Sparing med bismak

Det er fint å spare pengar. Eg er alltid glad når eg får til å legge nokre kroner til side. Det er vi vel alle? Gleda hadde nok hatt ein bitter bismak dersom det eg sparte var pengar eg hadde tatt frå andre.

Det er nettopp dette byrådet frå Høgre, Frp og Venstre gjer når dei skal spare pengar i kommunen. Dei tar pengar frå dei som har tent dei for å spare. Byrådet er i gang med å privatisere ein fjerdedel av Fagrent og Rådhuskantina. Dette skal vi spare pengar på. Måten vi sparar på er gjennom å ta frå dei tilsette den pensjonen dei har rett til. Nordlys meldte den tredje juni at dei to som jobbar i kantina vil miste ein million kvar i pensjon. Det er sparing med ein svært bitter bismak. Eg tviler på at nokon ville gjort det same på privaten – fylt opp eigen sparekonto gjennom å ta frå naboen.

Tidlegare finansbyråd, Figenschou sa det svært så tydeleg og ganske så grelt i Nordlys sjette oktober i fjor:

— Dersom det blir et AS vil det kunne meldes inn i NHO og følge NHOs tariff. I og med at de ansatte dermed ikke lenger jobber i kommunen, men i et aksjeselskap, vil de kunne miste sin pensjonsordning Der har kommunen en mulighet til å spare penger, sier Figenschau.

Samtidig som dette skjer ser vi at gullpensjonar og store sluttpakkar regnar ned over ulike sjefar som har gjort ein dårleg jobb. Men, dei som har gjort ein god jobb, dei skal miste pensjonen. Forstå det den som kan.

SV går til val for å sørge for gode kommunale tenester. Det betyr at vi vil ta vare på dei tilsette i kommunen og gje dei gode arbeidsforhold. Slik kan vi utvikle kommunen, tenestene til innbyggarane og spare utan å ta frå folk pensjonen.

One Reply to “Sparing med bismak”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version