Økonomirapport 1 – byrådet styrer mot underskott i Tromsø

Eg har vanskar for å sjå for meg ei overskrift som er mindre eigna til å trekke folk til å lese denne bloggen. Det får så vere, for bak denne overskrifta er det skjult at byrådet i Tromsø ikkje har kontroll på økonomien i byen. Rapporten viser at vi stevner mot eit underskott på 70 300 000. altså meir en sytti millionar kroner. Eg huskar godt argumenatsjonen frå politikarane i Høgre og Arbeidarpartiet då dei innførte byrådsmodellen i Tromsø. No skal det bli betre kontroll! No vil vi sørge for at budsjetta blir halde! Ja, særleg. Vi brukar altså 10 til 15 millionar kroner i året på eit politisk styringssystem som ikkje klarer å styre.

Eg skal på ingen måte påstå at økonomien i Tromsø hadde vore i balanse om vi hadde hatt ein annan og billigare styringsmodell, men det ville hjelpt på. Det viktigaste er likevel at høgresida som styrer i Tromsø er meir opptatt av å privatisere og konkurranseutsette enn å drive dei kommunale tenestene godt.

Det siste sprellet dei har funne på er at dei skal privatisere kantinedrifta på rådhuset (no får eg sikkert kjeft for å bruke ordet privatisere, byrådet meiner det heiter konkurranseutsetting. Av ein eller annan grunn trur dei det er betre.). Dei gjer ikkje dette fordi dei er misfornøyde med drifta, eller fordi dei skal spare så mykje pengar. Dei gjer det fordi høgresida tenkjer at det er noko høgverdig over privat drift, medan det er noko gamaldags over kommunal drift. Så med denne bakgrunnen skaper dei utryggleik for dei to som jobbar i kantina. Dei reduserer arbeidsgleda og dermed effektiviteten i kantina og i heile organisasjonen. Det er klart det spreier seg ein tanke i kommunen om kven som er neste. Kven som vil kunne miste pensjon, og kven som vil kunne miste jobben. Det er direkte underleg at byrådet ikkje skjønner at dette er medvirkande til dårlegare drift og kanskje indirekte og medvirkande til underskotta.

Vi treng eit styre i Tromsø til hausten som er opptatt av å drive kommunen godt – vi treng SV

 

Ein liten detalj

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker skriv i eit innlegg i Nordlys på laurdag “Her i Nord-Norge har DERE...”

Det er sjølvsagt ein detalj at fiskeriministeren frå Nord-Noreg og den komande fylkesmannen i Troms ikkje seier vi, men “dere” om Nord-Noreg. Men, det er ikkje ein ubetydeleg detalj. Det tok ikkje lang tid i statsrådsstolen før Aspaker altså slutta å sjå seg som ein del av den landsdelen ho kjem frå. Ein minister skal sjølvsagt ha ein nasjonal ståstad, det betyr ikkje at ho kan glømme kor ho kjem frå.

Men, dette er symptomatisk for den politikken som høgreregjeringa fører. Det er konsekvent dårleg politikk for Nord-Noreg. Det er kutt i kommune- og fylkesøkonomi som rammar distrikta og Nord-Noreg hardast og ein fiskeripolitikk som undergrev kystsamfunna.

Dette gjer meg bekymra for behandlinga av Tveteråsutvalet si innstilling. Her skal Aspaker ta stilling til kven som skal forvalte og eige verdiane langs kysten vår. Når ho ikkje lenger ser seg sjølv som ein nordlending, kan vi då forvente beslutningar som er gode for Nord-Noreg?

Lage bjørkesevjesirup

Heilt sidan eg som 10-12 åring leste «Det lille huset i skogen» så har eg hatt lyst til å prøve å lage sirup. Det er ei fantastisk scene i denne boka om korleis dei tømmer varm lønnesirup rett på snøen slik at det blir sukkertøy av det. (Det er i alle fall slik eg hugsar det, det treng ikkej å stemme med boka). Uansett, eg innsåg tidleg at det er lite lønn å tappe sirup av både i Lofoten og i Tromsø, men på eit eller anna tidspunkt gjekk det opp for meg at det skal gå an å lage sirup av bjørkesevje. Det  har tatt nokre år, men i år har eg endeleg prøvd meg.

Prosessen er ganske enkel. Du borar eit hol i ei bjørk, stikk noko inn for å tappe sevja. Tar sevja inn og koker til det har blitt sirup.

Eg brukte ein 10mm bor, bora ca to cm inn i treet og stakk inn heverten min.

Eg hadde tidlegare bora eit tilsvarande hol i korka til ei halvannaliters brusflaske slik at eg kunne stikke den andre enden av heverten inn der.

I løpet av eit drøyt døgn hadde eg skaffa meg litt over tre liter bjørkesevje.

I følgje det store internettet kan ein tappe fem liter av ei stor bjørk utan å skade treet. Dette fordelte eg på to ganske store tre så det burde ikkje vere noko fare for trea. Det er viktig å plugge hola i trea når du er ferdig å tappe slik at dei ikkje held fram med å blø.

Så er det å koke sevja. Igjen, i følgje internett og google skal bjørkesevje innehalde ca 13 gram sukker per liter. Sirup er som vi veit ganske mykje søtare enn som så, så sevja må kokast lenge. Veldig lenge. 20 liter sevje skal visstnok bli ein halv liter sirup. Eg kokte mine drøye tre liter inn til omtrent 1,5 desiliter. Då såg det slik ut.

Vart det godt. Ja det synst eg. Sirupen var blitt søt, men ikkje særleg klissete. Eg trur eigentleg eg burde kokt den inn enno litt meir. Smaken var søt med ein tøtsj av bjørkeskott. Absolutt verd å prøve seg på, men kanskje ikkje noko eg kjem til å gjere veldig mange gonger.

Glimt frå 1. mai i Tromsø 2015

Det var ein fantastisk dag i Tromsø. 2000 menneske i tog for ein meir solidarisk politikk i landet – og med strålande solkskin. Det er fleire enn på lang tid. Det kan knapt bli betre. 1. mai gjev energi til å stå på dei 19 vekene fram til valet.

SVs Ingrid Marie Kielland hadde ein fantastisk appell om solidaritetsbyen Tromsø. Det er ikkje utan grunn at fana med støtta til Syriske flyktningar var den som samla flest i toget. Samstundes er det ingen tvil om at mange kom til torget og til toget fordi dei er leie av konkurranseutsettinga og privatiseringa i Tromsø. Til hausten skal vi få eit nytt politisk fleirtal.

Og i kveld blir det fest!

Exit mobile version