Kven kan vi stole på når det gjeld Tromsømarka

Eg innrømmer det, eg har sjeldan vore så sint og sur som etter siste kommunestyremøte. Vedtaket om å ta store glefs av tromsømarka gjorde meg nedstemt på fleire måtar. For SV er det å ta vare på Tromsømarka heilt sentralt i politikken vår for Tromsø.

image

Vi brukar alle marka på ulikt vis. Fredag fekk eg prøve meg å ri saman med rideskolen. Det gav meg eit nytt perspektiv, før har eg både sykla og gådd ein del. Eg har plukka kantarell og eg har forsøkt å jogge litt (lunta er kanskje eit meir beskrivande ord). Poenget mitt er at marka blir brukt på så mange måtar. Alle er dei verdfulle og alle gjev det oss som brukar marka livskvalitet og livsglede. For oss i SV er nettopp det å ta vare på og utvikle det i Tromsø som gjev livsglede og livskvalitet og som ligg under heile politikken vår. Det er og ein av grunnane til at vi vil gå vidare med den satsinga vi har hatt på Tromsøya med marka og satse også på dei bynære friluftsområda på Kvaløya og på fastlandet.

Det gav meg derfor stor glede då Ap snudde og innsåg at dei hadde tatt feil med omsyn til Tromsømarka. Det betyr at dersom det blir fleirtal for venstresida i dette valet så kan vi garantere at Tromsømarka skal takast vare på og at framtidige reguleringsprosessar skal vere opne og demokratiske.

Vesntres Jonas Stein har vore svært høg og mørk etter kommunestyret sitt vedtak om Tromsømarka, og han gjorde ein god jobb med å få fram konsekvensane av vedtaket. Men der vår samarbeidpartnar, Ap har gått ut å beklaga, så har eg ikkje sett noko tilsvarande frå Høgre og Frp, som Venstre samarbeider med. Det er med andre ord langt frå sikkert at dette vedtaket blir omgjort om høgresida vinn. Det er berre ein sikker stemme for å ta vare på tromsømarka, det er det grønne partiet på venstresida – SV .

Kupp i Tromsø!

Det var ei underleg forestilling i byutviklingskomiteen i Tromsø i går. Høgre og Frp gjorde sitt aller beste for å kuppe ei av dei aller viktigaste beslutningane vi skal ta i Tromsø framover.

Same dagen som vegvesenet la fram sitt faglege råd for kvar den nye Kvaløyforbindelsen skal gå gjekk Frp og Høgre inn for å vedta plasseringa av den nye traseen. Dei vil altså at dette skal bli avgjort allereie i kommunestyret på komande onsdag utan at folk i Tromsø skal få tid til ein skikkeleg diskusjon om kva som er den beste løysninga for Tromsø og Kvaløya. Det dei foreslår er minst to milliardar dyrare enn brualternativet. To milliardar som sannsynlegvis må betalast av billistane i Tromsø. Sanneleg har Frp og Høgre god råd på andre sine vegne.

Dette kan knappast kallast anna enn eit kupp, og vil vere med på å gje det borgarlege byrådet eit endå tristare ettermæle.

Eg har sans for Vegvesenet sitt framlegg om ei ny bru. Det vil opne for at vi kan tilrettelegge godt for kollektivtrafikk og sykkel. Kanskje burde minst eit felt på ei av bruene bli kollektivfelt. Det vil vere med på å gje ein viktig fordel for bussen og sørgje for at bussen kjem raskt fram. Men, det kan vere gode argument mot som må fram. Vi treng denne diskusjonen no, slik at ikkje Kvaløyforbindelsen blir ei ny E8-sak.

Her kan du sjå vegvesenet sin presentasjon av sitt alternativ.

Hjernen er ikkje aleine

Læring er meir enn teori. Skal du verkeleg lære trengst samhandling mellom hovud og hender. Derfor er dei praktisk-estetiske faga sentrale for god læring i skolen. Den store satsinga som har vore på basisfaga i norsk skole har kanskje vore viktig, men dessverre kan det sjå ut som norsk skole har pendla over i ei ganske teoritung grøft.

Eg trur vi treng å gå midt på vegen. Der det er plass til både teorifaga og dei praktiske faga. Då blir læringa best. Eg merkar det tydeleg på eigne ungar. Den store gleden dei har over timane med Kunst og Handverk og kroppsøving gjer resten av skoledagen lettare og konsentrasjoen betre. Det trur eg gjeld for mange.

Derfor vil SV i Tromsø satse meir på dei praktisk-estetiske faga i tromsøskolen. Det er ikkje nok berre med fleire lærarar. Vi treng ein skole med blanding av ulike måtar å lære på. Det får vi til med SV sitt forslag om tromsøtimen. Ein time meir i veka til praktisk-estetiske fag. Vi meiner det må fridom i skolen til å disponere denne timen. For nokre klassar og skolar kan det vere rett å bruke timen til å dele klassen i mindre grupper for å kunne ha god sløydundervisning. Andre stader kan det vere rett å gje ungane ein time meir kroppsøving i veka, andre stader skal det stå musikk på programmet.

Ei satsing på dei praktisk-estetiske faga vil og styrke elevane si evne til å kunne gjere seg nytte av god undervisning i basisfaga som matte og norsk. Læringstrykket er stort i skolen i dag – sannsynlegvis mykje større enn då eg gjekk på grunnskolen på åttitalet. Dersom elevane skal kunne utnytte dette læringstrykket må vi la dei ta heile kroppen i bruk. Derfor treng vi ein tromsøtime i praktisk-estetiske fag.

Forandring kjem ikkje av seg sjølv – stem SV