Tøffe menn og søte kvinner sel superundertøy

Jenter er søte og guttar er tøffe. Og slik skal det kanskje vere? I allefall dersom vi skal tru reklamen. I dag sat eg og bladde i ei reklameavis for diverse sportsutstyr. Mellom anna sel dei ullundertøy, og det treng vi jo alle no når det straks er vinter. Eg veit ikkje kor stor samfunnsmessig betydning det har at sportskjeder vel svært ulike måtar å framstille kvinner og menn på, men det var ganske slåande.

Eg la først merke til dette bildet:

Ein ganske tydeleg skilnad på korleis kvinner og menn blir framstilt. Er det å ta i å seie at mannen ser ut til å skulle ut på tur, kanskje klatre eit bratt fjell, medan kvinne sit heime på hytta og ventar på han?

I alle fall eg blar eit par sider til i reklameavisa.

Han er kanskje komen heim frå turen og ho, ho er koseleg og pen.

Litt meir sporty dame denne gongen, men framleis ikkje nokon tvil om kven som er klar for tøffe utfordringar?

Igjen, nokre er søte og andre er tøffe. Mannen får superundertøy til trening, kvinna får halde seg tørr og kløfri.

Han stirer inn i framtida, ho ser blygt ned.

 

Eg skal vere forsiktig med å trekke store slutningar av eit reklameblad, men eg kan ikkje fri meg frå ein tanke. I diskusjonen om asylsøkjarar er det mykje snakk om at dei har eit heilt anna kvinnesyn enn oss. Dei er ikkje opptatt av likestilling som vi er. Det er nok som oftast rett. Og, eg skal ikkje samanlikne eit bilde i eit blad med kvinneundertrykkinga i Saudi-Arabi, Iran eller andre stader, men eg trur vi har eit stykkje igjen på likestillingsfronten også i Noreg.

Eit nødvendig budsjett

Byrådet legg i dag fram sitt framlegg til kommunebudsjett for 2016. Budsjettet inneheld både gode og dårlege nyheiter. Den verkeleg gode nyheita er at vi styrker skoleramma og tilset ti nye lærarar. For SV har nettopp det å styrke skolen vore det aller viktigaste.

Byrådet gjer eit nødvendig grep med å auke eigedomsskatten

Dessverre vil vi måtte auke eigedomsskatten i dette budsjettet. Vi arvar ein økonomi med store underskott. For å kunne klare å både spare inn dette overforbruket og halde fram å tilby gode tenester til innbyggarane må vi dessverre auke skatten. Det er leit, men nødvendig. I 2015 vil kommunen ha eit overforbruk på 100 millionar. Det må vi ta inn over dei neste to åra, samstundes med at vi må drive betre og meir effektivt. Det skal vi klare saman med dei tilsette og fagforeiningane. Vi trur eit godt samarbeid med og tillit til dei tilsette vil gjere dette mogleg.

Eg trur ikkje det er nokon som mottar kravet om eigedomsskatt med mykje glede. Eg er ein av dei som ikkje betaler skatt med glede, men eg betaler med ein forståelse av at det er dette som må til for gode velferdstenester, gode skolar til ungane våre, og gode tenester til dei som treng litt hjelp i ein vanskeleg periode.

Men nettopp fordi vi no må auke skatten (eg håper og trur vi kan sette den ned igjen når underskottet er betalt) er det viktig at kommuneleiinga går i front i ein vanskeleg situasjon. Sjølv om det ikkje betyr svært mykje for den totale kommuneøkonomien så meiner Tromsø SV at det er rett å redusere lønningane til politikarane no. Medlemsmøtet vårt var klart, skal skattene opp må lønningane ned.

Når vi får avskaffa parlamentarismen til sommaren vil også den totale kostnaden til politikarar gå ned i Tromsø. Det ser vi fram til.

Foto av Marius Fiskum/Tromsø kommune.

Rar meiningsmåling i Nordlys

Nordlys presenterer i dag meiningsmålinger av kva det norske folk meiner om asylpolitikken. Eller, det gjer dei eigentleg ikkje. I alle fall eitt av spørsmåla er slik at eg er ganske sikker på at det ikkje kjem fram kva folk meiner.

La oss ta dette eksempel. Nordlys spør: «Bør asylbestemmelsene i Norge strammes inn slik at det blir vanskeligere å få opphold, eller bør de bli mer liberale?» Spørsmålet er kanskje greitt nok, men svaralternativa er rare. Du kan altså svare ja, nei eller veit ikkje. Men, det er ikkje mogleg å svare at du er nøgd med dagens ordning. Det er ikkje sikkert det er mange som er nøgde med dagens politikk, men at ikkje alternativet er der er merkeleg. Det er med på å unødig polarisere debatten.

