Får parisavtalen konsekvensar i Nordens Paris?

Takk og lov. Nyheitene frå Paris var mykje betre denne gongen enn sist. Det er fantastisk at det er blitt global einigheit om ein klimaavtale – parisavtalen. Så kunne vi ønska oss noko enno sterkare, men dette er eit steg i rett retning. Så er spørsmålet, kva vil dette bety for oss i Tromsø, Nordens Paris?

Eg er heilt sikker på at det må bety at vi må skjerpe ambisjonane våre om å få ned våre eigne bidrag til klimaendringane. Tida er forbi då vi kunne seie at det ikkje betyr noko fordi vi er så små. No er Kina, USA og India med, då må vi gjere vårt.

Eg har ikkje funne gode tal for utslepp av klimagassar i Tromsø, men tala for Troms ser du i tabellen (kjelde SSB). Den viser tonn CO2 ekvivalentar utslepp til luft. Dersom nokon har gode tal for Tromsø, så sei i frå!

2009 2013 Prosent av utslepp i 2013
Alle kilder 753 895
Industri og liknande 201 313 34,97
Oppvarming i andre næringer og husholdninger 61 70 7,82
Veitrafikk 283 287 32,07
Dieseldrevne motorredskaper 36 63 7,04
Jordbruk 134 126 14,08
Avfallsdeponigass 31 31 3,46
Avløp og avløpsrensing 6 6 0,67
Folketal
Utslipp per innbygger i 2009 156494 4,81
Utslipp per innbygger i 2013 162050 5,52

I Tromsø har vi lite industri. Det betyr at den totalt dominerande kjelda til klimagassutslepp i kommunen vår vil vere vegtrafikken. Vi ser at i Troms utgjer vegtrafikken 32 prosent av alle utslepp, i Tromsø tippar eg det vil vere godt over 50 prosent av alle utslepp som kjem frå vegtrafikken. Det betyr at vi ikkje kjem unna å redusere trafikken dersom vi skal gjere vårt for å oppfylle den globale avtalen frå Paris. Og, vi skal vel ta vår del av det globale ansvaret?

Det vil måtte bety at vi må gjere drastiske grep for å få ned biltrafikken i Tromsø. Dagens mål er at all framtidig vekst i trafikken skal takast gjennom kollektiv, gange og sykkel. Det er ikkje nok, vi må redusere utsleppa frå dagens trafikk. Noko av dette kan vi kanskje løyse gjennom el-bilar og slikt. Eg trur likevel ikkje vi kjem utanom begrensningar på biltrafikken i Tromsø.

Det store diskusjonstemaet blir korleis skal vi gjere det. Er det nok å tilby betre vintervedlikehald av gang og sykkelvegar og eit betre busstilbod, eller må vi innføre ei eller anna form for avgift på bilkøyring. Eg trur at vi vil trenge både gulrot og pisk, men vi må sørgje for at gulrota er så god at folk faktisk kan velje bort bilen og at det ikkje blir eit sttort offer i kvardagen.

Mykje handlar om enkle ting som vaner vi legg oss til. Det er enkelt å ta bilen sjølv på korte turar. Likevel handlar det aller mest om korleis vi planlegg byen. Det må vere korte avstandar til det meste om det skal bli mogleg å la bilen stå i garasjen mesteparten av tida.

Kanskje er parisavtalen dårleg nytt for bilbaserte kjøpesenter som Jekta? Vil vi handle meir av maten innafor gangavstand i framtida? Eg trur det, for vi må redusere den daglege køyringa, til jobb, til butikk, til trening og til skole. Då må vi nok og organisere ting litt annleis enn vi har gjort til no. Eg trur det er mogleg, eg trur til og med at livet kan bli betre av det.

Kva trur du?

 

Små, men viktige endringar i budsjettet for Tromsø

Å skulle vere med å lage budsjett for Tromsø kommune i år er ikkje det artigaste eg har vore med på. Økonomien er trang og vi er blitt tvungen til å innføre ein eigedomsskatt, sjølv om vi ikkje ønska det. Likevel har vi hatt ein god prosess. Etter at byrådet la fram sitt forslag til budsjett har vi hatt offentlege høyringar, vi har fått innspel, vi har snakka med partia, og saman har SV, Ap og Raudt funne plass til nokre små men viktige endringar.

