Fleire medlemmar til fagforeiningane eller betre tenester til folk?

Det aller raraste utspelet i sist kommunestyre kom frå Venstres Jonas Stein. Han klarte å seie i fullt alvor får vi tru, at SV saman med Ap og Raudt vil ha fleire lærarar i skolen fordi det vil gje fagforeiningane fleire medlemmar. Men, dette var berre ei rad med utsagn frå den kanten som rakka ned på fagforeiningane og dei tilsette i kommunen. 

I denne videoen på ca 40 sekund har eg samla dei verste.

Du kan sjå heile innlegget til Stein på Tromsø kommune sine nettsider, om du er redd for at eg heilt har klipt sund samanhengen (ca eitt minutt inn i klippet).

Kanskje er det ikkje så rart at Tromsø kommune blir karakterisert som eit konkursbu (betallenke til Nordlys), når tidlegare finansbyråd Stein har så lite tiltru til dei ansatte. Eg trur at dei aller aller fleste av oss ønsker å gjere ein god jobb, ønsker å vere effektive. Men skal vi få det til er vi avhengige av tillit til at dei ansatte gjer ein god jobb, at dei er effektive og bruker sin beste kunnskap i arbeidet. Eg er sikker på at den tillitsreformen som vi skal innføre i kommunen vil spare pengar. Tryggleik og tillit skaper trivsel og effektivitet. Og det trengst for vi overtar ein kommune som så langt i år ligg an til eit overforbruk på 75 millionar kroner.

Rett skal vere rett. Stein har moderert seg litt i ettertid. Eg la ut denne oppdateringa på mi facebookside:

«Ekstremt forundra over Jonas Stein i debatt i kommunestyret. Han hevdar at vi vil tilsette fleire lærarar fordi vi vil gje fagforeiningane fleire medlemmar. Det er eit utsagn som er så vanvittig at eg har problemar med å finne ord. Vi vil ha fleire hender i velferdstenestene og i skolen i Tromsø for å få betre tenester for folk flest i kommunen. Korfor skulle vi ellers ville det?»

Han svarte

«Mitt hovedpoeng var: 40 nye lærere koster ca 25 millioner kroner. Istedenfor å låse det til 40 lærerstillinger, mener jeg at man istedenfor burde bruke topp internasjonal skoleforskning på å se hvordan bruke 25 millioner kroner på å skape den best mulige utdanning for elevene i Tromsøskolen. Hva er det som gir best effekt?»

Då burde han snakka om det i staden for å raljere over fagforeiningane.

Uansett, eg er ganske nøgd med replikken min til Stein. Den kan du sjå her om du vil:

 

Tromsø kommune bruker 74 millionar meir enn planlagt

Økonomirapport 2 er overraskande nok eit ganske interessant dokument. Denne rapporten viser korleis det står til med økonomien i Tromsø kommune. Prognosen i raporten viser eit overforbruk på 74 millionar. Dette blir delvis berga inn gjennom at vi får 19,7 millionar mindre i renter og avdrag på lån og at dei frie inntektane stig med 10 millionar i følgje prognosen. Dette kjem på toppen av eit driftsunderskott på omtrent 84 milionar i fjor. Vi har med andre ord ei ganske stor utfordring med å få balanse i økonomien.

Det klarer vi nok ikkje på dei få månadene som står igjen av dette året, men det viser at det ikkje er plass til mykje frivolitet og laussluppen glede når budsjettet for neste år skal lagast.

Det gamle byrådet legg opp til at dei einingane som rapporterer avvik frå budsjettet i stor grad skal klare å spare inn dette på eigen hand i løpet av dei siste månadane. Basert på det skriv dei at dei reknar med balanse i rekneskapen. Eg håper dei har rett, men må innrømme at eg tviler på at det vil gå.

Dersom du skulle ha ein god ide for korleis kommunen skal spare pengar, så må du ikkje nøle med å seie frå. Sjølv tviler eg på at det finst nokon mirakelkur. Det vil nok handle om hardt arbeid over tid for å få det til. Vi klarer det nok ikkje i møtet i finanskomiteen i morgon.

Vi har starta på den jobben ved å seie nei til ytterlegare privatiseringar. Folk skal ha tryggleik for jobbar og pensjon i kommunen. Då er det enklare å bruke fagleg dugleik for å lage gode og effektive tenester for folk i kommunen – og å gjere det innafor budsjett.

Gratis, men berre om vi betaler

Det er flott med alt det fine gratisinnhaldet som finst på nett. Flinke folk brukar timar, engasjement, kunnskap og kreativitet for å skape gratis glede og lærdom til oss. Men, det er sjølvsagt ingen gratis lønsj der ute. Utan inntekter er det ingen som i lengda kan bruke tid og engasjement for å underhalde meg, eller lære meg nye ting. Derfor har eg lenge tenkt at det er på tide å betale litt for seg – i alle all for det eg verkeleg set pris på på nettet, og i dag gjorde eg det. Eg tok fram kredittkortet mitt og sendte ei lita gåve til nokre av dei eg gjerne vil skal halde fram med å skape på nett. Dei som fekk ei gåve hos meg i dag var:

  • Teikneserien «Stand Still Stay Silent» stod øvst på lista, men Minna tar ikkje mot donasjonar. Eg tenkte å kjøpe ein plakat for å støtte. 15 dollar kosta det. Greitt nok, men 15 dollar i porto vart i overkant. Får vente til ho ordnar ein måte å donere på. Det er ein vakker nettserie om verda 90 år etter ein pest nesten har utrydda menneskeslekta.
  • Podcasten «This American Life» er stor og får sikkert mykje støtte, men dei treng alltid meir. Daglegdagse og ikkje fult så daglegdagse historier frå USA (for det meste).
  • «Radiolab» er ein annan fantastisk podcast som lærer meg mykje. Historier i grenselandet mellom vitskap og kultur.
  • Open Democracy er ein nettstad som søker å vere ein digital allemenning. Gode artiklar om mange ulike tema.

Korfor skriv eg dette, jau fordi eg trur vi alle må bli flinkare til å betale litt for innhaldet på nett for at det framleis skal vere «gratis» og for at fleire skal få lyst til å skape til glede for oss alle.

Dessutan vil eg gjerne at du skal dele med oss nokre av dei gratistinga du bruker på nett og som fleire burde få glede av.