Politikk,Troms og Tromsø

Kor høgt skal vi bygge?

Reiser du til München er det ingen høghus i sentrum av byen, likeins i Paris og mange andre storbyar i verda. Ingen vil vel påstå at byar som München og Paris manglar urban kultur. Korfor skal då vi i Nordens Paris bygge så mykje høgare enn dei gjer i det eigentlege Paris?

Høge hus kan kanskje fungere godt i Hong kong, men er ikkje noko vi skal ønske oss for Tromsø. Foto: Wikimedia Commons/Brukar:Estial

Vi må ikkje glømme at vi bur på ”nesten 70 grader nord”. det som kjenneteiknar oss er at sola er lågt på himmelen mesteparten av året. Det betyr at skyggeverknaden av høghus er mykje større her enn i et ordentlege Paris. Eg veit ikkje om det berre er meg, men ofte lengtar eg etter sola her i Tromsø. Anten fordi ho har vore borte lenge eller fordi ho har vore gøymt bak tunge grå skyar. Når sola då endeleg dukkar opp vil eg sitte i solveggen, kanskje unne meg ein is eller ei pils, eg vil sjå på bylivet, på mennesker som går forbi og koser seg i den etterlengta varmen. Dersom høghusfantastane får det som dei vil kan vi nesten ikkje gjere dette. Sola slepp ikkje gjennom høghusa, sjølv når ho skin vil folk hutre forbi og ingen vil ha lyst til å sitte i skyggeveggen med ein is.

Vi kan ikkje lage oss slik at det er trivelegare inne på Jekta enn ute dei soldagane vi har.

Sola er livgjevande, korfor skal vi bygge slik at vi får mindre av ho?

I Tromsø har vi eit fenomen som heiter Balsfjordvinden. Vi er mange som er glad i Balsfjorden, det er færre som er glad i Balsfjordvinden. Vi kan ikkje i Tromsø unngå at det til tider blæs kald nordavind frå alle kantar. Men vi kan bygge slik at verknaden av vinden blir så liten som mogleg. Vi kan, om vi vil, designe byromma våre slik at vi skaper best mogleg mikroklima. Vi treng byrom som skjermar oss mot vinden og slepp inn varmen og lyset frå sola. Høghus er motsatsen til dette. Høghus “samlar” vinden, slepp han ned som fallvindar og gjer det utriveleg rundt desse husa.

Vi har mykje å lære i Tromsø, og då må vi lære av andre enn Manhattan. Manhattan kan ikkje vere målet på korleis vi skal bygge i Tromsø. Vi må vite kvar vi bur og bygge for det klimaet vi har. Vi må bygge med sola ikkje mot ho, vi må bygge mot vinden ikkje for vinden.

I Malmø har dei bygd ein ny bydel på eit gamalt industriområde. Dei har bygd eit høgt hus “The turning torso”. Rundt dette høghuset seier rapporten, er det lite folk og kalde vindar. Men resten av dette området er bygd lågt, men tett. Då ser vi eit yrande folkeliv, godt mikroklima i offentlege, halvoffentlege og private byrom. Det som gjer byen til ein slik spennande plass å bu. Erfaringar viser at folk, som bur i ganske låge hus, bruker byen sine uterom mykje meir enn dei som bur høgt opp i høghus. Og, det er det vi vil ha. Vi vil ha folk i gatene, på plassane, på torga. Då må vi bygge for det.

Vi skal nok bygge høghus i Tromsø. Men, vi kan ikkje bygge dei der dei øydelegg for byen. Vi må ikkje bygge høgast nærmast havet slik at alle mistar utsikta. Vi kan ikkje bygge høgt slik at viktige uterom blir kalde og utrivelege. Vi må bygge tett, med uterom som tar vare på dei få solstrålane vi får.

Det er ein urban by, det er ein god by, ein nordområdeby, det er ein by der folk møtes, der idear og tankar blir skapt.

 

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

 

Standard