Det skal bli litt betre forhold for alle som syklar i vinter.

I dag hadde vi møte i finanskomiteen der vi innstiller til kommunestyret. Der la vi fram forslaga våre til endringar. Det viktigaste for meg har vore at vi har klart å unngå prisauke på SFO, Kulrurskolen og mat til eldre som ikkje kan lage mat til seg sjølve. Dette er viktige grep, spesielt i ein situasjon med auking av eigedomsskatten. I tillegg klarere vi å plusse på ein million til vintervedlikehald av gang- og sykkelvegar og ein million meir til Tromsømarkaprosjektet.

Alle talendringane vi gjer er:

1001 Byrådsadministrasjon Reduksjon ramme for byrådet

-2.000.000

1101 Adm. tjenester Overføring av Kemnerfunksjonen

7.150.000

1103 Frie inntekter Økning av frie inntekter

-7.150.000

1105 Renter og avdrag Økte kapitalkostnader Kroken Alpinanlegg

150.000

1106 Interne finans-transaksjoner Avsetning disposisjonsfond: Tromsømarka

1.000.000

1201 Skole Prisfrys og søskenmoderasjon i SFO

1.800.000

1303 Pleie og omsorg Økt nedstyringskrav

-2.400.000

1303 Pleie og omsorg Prisfrys på utkjørt mat

200.000

1401 Kultur Prisfrys på kulturskolen

200.000

1402 Idrettstilbud Økte inntekter Kroken alpinanlegg

-150.000

1404 Næring Økning i ramme utviklingslag og bydelsråd

200.000

1502 Bydrift Økning i ramme for vintervedlikehold av gang- og sykkelveier

1.000.000

 

I tillegg til dette fekk vi til nokre viktige såkalla verbalforslag. Dette er forslag som ikkje betyr bruk av kroner og øyre, men som seier noko om kva kommunen skal jobbe med i det komande året. Eg er veldig glad for at vi har fått på plass eit punkt om satsing på praktisk-estetiske fag i skolen i Tromsø. Alle verbalforslaga våre var:

  1. Det skal i 2016 behandles en sak om tidstyver i skolen, hvor man blant annet ser på digital effektivisering og hvorvidt det er oppgaver i skolen som kan og bør løses av andre. Tester som ikke er pålagt av Utdanningsdirektoratet skal gjøres valgfri for hver enkelt skole. 
  2. I 2016 skal bruk av innovative offentlige anskaffelser som en strategisk og permanent ordning i Tromsø kommunes innkjøpspraksis innføres.
  3. Dagens leksehjelpordning skal evalueres i 2016 og kommunestyret skal få fremlagt en sak om skolelekser der skoler som ønsker det skal kunne delta i ei forsøksordning med sikte på oppstart høsten 2017.
  4. Kommunestyret skal i 2016 få forelagt en plan for å styrke de praktisk-estetiske fagene i Tromsøskolen og legge vekt på kompetanseheving og videreutdanning også i disse fagene.
  5. Tromsømarka-prosjektet videreføres gjennom en permanent etabliering i Tromsø kommune, og utvides til de bynære områdene på Kvaløya og fastlandet. Planer for oppgradering av turstier og rekreasjonsområder, samt drift og vedlikehold skal inkluderes. Det skal arbeides med ekstern og intern finansiering, som søkes innarbeidet i første budsjettrevidering.
  6. Som en del av arbeidet med å forberede ny formannskapsmodell fra 1. juli 2016 skal også prinsipper for politikerlønn gjennomgås.

I tillegg stemte vi for eit godt framlegg frå Venstre om å sjå om vi kan redusere byggsaksgebyr etc. for miljøvenlege hus.

Det er framleis mykje vi skal jobbe med i denne fireårsperioden, men eg synst dette første budsjettet vårt er ein svært god start. Så må vi jobbe steinhardt med å få ned utgiftane slik at vi kan starte prosessen med å få redusert eigedomsskatten igjen. Det er ingen som ønsker seg ein så høg skatt som vi har no.

 

Illustrasjonsbilde: «Nokian Hakkapeliitta W240» av Prillen – Eget verk. Lisensiert under Offentlig eiendom via Wikimedia Commons – https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Nokian_Hakkapeliitta_W240.jpg#/media/File:Nokian_Hakkapeliitta_W240.jpg

Exit mobile version