Categories
Hangouts SV

Hangout med SVs partisekretær

Måndag 27. april klokka 20.00 har eg fått med meg SVs nye partisekretær på hangout. Ein hangout er ei direktesending på youtube, med det tillegget at vi kan invitere folk inn for å vere med i samtalen. Eg følgjer og med på chat undervegs for å prøve å svare på spørsmål som kjem. Så på måndag kan du følgje sendinga her. Seinare kan du sjå opptak, men vil du vere med undervegs må du gå inn på denne sida.

 

 

Categories
Politikk Troms og Tromsø

Reglar og fornuft for syklande

Det er mykje diskusjon kvar vår om kva reglar som gjeld for syklar og bilistar. Mange er irriterte, og det kan vere god grunn til det, både om du sit i bilen og om du sit på sykkelen. Eg tenkte det kunne vere fornuftig å gå gjennom nokre reglar og nokre tankar om korleis det er lurt å oppføre seg.

Undergangen under Jekta er skilta for syklistar, men kvar er eigentleg sykkelfeltet?
  1. Syklist har alltid lov til å bruke vegen på same måte som bilen, unntatt om det er skilta med sykkelforbod, for eksempel i tunnelar eller om det er motorveg.
  2. Det er lov å sykle på fortau berre dersom du ikkje forstyrrar dei gåande og du har låg fart.
  3. Det er lov å sykle to eller fleire i breidda på vegen. Det kan vere svært lurt, spesielt om du syklar med barn og vil beskytte dei mot bilar som køyrer forbi alt for nært. Bilar skal halde ein avstand til sykkel på minst 1,5 meter når dei køyrer forbi. Husk uansett alltid å vere hjelpsam og slepp biltrafikken forbi når du kan.
  4. Det er lov å sykle i gangfelt, men sjeldan lurt. Når du syklar i gangfelt har du vikeplikt for bilane. Går du av og triller sykkelen blir du rekna som gåande.
  5. Ofte vil det vere tryggast å sykle i vegen sjølv om det finst gang- og sykkelveg. Det kan vere fordi det anten er mange som går i sykkelvegen, fordi det er mange vegar som kryssar sykkelvegen eller andre grunnar. Det er sjeldan syklistar bruker vegen for å irritere bilistane.
  6. Når du syklar i vegen gjeld same reglane for syklistar som for bilistar. Det betyr at syklande skal stoppe på raudt lys og har vikeplikt for trafikk frå høgre.
  7. På gang- og sykkelveg har du som syklist vikeplikt om ein veg kryssar sykkelvegen
  8. Du har lov til å sykle forbi bilar på høgresida, men husk at du kan vere vanskeleg å sjå og pass på at du har nok plass.
  9. Du må ha raud refleks bak på sykkelen, og kvit eller gul refleks på pedalane eller pedalarmane. Når det er mørkt skal du ha kvitt eller gult lys framme og raudt lys bak. Du skal ha signalklokke på sykkelen.
  10. Forøvrig kjem vi alle langt med allminneleg folkeskikk og ved å ta omsyn til kvarandre. Slepp bilistane forbi når du kan og det er trygt.

Korleis få fleire til å bruke sykkel i Tromsø?

Piggdekk gjer det enkelt å sykle heile vinteren. Husk varme hanskar og ei god, men tynn lue som får plass under hjelmen

Det er mykje vi kan gjere for å auke sykkelbruken i Tromsø. Det vil vi gjerne fordi det er godt for folkehelsa, det er miljøvenleg og det minkar belastninga på vegane, det blir betre plass for dei som må bruke bilen.

