Eit nødvendig budsjett

Byrådet legg i dag fram sitt framlegg til kommunebudsjett for 2016. Budsjettet inneheld både gode og dårlege nyheiter. Den verkeleg gode nyheita er at vi styrker skoleramma og tilset ti nye lærarar. For SV har nettopp det å styrke skolen vore det aller viktigaste.

Byrådet gjer eit nødvendig grep med å auke eigedomsskatten

Dessverre vil vi måtte auke eigedomsskatten i dette budsjettet. Vi arvar ein økonomi med store underskott. For å kunne klare å både spare inn dette overforbruket og halde fram å tilby gode tenester til innbyggarane må vi dessverre auke skatten. Det er leit, men nødvendig. I 2015 vil kommunen ha eit overforbruk på 100 millionar. Det må vi ta inn over dei neste to åra, samstundes med at vi må drive betre og meir effektivt. Det skal vi klare saman med dei tilsette og fagforeiningane. Vi trur eit godt samarbeid med og tillit til dei tilsette vil gjere dette mogleg.

Eg trur ikkje det er nokon som mottar kravet om eigedomsskatt med mykje glede. Eg er ein av dei som ikkje betaler skatt med glede, men eg betaler med ein forståelse av at det er dette som må til for gode velferdstenester, gode skolar til ungane våre, og gode tenester til dei som treng litt hjelp i ein vanskeleg periode.

Men nettopp fordi vi no må auke skatten (eg håper og trur vi kan sette den ned igjen når underskottet er betalt) er det viktig at kommuneleiinga går i front i ein vanskeleg situasjon. Sjølv om det ikkje betyr svært mykje for den totale kommuneøkonomien så meiner Tromsø SV at det er rett å redusere lønningane til politikarane no. Medlemsmøtet vårt var klart, skal skattene opp må lønningane ned.

Når vi får avskaffa parlamentarismen til sommaren vil også den totale kostnaden til politikarar gå ned i Tromsø. Det ser vi fram til.

Foto av Marius Fiskum/Tromsø kommune.

One Reply to “Eit nødvendig budsjett”

  1. liv marie austrem sa:

    Bra jobba.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version