Snø, Gardermoen og Kafka

Det skulle vere ei heilt vanleg jobbreise. Eg skulle til Dublin på eit prosjektmøte i eit prosjekt vi er med i for the European Space Agency.

Eg møter opp på flyplassen i Tromsø i strålande vintervêr torsdag morgon. Flyet kjem seg endeleg av garde ein time forseinka. Det var snø på Gardermoen og vi måtte vente på landingstid. Dette var første varslet på at ikkje alt skulle gå perfekt.

Vel framme på Gardermoen landa vi i 19-fløya. Vi hadde 15 minutt til flyet til Dublin skulle gå. Boarding blinkar på infoskjermane. Vi la til flekkings gjennom korridorane på Gardermoen. Undervegs kom tekstmeldinga frå SAS om at flyet til Dublin dessverre var forseinka, vi slappa litt av. Rakk til og med innom tax free’n og fekk oss snus. For sjølv om dei har Guinnes i Dublin så har dei ikkje snus.

Etter kvart som meldingane frå SAS rann inn vart sjansane for snus og guinness i Dublin mindre og mindre.

Ny avgangstid
SK4603 26MAR15
Oslo Airport
Dublin
Avg: 1045
Ny tid: 1130
Mvh SAS

Ny avgangstid
SK4603 26MAR15
Oslo Airport
Dublin
Avg: 1045
Ny info: 1315
Mvh SAS

Ny avgangstid
SK4603 26MAR15
Oslo Airport
Dublin
Avg: 1045
Ny tid: 1330
Mvh SAS

Etter utsettinga til 1330 fekk vi matbongar. Vi hadde akkurat fått oss litt mat då det plutseleg blinkar boarding på inforskjermane. Vi hiv i oss maten og spring. Vi blir møtt av denne koøen til passkontrollen.

Heile tida medan vi står der blinkar det forlokkande boarding på infoskjermane. Men, merkeleg nok slepp dei ingen gjennom passkontrollen. Ingen kan svare noko på kva som skjer. Vi ventar. Det tikkar inn ei tekstmelding klokka 1346 at flyavgangen er utsett til 1345. Noko seinare sluttar det å blinke boarding på infoskjermen. No står det «cancelled» med store bokstavar. Vi finn etter kvart nokon å spørre og får beskjed om å henvende oss til informasjonsskranken. Der står vi ein time i kø, bevegar oss kanskje ti meter framover.

I denne timen ringer eg først SAS. Overraskande kort telefonkø. Eg kjem gjennom, men får beskjed om å ringe Widerøe, eg hadde bestilt biletten gjennom wideroe.no. Men, widerøe hadde stengt sentralbordet for dagen. Likevel er dei tilgjengelege på epost. Og, eg har jo smarttelefon. Ein epost blir slengt i veg. Svaret frå Widerøe:

Du er allerede sjekket inn, og er således på reise.
Du skal da ivaretas av SAS, som skal booke deg om til neste ledige avgang (evt. alternativ reiserute), og om det ikke er noen alternativer i dag tilby kost & losji + fri ombooking til i morgen.

Kontakt SAS kundesenter på Gardermoen.

Væpna med dette ringer eg SAS slik dei oppfordrar til på høgtalaranlegget. Eg får snakke med ei dame, legg fram problemet mitt og viser til eposten frå Widerøe. Ho må snakke med sjefane sine, men kjem tilbake med beskjed om at dette er Widerøe sitt problem og at eg må snakke med dei likevel. Eg melder dette tilbake til Widerøe på ein ny epost. Litt meir agressiv i tonen denne gongen.

Beskjeden eg får frå SAS er at det er widerøe som må gjere ombookinga. Håper dokker fiksar dette, eg er lei av å vere kasteball. Ring meg gjerne på 97077457

Svaret frå Widerøe:

Hei Det er ALLTID flyplassen som skal håndtere dagens trafikk og reisende ved irregularitet. SAS er innleid av Widerøe til å utføre denne jobben, og skal booke om din reise samt eventuelt utstede matkuponger og hotelvoucher

.

Legg og merke til den faste underskrifta på epostar frå Widerøe:

Bestiller du dine reiser på www.wf.no får du Norges beste og raskeste kundeservice på kjøpet.
Hos oss kan du bestille hele din reise, både SAS og Widerøe i tillegg til mange andre flyselskap.

Kan eg få tillate meg å tvile?

Etter denne timen i kø på telefon og epost kjem det opprop på høgtalarane. «Informasjonsskranken i avgangshallen kan ikke hjelpe med ombooking, alle må gå ned til bagasjebåndene og snakke med informasjonsdesken der»
Vi går – eller vi spring, her er ein sjanse til å avansere i køen!