Nokre gode tiltak:

Forslaget til hovudsykkelnett i framlegget til kommuneplan
  1. Langs hovudvegane må vi slutte med kombinerte gang- og sykkelvegar. Det er viktig å skille gåande og syklande, både for at syklistane skal kunne halde godt fart og for å unngå påkøyringar etc. Sykkelveg med fortau er ei god løysning. Eg synst det er mykje fornuftig i det kartet som ligg i forslaget til kommuneplan.
  2. Langs dei viktigaste gang- og sykkelvegane bør bilistane få vikeplikt for syklande der vegen kryssar sykkelvegen. Det gjeld i alle fall langs Kvaløyvegen, i Scandickrysset og FV 862 på Kvaløya (har den vegen eit namn?)
  3. Trafikkøyer som syklande skal krysse må ikkje ha høge kantsteinar som gjer det vanskeleg å komme fram.
  4. God sykkelparkering i Sentrum, helst under tak. Eit sykkelparkeringshus hadde vore fint.
  5. Skiltinga må bli betre og det må skiltast direkte for syklande. Du skal tidvis vere godt kjent for å vite kor det er lurt å sykle.
  6. Misvisande skilting må endrast. I undergangen på Jekta er det skilta med at det skal vere sykkelfelt. Det sykkelfeltet finst ikkje.
  7. Vintervedlikhaldet og fjerning av strøsand om vårane på sykkelvegane må bli betre.
  8. Mange klagar over dårlege vegar og dårleg asfalt på vegane i Tromsø. Dessverre er det alt for ofte like ille, om ikkje verre på sykkelvegane. Du merkar det svært godt på sykkelen og er ein av grunnane til at mange syklar i vegen også der det finst sykkelvegar.
  9. Tilrettelegging for sykling i marka er fantastisk. Lysløypa er ein kjempefin sykkelveg sommarstid og delar av vinteren. Vi treng fleire snarvegar. Men, husk å vis omsyn til dei som går eller bruker ski på dei same stiane.
  10. Også burde det vere momsfritak for el-sykkel slik det er for el-bil. El-sykkel er fantastisk i ein bakkete by som Tromsø.
Categories
Politikk Troms og Tromsø

SV garanterer at det ikkje blir søndagsopne butikkar i Tromsø

Rundt 5000 personar jobbar i varehandelen i Tromsø. Dersom det blir vedtatt søndagsopne butikkar kan mange av desse miste ein kviledag i veka og miste ein dag saman med familien. Det vil SV hindre. Det blir ikkje det same å ha fri på ein onsdag når ungane er på skolen og venane dine er på jobb.

Eit av dei forslaga som blir diskuterte er at kommunane sjølv skal få avgjere om det skal vere søndagsopne butikkar. Om høgreregjeringa saman med Venstre vedtar dette vil SV vere garantist for at søndagsopning ikkje blir innført i Tromsø.

Vi treng ein dag der så mange som mogleg har fri samtidig. Nokre må sjølvsagt jobbe på søndagar, men det bør avgrensast til arbeid som er heilt naudsynt blir gjort. Det er viktigare med ein dag saman med familie, ein dag der vi kan delta på idrettsarrangement og kultur enn at vi kan handle klede og mjølk. Det klarer vi dei andre seks dagane i veka.

Lovendringa kan tvinge fram søndagsåpent. Det vil ikkje vere lett for kvar enkelt butikkeigar å velje å halde søndagsstengt dersom konkurrentane har opent. I kjøpesentra vil det vere senterleiinga som avgjer når butikkane skal vere opne. Ei utvikling i retning av søndagsopne butikkar vil òg få konsekvensar for andre arbeidstakargrupper. Det vil blant anna auke behov for reinhald, vakt-tenester, hyppigare kollektivtransportavgangar og opne barnehagar på søndagane.

Resultatet vil vere at store grupper som no har normalarbeidsveke vil måtte til å jobbe turnus.

SV vil at vi framleis skal ha ein felles fridag i veka.

Categories
Skole

Streik

I dag vart eg utsett for streik. Spontan arbeidsnedlegging var det. Kravet frå dei streikande var krystallklårt: Innkjøp av snøfresar og auka vekepengar. Som du skjønnar så hadde eg ikkje noko val. Eg måtte sette inn statspolitiet sin snøballbrigade, dei streikande skulle tvingast tilbake på jobb.

Prototypen på ein streikeborg

 

Snøballkrig er artig og etter som konflikta utvikla seg var det og ein kjempesjanse til å snakke med ungane om streik, samhald og solidaritet. Det var ein sjanse til å fortelle om tidlegare arbeidskampar og fagorganisering. Det var ein sjanse til å fortelle at så seint som i fjor arresterte norsk politi streikande hamnearbeidarar her i Tromsø når dei var i konflikt.

