SV garanterer at det ikkje blir søndagsopne butikkar i Tromsø

Rundt 5000 personar jobbar i varehandelen i Tromsø. Dersom det blir vedtatt søndagsopne butikkar kan mange av desse miste ein kviledag i veka og miste ein dag saman med familien. Det vil SV hindre. Det blir ikkje det same å ha fri på ein onsdag når ungane er på skolen og venane dine er på jobb.

Eit av dei forslaga som blir diskuterte er at kommunane sjølv skal få avgjere om det skal vere søndagsopne butikkar. Om høgreregjeringa saman med Venstre vedtar dette vil SV vere garantist for at søndagsopning ikkje blir innført i Tromsø.

Vi treng ein dag der så mange som mogleg har fri samtidig. Nokre må sjølvsagt jobbe på søndagar, men det bør avgrensast til arbeid som er heilt naudsynt blir gjort. Det er viktigare med ein dag saman med familie, ein dag der vi kan delta på idrettsarrangement og kultur enn at vi kan handle klede og mjølk. Det klarer vi dei andre seks dagane i veka.

Lovendringa kan tvinge fram søndagsåpent. Det vil ikkje vere lett for kvar enkelt butikkeigar å velje å halde søndagsstengt dersom konkurrentane har opent. I kjøpesentra vil det vere senterleiinga som avgjer når butikkane skal vere opne. Ei utvikling i retning av søndagsopne butikkar vil òg få konsekvensar for andre arbeidstakargrupper. Det vil blant anna auke behov for reinhald, vakt-tenester, hyppigare kollektivtransportavgangar og opne barnehagar på søndagane.

Resultatet vil vere at store grupper som no har normalarbeidsveke vil måtte til å jobbe turnus.

SV vil at vi framleis skal ha ein felles fridag i veka.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.