Kupp i Tromsø!

Det var ei underleg forestilling i byutviklingskomiteen i Tromsø i går. Høgre og Frp gjorde sitt aller beste for å kuppe ei av dei aller viktigaste beslutningane vi skal ta i Tromsø framover.

Same dagen som vegvesenet la fram sitt faglege råd for kvar den nye Kvaløyforbindelsen skal gå gjekk Frp og Høgre inn for å vedta plasseringa av den nye traseen. Dei vil altså at dette skal bli avgjort allereie i kommunestyret på komande onsdag utan at folk i Tromsø skal få tid til ein skikkeleg diskusjon om kva som er den beste løysninga for Tromsø og Kvaløya. Det dei foreslår er minst to milliardar dyrare enn brualternativet. To milliardar som sannsynlegvis må betalast av billistane i Tromsø. Sanneleg har Frp og Høgre god råd på andre sine vegne.

Dette kan knappast kallast anna enn eit kupp, og vil vere med på å gje det borgarlege byrådet eit endå tristare ettermæle.

Eg har sans for Vegvesenet sitt framlegg om ei ny bru. Det vil opne for at vi kan tilrettelegge godt for kollektivtrafikk og sykkel. Kanskje burde minst eit felt på ei av bruene bli kollektivfelt. Det vil vere med på å gje ein viktig fordel for bussen og sørgje for at bussen kjem raskt fram. Men, det kan vere gode argument mot som må fram. Vi treng denne diskusjonen no, slik at ikkje Kvaløyforbindelsen blir ei ny E8-sak.

Her kan du sjå vegvesenet sin presentasjon av sitt alternativ.

3 Replies to “Kupp i Tromsø!”

  1. I eit 20-årsperspektiv tykkjer eg Vegvesenet sitt forslag er rett. I eit 50-årsperspektiv er eg meir i tvil, men kanskje av andre grunnar enn Høgre og Framstegspartiet. Om 50 år KAN ikkje lenger flyplassen liggja på Tromsøya, og prosessen med å flytta han må påbyrjast no. I mine (lekmanns)auge peiker høgdedraget over Tisnes/Larseng seg ut som staden der ein ny flyplass kan liggja, men for at denne framleis skal vera i kort avstand til byen, trengst det eit vegsamband direkte frå Tromsøya til Marislett. Ein ny kvaløyaforbindelse no om Håkøya kan vera det første (og lengste) steget på eit slikt samband.

    I eit 50-årsperspektiv vil vi også ha tog til Tromsø, og jarnbanen bør komma sørfrå i rett linje frå Olsborg/Aursfjord over Malangen via Kvaløya: Endestoggen kan godt vera der flyplassen ligg no! Og eit nytt vegsamband langs same linje (med bru over Målselva ved Karlstad) kan godt komma også – det vil halvera reisetida frå Finnsnes og Målselv til Tromsø. Trur eg! (Sorry, Nordkjosbotn!)

    Det kan henda at vi bør halda på 20-årsperspektivet. Det kan òg henda at 2 milliardar no vil svara seg i det lengre perspektivet.

    1. Gode og relevante innspel, Øystein. Eg trur ikkje ein tunell vi bygger for bilar no vil kunne brukast av jernbanen i framtida. Eg trur og ein tunell til Håkøya vil føre til ei større byspreiing, meir bilbruk og mindre kollektivbruk enn bruframlegget. Samstundes er dei store areale rundt Håkøybotn/Tisnes freistande å ta i bruk for bustadbygging. Det er gode argument for tunell til Håkøya, men foreløpig ikkje gode nok for meg.

      Men, hovudpoenget mitt er at denne debatten bør vi bruke litt tid på no. Vi kan ikkje fastsette kva alternativ vi skal gå for i løpet av ei veke.

  2. PS! Omtrent slik kan jarnbane + vegsamband til Tromsø komma inn sørfrå https://pbs.twimg.com/media/CFZgL6lWMAEtf6P.jpg

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.