Det aller artigaste var å sjå korleis krava til dei streikande utvikla seg. Snøfresar var ikkje det viktigaste. Før snøballkrigen var over hadde dei utvikla grunnlaget for ein leksestreik. Kravet var ein halv time meir skole kvar dag mot at det ikkje skulle vere lekser. Dei hadde og ein diskusjon om at dei kunne godta ein times lenger skoledag om det var det som skulle til for å bli kvitt leksene. Kampmidla dei valte var kanskje litt uortodokse. Ein streikesnøborg var det første som måtte på plass. Kanskke det er noko å tenkje på for LO neste gong det er streik?

Vart det noko snømåking på dei? Nei, solidariteten blant dei streikande forblei ubroten og arbeidsgjevaren måtte måkke åleine.

Kanskje kravet om snøfresar ikkje var så dumt likevel?

Categories
Jahn-Arill Skogholt

Barn av tida

I serien «Etterlatte skrifter etter han Pappa» fekk dokker forrige gong eit politisk skrift om Storfjellvegen, denne gongen blir det ein prolog/dikt. Denne prologen er det mange som huskar og spør etter. Heilt upolitisk er ikkje denne heller

—————

Barn av tida

av Jahn-Arill Skogholt

Barn av tida
barn av berget
barn av høg og hard musikk
du som kom for seint til verda
vaks opp på ei søppelfylling
gjort av far og bestefedre
folk som trudde pengar kunne
kjøpe sola, kjøpe månen,
kjøpe lykke, kjøpe helse,
kjøpe kjærleik og respekt,
kjøpe tid som barna åtte,
kjøpe døtres kyss om kvelden,
kjøpe søners kalde blikk.

Barn av tida
barn av berget
barn av høg og hard musikk,
barn av treet som vi trudde
eingong skulle vekse, vekse
opp i himlens høge hallar.
Lite skjøna vi at vekster
som har rot i gift og rote
veks seg tørt i grein og topp.
Lite skjøna vi at havet
som har famna, som har fødd oss
eingong skulle slå tilbake,
nekte å bli børsnotert.

Barn av tida
barn av berget
barn av høg og hard musikk.
Barn som ser foraktfullt på oss
veit at kjærleik er ei vare
som kan myntast ut i gaver
pakka inn i glatt papir,
veit at framtida er oppbrukt
ser at soppar syg den bleike
kraft frå treets golde rot,
kjenner eigne krefter koke
koke bort, bli eit problem.

Barn av tida
barn av berget
barn av høg og hard musikk,
høyr oss alle, demp musikken
høyr, vi tigg tilgjeving, nåde,
sjå, vi lagar fine planar
skrivne ned på blankt papir,
klorbleikt, glansa, godt å ta i
berre kjenn kor dyrt det er.
Sjå, du er i statistikken.
Sår oss ikkje, sei då ikkje
at vi ikkje bryr oss om deg.
Sjå, her står du; ein ressurs.

Barn av tida
barn av berget
barn av høg opg hard musikk.
Gjer deg hard, still opp volumet
rus deg i musikkens under
ikkje høyr den kalde, kloke
tale frå dei gråe menn.
Ikkje høyr vår bøn om nåde
for vi burde vite, visste
at den arv som du fekk bere
det var tomme, skitne fat.
Med desserten tung i magen
lar vi oppvasken få stå.

Barn av tida
barn av berget
barn av høg og hard musikk,
kanskje vil du eingong bere
ny og betre jord til treet.
Kanskje er det alt for seint.
Vil du eingong opne døra
og gå innanfor i huset
der ein gammal mann fekk døy
trygg i armen til ei kvinne
som var nær og kjær og varm.
Slik stig livet ut av tala
og blir meir enn statistikk.

Barn av tida
barn av berget
barn av høg og hard musikk.
Demp musikken, høyr oss tale.
Kanskje har du enno evnen
til å skille løgn frå sanning.
Kanskje kan vi enno bygge
bruer til ei betre verd.
Huset står der, la oss tette
taket som er lekkt og rått.
Varsamt, varsamt snur vi jorda,
smuldrar ho og ber ho audmjukt
å gje liv til nye frø.