Nede i bagasjehallen sit det ei stakkars dame i skranka. Eg trekk kølapp. Det står 250 på lappen, over dama lyser 457. Eit eller anna er ikkje heilt rett. Eg brøytar meg fram, roper ganske uhøfleg til dama, og får som svar at vi må ut i avgangshallen og snakke med billettkontoret.

Igjen spring vi, nok ein sjanse til å komme seg fram i køen!
Eg kjem fram, klokka er no halv fem, får meg kølapp. Nummer 6784. Over skranka lyser 6180. Berre litt over 600 før meg i køen.

Ting ser lyst ut.

Klokka sju finn eg den andre køen, for å få hotell. Eg får meg hotellvoucher. Finn ut at eg kan ta meg pause frå køen. Set meg på bussen til hotellet, får meg middag, kviler ein halvtime før eg tar turen tilbake til avgangshallen på Gardermoen. Klokka ni, dei er komen til 6200. 20 personar er ekspedert på dei nesten fem timane eg har venta. (no tel eg ikkje dei som har gullkort, dei står i ein annan kø).

Klokka 22 gjev eg opp. Reiser til hotellet. Søv, og møter på Gardermoen klokka seks. Køen er allereie milelang. Eg snakka med ein av dei som står mindre enn 20 meter frå skranka. Han hadde stått der sida klokka fire i natt.

Eit utsnitt av dagens kø

Så kva gjer eg no? Ventar, kva anna kan ein gjere. Første ledige plass på eit fly til Tromsø er visst måndag.

Kor mange privatskolar blir det?

Eg veit sjølvsagt ikkje svaret på det spørsmålet, men det er liten tvil om at det blir bra mange fleire enn det er i dag om regjeringa sitt forslag til ny privatskolelov blir vedtatt. I dag fekk vi det første teiknet her i Tromsø på kva som kan vere i ferd med å skje. NTG Tromsø melder at dei tenkjer starte opp med ungdomsskole så snart det blir lovleg.

Vi kan sjølvsagt diskutere att og fram om det er bra å sende åttendeklassingar på ein spesialisert idrettsskole. Eg trur det er bra at folk går saman i ein skole, ein skole der dei treff og går saman med folk som har andre meiningar og andre interessar enn det du sjølv har. Men skulle vi finne på å meine at vi treng ein spesialisert idretsskole til åttendeklassingane så må vi gjere det i offentleg regi, ikkje i privat regi.

Regjeringa legg opp til at det skal bli lov med private såkalla profilskolar. Departementet skriv i høyringsbrevet:

Med profilskole tenker departementet først og fremst på skoler som ønsker å rette spesiell faglig oppmerksomhet innenfor emnene realfag, idrett, språk eller kunst og kultur, både i grunnskolen og på videregående nivå.

Dersom dette får eit stort omfang vil vi få ei segregering av elevar etter interesser, eventuelt etter foreldra sin interesser. Det vil undergrave noko av det beste i det norske skolesystemet – det at vi alle går saman i same skole. Eg trur det fører til at vi blir kjent og eg trur vi utvikler toleranse og aksept for at vi er ulike.

Noko av det eg liker minst med den nye privatskoleloven er at forbodet mot å tene pengar på skoledrift blir uthola. Det blir framleis forbudt å ta ut utbytte, men tillatt med forretningsverksemd innan tilgrensa aktivitetar. For velferdsstaten skriv på sine nettsider:

Regjeringen åpner også for å la private selskaper drive en viss forretningsvirksomhet innen tilgrensende aktiviteter. Her ber regjeringen om innspill fra høringsinstansene om utbytteforbudet også skal gjelde denne typen virksomhet. Med disse forslagene, og den snevre «utbytte»-reguleringen, representerer den nye Friskoleloven en de facto liberalisering av mulighetene for kommersiell skoledrift.

Dette bekymrer meg, og eg er redd ein privat idrettsungdomsskole ikkje blir den einaste nye privatskolen i Tromsø. Spesielt kan ein bekymre seg for om nokon kan betale seg til betre karakterar. I 2013 kunne Nordlys fortelle at elevane på NTG fekk svært mykje betre karakterar til standpunkt enn til eksamen. Sissel Skillingshaug, avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet seier til Nordlys:

– Elever ved private skoler får i litt større grad lavere karakter til eksamen enn til standpunkt enn elever ved offentlige skoler

Korfor det trur du?

CA8BE59F-2B85-4D5C-A22CB3A76E52F0C4-5364F313-D584-4E42-81F4F5959E71A3B7

Midlertidig

Midlertidig, smak litt på det ordet. Er det eit positivt ord? Eit midlertidig bygg, ein midlertidig kjæraste. Ikkje noko vi ønsker. Men, no har altså regjeringa saman med Krf og Venstre bestemt gjennom å endre arbeidsmiljøloven, at vi skal få langt fleire midlertidig tilsette i norsk arbeidsliv.

