Categories
Politikk Troms og Tromsø

Tromsø kommune bruker 74 millionar meir enn planlagt

Økonomirapport 2 er overraskande nok eit ganske interessant dokument. Denne rapporten viser korleis det står til med økonomien i Tromsø kommune. Prognosen i raporten viser eit overforbruk på 74 millionar. Dette blir delvis berga inn gjennom at vi får 19,7 millionar mindre i renter og avdrag på lån og at dei frie inntektane stig med 10 millionar i følgje prognosen. Dette kjem på toppen av eit driftsunderskott på omtrent 84 milionar i fjor. Vi har med andre ord ei ganske stor utfordring med å få balanse i økonomien.

Det klarer vi nok ikkje på dei få månadene som står igjen av dette året, men det viser at det ikkje er plass til mykje frivolitet og laussluppen glede når budsjettet for neste år skal lagast.

Det gamle byrådet legg opp til at dei einingane som rapporterer avvik frå budsjettet i stor grad skal klare å spare inn dette på eigen hand i løpet av dei siste månadane. Basert på det skriv dei at dei reknar med balanse i rekneskapen. Eg håper dei har rett, men må innrømme at eg tviler på at det vil gå.

Dersom du skulle ha ein god ide for korleis kommunen skal spare pengar, så må du ikkje nøle med å seie frå. Sjølv tviler eg på at det finst nokon mirakelkur. Det vil nok handle om hardt arbeid over tid for å få det til. Vi klarer det nok ikkje i møtet i finanskomiteen i morgon.

Vi har starta på den jobben ved å seie nei til ytterlegare privatiseringar. Folk skal ha tryggleik for jobbar og pensjon i kommunen. Då er det enklare å bruke fagleg dugleik for å lage gode og effektive tenester for folk i kommunen – og å gjere det innafor budsjett.

5 replies on “Tromsø kommune bruker 74 millionar meir enn planlagt”

Har ikkje sjekka kva den saka gjeld, men antar det handlar om å definere noko av det som heimetenesta gjer som noko anna enn sjukepleie slik at det gjer at kommunen kan ta betalt for tenesta?

Mi haldning er at vi politikarar ikkje skal bestemme kva som er sjukepleie og kva som er andre tenester. Det framstår for meg som typisk ei sak som skal overlatast til eit fagleg skjønn. Det vil vere i tråd med den tillitsreformen vi skal gjennomføre. Eg skal prøve å sjekke litt rundt saka. Om du ikkje høyrer noko frå meg i løpet av ei veke så får du purre på meg.

Svar

[…] Kanskje er det ikkje så rart at Tromsø kommune blir karakterisert som eit konkursbu (betallenke til Nordlys), når tidlegare finansbyråd Stein har så lite tiltru til dei ansatte. Eg trur at dei aller aller fleste av oss ønsker å gjere ein god jobb, ønsker å vere effektive. Men skal vi få det til er vi avhengige av tillit til at dei ansatte gjer ein god jobb, at dei er effektive og bruker sin beste kunnskap i arbeidet. Eg er sikker på at den tillitsreformen som vi skal innføre i kommunen vil spare pengar. Tryggleik og tillit skaper trivsel og effektivitet. Og det trengst for vi overtar ein kommune som så langt i år ligg an til eit overforbruk på 75 millionar kroner. […]

Leave a Reply to Fleire medlemmar til fagforeiningane eller betre tenester til folk? - Eit stykkje av verda Cancel reply