Forøvrig er eg stolt over veljarane til SV. Eit stort fleirtal av dei SV-veljarane som har svart i undersøkjinga seier at dei ikkje vil stenge grensa mellom Noreg og Russland. Det vil vere eit stort tilbakesteg for samarbeidet i nord om det skulle skje.

SV og Frp er motpolane. Kjelde: Nordlys

Eg synst ordføraren i Sør-Varanger, Rune Rafaelsen seier det godt her (les forøvrig heile kronikken, den er god):

En grensestenging kan føre til ukontrollerte grensepasseringer. Vi kan bare forestille oss mulige scenarioer slike forsøk på passeringer kan få i minus 30 grader. Vi kan ikke tillate at vårt nærområde blir et nytt Middelhav.

Noko anna er at vi sjølvsagt må oppskalere mottakssystemet slik at dei som ikkje skal ha asyl i Noreg blir sendt raskt tilbake, kanskje til og med skal bli avvist på grensa.

 

 

 

Kjensla av at vi manglar kontroll med flyktningepolitikken

Eg har ei sterk kjensle av at norske styresmakter manglar kontroll over det som skjer med mengden asylsøkjarar i Noreg. Dersom vi føler at styresmaktene manglar kontroll med flyktningepolitikken får vi og for ei kjensle av å bli oversvømt. Dersom det får festa seg ei kjensle av at vi bli oversvømt kan vi for komme i ein vanskeleg situasjon.

Grensa mellom Russland og Noreg har blitt ei utfordring. Her utan syklar.

Eg meiner vi skal ha ein liberal asylpolitikk. Eg meiner nok at vi skal ta mot fleire enn det fleirtalet i Noreg meiner er rett. Derfor skremmer dagens situasjon meg. Når vi får oppslag i avisene av typen:

Kapasiteten er sprengt hos politiet og ved sykehuset i Øst-Finnmark. Nå sendes det til og med busser med asylsøkere langs E6 uten at sjåføren vet hvor de skal.

Denne kjensla av å bli oversvømt, av at vi ikkje har kontroll er farleg. Då er det kort veg til kommentarar som denne i kommentarfeltet hos nordnorskdebatt:

Det er ikke en folkevanding, det er en invasjon.

Det kan fort gå rask nedover i debatten frå denne typen utsegner. Derfor er det skummelt at det framstår i nasjonale media som om dei sentrale politikarane våre er handlingslamma. Eg ønsker meg nokon som står fram og tydeleg seier at dette kan vi handtere. Dette har vi beredskap for. Og deretter handlar for å vise nettopp at vi har kontroll. Dersom Noreg skal vere eit liberalt land, der dei som har behov for vern faktisk får vern så treng vi å sjå at styresmaktene våre har kontroll.

Og, dersom vi faktisk ikkje har kontroll, då har vi eit stort problem.

Då får vi innlegg av denne typen:

Kjære Erna Solberg! Er du statsminister eller er du bare en som tar ordre fra andre og kun er en som administrerer for landets undergang? Er denne regjeringa din satt fullstendig sjakk matt? Skal dere bare sitte der og se på at landet voldtas og raseres? Tenker dere ikke på vårt eget folks sikkerhet? Og hvorfor blir ikke grensa stengt?

Dette ser meget farlig ut, og det enste som nå kan redde oss er en eller flere hendelser som vekker folket. Alt annet ser ut til å være nytteløst, der det norskefolk ikke engang får opplysning om hva som foregår i sitt eget land. Enhver ser jo at dette kan IKKE fortsette!

Det er mange ting å reagere på i desse to korte avsnitta. Spørsmålet om Solberg styrer eller er ein marionett for andre er jo typisk konspirasjonsteori. Før var det jødane som stod bak og styrte i denne typen teoriar, kven det er no kjem ikkje klart fram. Vidare blir det vist til «hendelser som vekker folket». Eg veit ikkje om eg skal utbrodere, la meg nøye meg med å seie at eg ikkje liker dei assosisjonane eg får.

Vi treng no politisk leiarskap. Vi treng å ta grep for å kunne gje hjelp til dei som faktisk treng hjelp. Vi treng at vi kan stole på at styresmaktene har kontroll.

Korfor har ikkje Erna Solberg reist til Storskog?

Korfor tar ikkje Noreg internasjonale initiativ?

Korfor snakkar vi ikkje med Russland på høgt nivå?

Dette skulle eg likt å visst.

Bildelisens: «Storskog Grenze» av Clemensfranz – Eige arbeid. Lisensiert under CC BY 3.0 gjennom Wikimedia Commons – https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Storskog_Grenze.jpg#/media/File:Storskog_Grenze.jpg

Exit mobile version