Arbeidsministeren får det slik som han vil, meir makt til arbeidsgjevarane. Foto: Bård Gudim/Frp media via Wikimedia Commons

Hovudregelen til no har vore at du berre kan tilsette folk midlertidig om arbeidet var av midlertidig karakter (dessverre har vi sett at der tjenestemannsloven gjeld i det offentlege har det vore alt for mykje midlertidige. Det er synd at vi ikkje fekk ordna opp midlertidigheita i akdemia medan den raud-grønne regjeringa sat ved makta). Det blir no lov å tilsette folk midlertidig for å gjere varig arbeid.

Dette vil få store konsekvensar. Det vil bli langt fleire som ikkje får huslån, som må leve med den usikkerheita som ligg i å ikkje vere trygg på at kontrakten blir forlenga, og som ikkje vil tørre å stå på krava fordi jobben er usikker. Dette er ei enorm maktforskyving frå arbeidsfolk til arbeidsgjevarane. Det vil over tid bety mindre forhandlingskraft for fagbevegelsen når lønn og tariffavtalar skal forhandlast på ny, det vil bety at færre tør protestere mot dårleg eller farleg arbeidsmiljø.

Og, det er vel kanskje hovudpoenget til regjeringa. Makta skal flyttast frå arbeidsfolk og fagrørsla til arbeidsgjevarane i NHO og Virke slik at eigarane kan tene meir. Det er ein del av den same tendensen vi ser når det gjeld privatisering og konkurranseutsetting av offentleg verksemd. Det siste her i Tromsø er at matproduksjonen for dei som bur på sjukeheimar og liknande er overlatt til ISS i staden for at kommunen gjer det sjølv med meir ordna arbeidsforhold.

Makta og pengane blir flytta frå fellesskap til eigarar. Er det det vi vil?

Kan IKEA saksøke Tromsø kommune?

Sjå for deg at IKEA endeleg kjem til Tromsø. Alle smiler og er glad, men etterkvart viser det seg at trafikklysninga ikkje fungerer. Tromsø kommune må legge om vegane i området. IKEA finn då ut at det vil bli dårlegare tilgang til IKEA enn det var før. Tenk deg at dette kan føre til at IKEA saksøker Tromsø kommune for potensielt tapte inntekar fordi det blir vanskelegare for kundane å komme fram. Kanskje ikkje så ille, men forestill deg at domstolen sit i Washington og er samansett av europeiske og amerikanske forretningsadvokatar. Kven trur du vinn ei slik rettsak?

Dette kan bli konsekvensen av dei avtalane som no blir forhandla fram mellom EU og USA. Noreg blir berørt gjennom EØS-avtalen. Desse avtalane kalla TISA og TTIP dei skal sørgje for frihandel mellom EU og USA, men viktigare dei legg opp til samordning av alle reglar og reguleringar. Den typen reguleringar er snakk om er selskapa sin rett til å saksøke stater for endra reguleringar, mattryggleik, genetisk modifisert mat og meir. Det er snakk om eit regelråd overordna nasjonalstatane skal sitt og bestemme om EU og Noreg må tillate klorvasking av kyllingar og mykje anna.

Vi veit frå før at denne typen samordning ofte fører til eit “race to the bottom”. Det er dei reglane som griper minst inn i frihandelen som blir gjeldande. Då kan vi forvente at eit større press på arbeidstakarrettar, på mattryggleiken og meir til.

I Noreg er det skuffande at Ap er positiv til denne avtalen. Aps Svein Roald Hansen seier det berre er skremslar og at han stoler på Høgreregjeringa si framstilling av saka.

Det er ganske problematisk. For i desse sakene ligg det inne drivarar i retning privatisering og konkurranseutsetting.

Sjølve grunngjevinga for avtalane er å fjerne dei reglane som beskytter oss mot agressive komersielle aktørar.

For internasjonale storkonsern er viktige samfunnstenester big business. Noregs sterke offentlege sektor og gode regler for konkurranse gjer at det ikkje er fritt fram for aggressive kommersielle interesser i Noreg. TISA-avtala vil forandre på dette.

Vi er i ferd med å forplikte oss til å konkurranseutsette og tvangsprivatisere tenestene som held samfunnet vårt saman. TISA-avtala er eit glimrande verktøy for dei som vil brekke opp livsviktige offentlege tenester som bidreg til å verne likhetstanken her til lands.

Ei rad offentlege tenester vil utsettast for det meste sentrale kravet i TISA-avtala.: «nasjonal likebehandling». Forsvar, politi, brannnvesen og rettsvesen er omtrent det einaste som står verna igjen av den sterke offentlege sektoren vår.

