisk gode nyheiter. Det som ikkje er fantastisk er korleis NHO reagerer på dette.

Tidlegare stortingsrepresentant for Høgre, no regiondirektør for NHO i Nordland, Ivar Kristiansen seier til Nord24:

Regiondirektøren legger ikke skjul på at han er redd for å bli oppfattet som en festbrems, men han mener det ikke lenger er riktig å snakke om at Nord-Norge vil få en fantastisk vekst. For i troen på vekst som følge av petroleumsnæringen kommer nordover, er mulighetene i andre sektorer glemt.

Fortel meg, går det ikkje an å forestille seg anna næring enn olje?

– Skal vi få arbeidsplasser må vi nok godta flere inngrep og sår i landskapet. Vi må tåle å se spor etter gruvedrift eller oppdrettsanlegg i flere kystmiljø, sier han.

Kor tar dei dette frå, at vi ikkje skal kunne skape noko nytt utan å øydelegge ting rundt oss? Dette må vere eit av dei beste eksempla på manglande kreativitet eg har sett.

Går det ikkje an å tenkje tanken at framtida vår er basert på at vi tar vare på naturen rundt oss, at vi tar vare på og utnyttar dei ressursane som ikkje blir borte? Først og fremst fisken, men kva turisme vil vi få i ein øydelagt natur?

Basisen for det som skal skje her nord må vere bærekrafta til naturen vår. På det grunnlaget kan vi hauste fisk frå havet, vind til straum og godt betalande turistar.

Men, eg trur vi kan bygge oss ei framtid der vi tar i bruk nye teknologiar og bygger nye industriar utan å øydelegge. Vi står framfor ein ny industriell revolusjon. Denne gongen blir det ikkje store fabrikkar, men mindre desentraliserte og distribuerte produksjonsstader basert på 3D-printing av ulikemateriale.

I ei slik framtida kjem pengane til å sitte ikkje i å produsere, men i å skape. Der er vi i Nord-Noreg like sentralt plassert som alle andre. Vi kan hive oss på denne nye industrielle revolusjonen eller vi kan basere oss på å øydelegge naturen rundt oss.

Det er ditt val.

Categories
Ikkje politikk Troms og Tromsø

Dialektangst

Eg hadde ein liten prat med jenta mi på seks om bøying av sterke verb i dag. Ho meiner at «å gi/å gje» er eit svakt verb som heiter «gidde» i fortid, medan eg meiner at det er sterkt og heiter «ga/gav» i fortid.

Vi vart etterkvart samde. Eller, ho aksepterte at eg nok hadde rett. Men det var då ho kom med hjartesukket

– Kan vi ikkje alle heller snakke oslodialekt. Det er så mykje enklare.

Men det heiter vel ikkje «gidde» der heller?

Eg gjev foresten TV og internett skulda

Exit mobile version