Posisjonens manglande hukommelse

SV har foreslått i kommunestyret at kommunen skal låne ein milliard å bruke dette beløpet til å sette fart på bustadbygginga i Tromsø. Dette må Morskogen ha gløymt i sitt innlegg i Nordlys 27. juni. Eg skal ikkje halde det mot Morskogen at han har fortrengt dei mange gode forslaga SV har hatt i denne kommunestyreperioden. Men, dersom han skal kritisere oss bør han kanskje sjekke litt når hukommelsen er så selektiv?

I 2013 tok SV opp eit forslag om at kommunen skulle bygge bustader i Tromsø. Det gjorde vi fordi marknaden har svikta i Tromsø. Det blir bygd for lite og det blir bygd for dyrt. I Tromsø har husprisane stige mykje meir enn kostnaden ved å bygge eit hus. Nokon skummar fløyten av bustadmarknaden. Dessverre sa kommunestyret og gode Morskogen nei til å gjere noko med dette. SV foreslo at kommunen skulle ta opp eit lån på ein milliard for å bygge bustader som vanlege folk har råd til. Det ville monna i Tromsø.

I staden vel altså byrådet frå Frp, Høgre og Venstre å køpe bustader i dagens marknad. Det vil føre til at prisane i marknaden stig enno meir, slik at færre vil ha råd til eit skikkeleg husvere i Tromsø. Slik går det når ein har ei dogmatisk tru på at marknaden skal ordne opp.

Kommunen låner pengar billigare enn private utbyggarar, kommunen kan selge til kostpris, og kommunen har eit ansvar for at folk har bustad. Dersom kommunen på denne måten engasjerer seg i bustadmarknaden vil fleire kunne få rå til ein plass å bu, samstundes som kommunen får att pengane sine når bustadene blir selt.

Det blir og mindre rom for utbyggarar å profittere på bustadmangelen i byen.

Den einaste risikoen kommunen tar er at bustadene ikkje blir selt. Det reknar vi som lite sannsynleg.

Fordelen er ein sunnare og betre bustadmarknad i Tromsø. Kommunen har eit ansvar for å legge til rette for at folk kan skaffe seg ein plass å bu, om ansvaret ikkje er juridisk er det likevel ingen tvil om at det politiske ansvaret er der. Det ansvaret må vi manne oss opp og ta.

One Reply to “Posisjonens manglande hukommelse”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version