Avtala vert forhandla utan at dei folkevalde får delta, og regjeringane nektar fagbevegelsen innsyn i avtala og prosessen. NHO og Næringslivet derimot, er djupt involvert i forhandlingane. No må vi få klårheit i kva det blir forhandla om slik at vi kan ha ein opplyst offentleg debatt om dette.

Innlegget vart først publisert hos Nei til EU.

Betre transport i Tromsø

Den viktigaste transportutfordringa vi har i Tromsø er, korleis kjem vi oss frå A til B på ein rask og billig måte samtidig som vi tar vare på miljøet. Både det store miljøet i form av klimaendringane, og det lokale miljøet i form av vegstøv og jordvern.

SV meiner at det ikkje kan vere tvil om at å få fleire til å bruke buss, å få fleire til å gå og få fleire til å sykle er ein viktig del av løysninga.

Vi treng fleire og raskare bussar i Tromsø.Foto: calflier001/WikimediaCommons
  • Vi må få til eit enno betre busstilbod. Vi må vere trygge på at bussen kjem når han skal komme, vi må ha ein buss som går oftare, og i rushtida treng vi fleire direktebussar. I SV ser vi og for oss at vi bør opprette eit offentleg eigd busselskap for å drive bussan ei Tromsø når dagen anbud går ut og nye kontraktar skal skrivast.

  • Vi må legge betre til rette for dei som syklar. Vi treng eigne sykkelvegar langs dei viktigaste rutene. Det må vere sykkelvegar der syklande og gåande ikkje er saman. Når du syklar til og frå jobb skal det helst gå fort. Då er det ikkje alltid trygt å blande gåande og syklande. Langs dei viktigaste sykkelvegane må syklistane få forkøyrsrett der sykkelvegen kryssar bilvegen. Eit døme kan vere langs vestsida av Tverrforbindelsen. I alle avkøyringane frå Tverrforbindelsen har i dag syklistane vikeplikt. Det reduserer kraftig farta og tryggleiken til syklistane ned Tverrforbindelsen. Her bør vi skilte slik at bilane får vikeplikt for dei som syklar. I tillegg er det fleire og fleire som skaffar seg el-sykkel. El-sykkel er ei fantastisk oppfinning for ein bakkete by som Tromsø. Legg vi skikkeleg til rette for sykkel kan vi verkeleg auke sykkelbruken.

  • Ein av grunnane til at mange vel å bruke bilen er at vi synst det er utrygt å la ungane gå eller sykle til skolen langs utrygge skolevegar. Spesielt vinterstid kan det ofte bli trangt og uoversiktleg. Lagar vi trygge skolevegar reduserer vi trafikken (det i seg sjølv gjer skolevegen tryggare), vi gjev ungane våre gode vaner og betre helse. Tromsø treng ei storsatsing på trygge skolevegar.

Kvaløysambandet er viktig, men uansett korleis vi snur og vender på det så kjem det ikkje eit nytt kvaløysamband i morgon. Derfor blir satsinga på buss og sykkel heilt sentralt for å redusere belastninga på Sandnessundbrua og Giæverbukta. Nå ein person vel buss eller sykkel framfor bil blir det betre plass på vegen for dei som må bruke bilen. For Kvaløya treng vi verkeleg eit godt vintervedlikehald som legg til rette for sykling og fleire direkteruter med buss til Breivika og Sentrum, ruter som ikkje må gjennom rundkøyringa i Giæverbukta to gonger på kvar tur. Det kan og vere fornuftig å vurdere å einvegskøyre brua i dei verste periodane. Når eit nytt samband til Kvaløya kjem må vi og gjere noko med Giæverbukta og Tverrforbindelsen. Desse tre heng saman og må sjåast i samanheng for å få ei god trafikkavvikling. Og, for at det ikkje skal vere tvil, SV meiner vi treng eit Kvaløysamband.

Dersom ikkje byrådspartia med Frp i spissen hadde tulla det til med ny E8 på austsida kunne vi vore i gang med bygginga av ny E8, og det trengst. SV si haldning er at vi vil bygge vegen der det går raskast å sette i gang med bygginga. Framleis er det vestsida, men det kan endre seg. Det må vere slutt på å ri kjepphestar. Det er på tide å bygge vegen.

Det som er heilt sikkert er at vi ikkje får til eit stort løft for vegar og bussar i Tromsø utan større inntekter. Vi kjem dessverre ikkje utanom bompengar eller rushtidsavgift. Drivstoffavgifta er dessverre ikkje nok. Dersom vi no er litt smarte og samarbeider i Tromsø kan slike avgifter føre til ei stor statleg satsing. Vi kan ikkje greie dette løftet åleine, men vi får det heller ikkje til om vi ikkje bidreg sjølv.

Exit mobile version