SV er viktig for Nord-Noreg

SV er eit viktig parti for Nord-Noreg. Det er fordi SV ganske konsekvent kjempar for viktige saker for Nord-Norge. Det er rart at Nordlys ikkje har skjønt dette.

La meg berre ta nokre eksempel frå den siste tida:

  • SV vil ikkje ha den miljøfarlege oljeomlastinga i Bøkfjorden. Her om dagen fekk vi nesten ein oljetankar i fjæresteinane. Det er nok no.
  • Regjeringa vil omforme og privatisere norsk fiskerinæring. I SV så meiner vi at det er aktive fiskarar som skal ha rett til å fiske, ikkje investorar i ulike hedgefonds.
  • Vi vil ikkje ha oljeboring opp mot iskanten. Dette er biologisk viktige område som vi treng til fiskeproduksjon ikkje oljeproduksjon.
  • Når utanlandske vogntog med underbetalte sjåførar står fast langs vegane våre er det heilt klart. Det er viktig for Nord-Noreg med kamp mot EØS-avtalen

Samtidig er det ingen tvil om at dei sakene SV køyrte fram i valkampen framleis er aktuelle. Vi arbeider framleis for eit investeringsfond på 10 milliardar til Nord-Noreg, vi meiner framleis det er viktig at alle skal ha tilgang til høgare utdanning om dei ønsker det.

Framleis er det viktig å utvikle gode velferdstenester i Nord-Noreg på nordnorske premissar. Når SV slåss mot privatisering i Tromsø og i Noreg så er det ein kamp for Nord-Noreg. Og, ja, det å slåss for Nord-Noreg er og å slåss for dei nordnorske byane. Vi må utvikle ein nordnorsk urbanitet som er vårt eiga og mykje meir enn å importere uhemma frå Oslo og New York. Premisset for alt vi gjer er at vi som bur i nord skal utvikle landsdelen vår på våre eigne premissar.

Og, kjære Nordlys, det betyr og å slåss for jernbane nordover. Det var overraskande og trist at landsdelsavisa har gjeve opp dette. I SV trur vi at jernbane er viktig for godstrafikken, for miljøet og for ei framtid der det fort kan bli dyrt å fly. Vi treng ein moderne infrastruktur (og det toget vi skal bygge kan godt vere meir moderne enn Bergensbanen)

Nordlys, dokker tar feil, SV er viktige for Nord-Noreg. Ingen andre parti målbær det mangfaldige Nord-Noreg som vi gjer. Vi seier Ja til Nord-Noreg og eg er trygg på at nordnorske veljarar kjem til å seie Ja til SV også i dette valet

Exit mobile version