Gode og relevante innspel, Øystein. Eg trur ikkje ein tunell vi bygger for bilar no vil kunne brukast av jernbanen i framtida. Eg trur og ein tunell til Håkøya vil føre til ei større byspreiing, meir bilbruk og mindre kollektivbruk enn bruframlegget. Samstundes er dei store areale rundt Håkøybotn/Tisnes freistande å ta i bruk for bustadbygging. Det er gode argument for tunell til Håkøya, men foreløpig ikkje gode nok for meg.

Men, hovudpoenget mitt er at denne debatten bør vi bruke litt tid på no. Vi kan ikkje fastsette kva alternativ vi skal gå for i løpet av ei veke.