Det er mykje diskusjon kvar vår om kva reglar som gjeld for syklar og bilistar. Mange er irriterte, og det kan vere god grunn til det, både om du sit i bilen og om du sit på sykkelen. Eg tenkte det kunne vere fornuftig å gå gjennom nokre reglar og nokre tankar om korleis det er lurt å oppføre seg.
- Syklist har alltid lov til å bruke vegen på same måte som bilen, unntatt om det er skilta med sykkelforbod, for eksempel i tunnelar eller om det er motorveg.
- Det er lov å sykle på fortau berre dersom du ikkje forstyrrar dei gåande og du har låg fart.
- Det er lov å sykle to eller fleire i breidda på vegen. Det kan vere svært lurt, spesielt om du syklar med barn og vil beskytte dei mot bilar som køyrer forbi alt for nært. Bilar skal halde ein avstand til sykkel på minst 1,5 meter når dei køyrer forbi. Husk uansett alltid å vere hjelpsam og slepp biltrafikken forbi når du kan.
- Det er lov å sykle i gangfelt, men sjeldan lurt. Når du syklar i gangfelt har du vikeplikt for bilane. Går du av og triller sykkelen blir du rekna som gåande.
- Ofte vil det vere tryggast å sykle i vegen sjølv om det finst gang- og sykkelveg. Det kan vere fordi det anten er mange som går i sykkelvegen, fordi det er mange vegar som kryssar sykkelvegen eller andre grunnar. Det er sjeldan syklistar bruker vegen for å irritere bilistane.
- Når du syklar i vegen gjeld same reglane for syklistar som for bilistar. Det betyr at syklande skal stoppe på raudt lys og har vikeplikt for trafikk frå høgre.
- På gang- og sykkelveg har du som syklist vikeplikt om ein veg kryssar sykkelvegen
- Du har lov til å sykle forbi bilar på høgresida, men husk at du kan vere vanskeleg å sjå og pass på at du har nok plass.
- Du må ha raud refleks bak på sykkelen, og kvit eller gul refleks på pedalane eller pedalarmane. Når det er mørkt skal du ha kvitt eller gult lys framme og raudt lys bak. Du skal ha signalklokke på sykkelen.
- Forøvrig kjem vi alle langt med allminneleg folkeskikk og ved å ta omsyn til kvarandre. Slepp bilistane forbi når du kan og det er trygt.
Korleis få fleire til å bruke sykkel i Tromsø?
Det er mykje vi kan gjere for å auke sykkelbruken i Tromsø. Det vil vi gjerne fordi det er godt for folkehelsa, det er miljøvenleg og det minkar belastninga på vegane, det blir betre plass for dei som må bruke bilen.
Nokre gode tiltak:
- Langs hovudvegane må vi slutte med kombinerte gang- og sykkelvegar. Det er viktig å skille gåande og syklande, både for at syklistane skal kunne halde godt fart og for å unngå påkøyringar etc. Sykkelveg med fortau er ei god løysning. Eg synst det er mykje fornuftig i det kartet som ligg i forslaget til kommuneplan.
- Langs dei viktigaste gang- og sykkelvegane bør bilistane få vikeplikt for syklande der vegen kryssar sykkelvegen. Det gjeld i alle fall langs Kvaløyvegen, i Scandickrysset og FV 862 på Kvaløya (har den vegen eit namn?)
- Trafikkøyer som syklande skal krysse må ikkje ha høge kantsteinar som gjer det vanskeleg å komme fram.
- God sykkelparkering i Sentrum, helst under tak. Eit sykkelparkeringshus hadde vore fint.
- Skiltinga må bli betre og det må skiltast direkte for syklande. Du skal tidvis vere godt kjent for å vite kor det er lurt å sykle.
- Misvisande skilting må endrast. I undergangen på Jekta er det skilta med at det skal vere sykkelfelt. Det sykkelfeltet finst ikkje.
- Vintervedlikhaldet og fjerning av strøsand om vårane på sykkelvegane må bli betre.
- Mange klagar over dårlege vegar og dårleg asfalt på vegane i Tromsø. Dessverre er det alt for ofte like ille, om ikkje verre på sykkelvegane. Du merkar det svært godt på sykkelen og er ein av grunnane til at mange syklar i vegen også der det finst sykkelvegar.
- Tilrettelegging for sykling i marka er fantastisk. Lysløypa er ein kjempefin sykkelveg sommarstid og delar av vinteren. Vi treng fleire snarvegar. Men, husk å vis omsyn til dei som går eller bruker ski på dei same stiane.
- Også burde det vere momsfritak for el-sykkel slik det er for el-bil. El-sykkel er fantastisk i ein bakkete by som Tromsø.
Fantastisk jobb du har gjort med å klargjere dette!
Bra innlegg og gode synspunkt!
Takk, Steinar