Det aller raraste utspelet i sist kommunestyre kom frå Venstres Jonas Stein. Han klarte å seie i fullt alvor får vi tru, at SV saman med Ap og Raudt vil ha fleire lærarar i skolen fordi det vil gje fagforeiningane fleire medlemmar. Men, dette var berre ei rad med utsagn frå den kanten som rakka ned på fagforeiningane og dei tilsette i kommunen.
I denne videoen på ca 40 sekund har eg samla dei verste.
Du kan sjå heile innlegget til Stein på Tromsø kommune sine nettsider, om du er redd for at eg heilt har klipt sund samanhengen (ca eitt minutt inn i klippet).
Kanskje er det ikkje så rart at Tromsø kommune blir karakterisert som eit konkursbu (betallenke til Nordlys), når tidlegare finansbyråd Stein har så lite tiltru til dei ansatte. Eg trur at dei aller aller fleste av oss ønsker å gjere ein god jobb, ønsker å vere effektive. Men skal vi få det til er vi avhengige av tillit til at dei ansatte gjer ein god jobb, at dei er effektive og bruker sin beste kunnskap i arbeidet. Eg er sikker på at den tillitsreformen som vi skal innføre i kommunen vil spare pengar. Tryggleik og tillit skaper trivsel og effektivitet. Og det trengst for vi overtar ein kommune som så langt i år ligg an til eit overforbruk på 75 millionar kroner.
Rett skal vere rett. Stein har moderert seg litt i ettertid. Eg la ut denne oppdateringa på mi facebookside:
«Ekstremt forundra over Jonas Stein i debatt i kommunestyret. Han hevdar at vi vil tilsette fleire lærarar fordi vi vil gje fagforeiningane fleire medlemmar. Det er eit utsagn som er så vanvittig at eg har problemar med å finne ord. Vi vil ha fleire hender i velferdstenestene og i skolen i Tromsø for å få betre tenester for folk flest i kommunen. Korfor skulle vi ellers ville det?»
Han svarte
«Mitt hovedpoeng var: 40 nye lærere koster ca 25 millioner kroner. Istedenfor å låse det til 40 lærerstillinger, mener jeg at man istedenfor burde bruke topp internasjonal skoleforskning på å se hvordan bruke 25 millioner kroner på å skape den best mulige utdanning for elevene i Tromsøskolen. Hva er det som gir best effekt?»
Då burde han snakka om det i staden for å raljere over fagforeiningane.
Uansett, eg er ganske nøgd med replikken min til Stein. Den kan du sjå her om du vil:
Vesst Jonas Stein meinte nåkka ainna enn det han sa, så skulle han heller ha sagt det da.
Jeg kjenner skamrødmen bre seg.
Bekjempelse av fagforeninger ser ut til å være en prioritert sak for han Stein.