Får parisavtalen konsekvensar i Nordens Paris?

Takk og lov. Nyheitene frå Paris var mykje betre denne gongen enn sist. Det er fantastisk at det er blitt global einigheit om ein klimaavtale – parisavtalen. Så kunne vi ønska oss noko enno sterkare, men dette er eit steg i rett retning. Så er spørsmålet, kva vil dette bety for oss i Tromsø, Nordens Paris?

Eg er heilt sikker på at det må bety at vi må skjerpe ambisjonane våre om å få ned våre eigne bidrag til klimaendringane. Tida er forbi då vi kunne seie at det ikkje betyr noko fordi vi er så små. No er Kina, USA og India med, då må vi gjere vårt.

Eg har ikkje funne gode tal for utslepp av klimagassar i Tromsø, men tala for Troms ser du i tabellen (kjelde SSB). Den viser tonn CO2 ekvivalentar utslepp til luft. Dersom nokon har gode tal for Tromsø, så sei i frå!

2009 2013 Prosent av utslepp i 2013
Alle kilder 753 895
Industri og liknande 201 313 34,97
Oppvarming i andre næringer og husholdninger 61 70 7,82
Veitrafikk 283 287 32,07
Dieseldrevne motorredskaper 36 63 7,04
Jordbruk 134 126 14,08
Avfallsdeponigass 31 31 3,46
Avløp og avløpsrensing 6 6 0,67
Folketal
Utslipp per innbygger i 2009 156494 4,81
Utslipp per innbygger i 2013 162050 5,52

I Tromsø har vi lite industri. Det betyr at den totalt dominerande kjelda til klimagassutslepp i kommunen vår vil vere vegtrafikken. Vi ser at i Troms utgjer vegtrafikken 32 prosent av alle utslepp, i Tromsø tippar eg det vil vere godt over 50 prosent av alle utslepp som kjem frå vegtrafikken. Det betyr at vi ikkje kjem unna å redusere trafikken dersom vi skal gjere vårt for å oppfylle den globale avtalen frå Paris. Og, vi skal vel ta vår del av det globale ansvaret?

Det vil måtte bety at vi må gjere drastiske grep for å få ned biltrafikken i Tromsø. Dagens mål er at all framtidig vekst i trafikken skal takast gjennom kollektiv, gange og sykkel. Det er ikkje nok, vi må redusere utsleppa frå dagens trafikk. Noko av dette kan vi kanskje løyse gjennom el-bilar og slikt. Eg trur likevel ikkje vi kjem utanom begrensningar på biltrafikken i Tromsø.

Det store diskusjonstemaet blir korleis skal vi gjere det. Er det nok å tilby betre vintervedlikehald av gang og sykkelvegar og eit betre busstilbod, eller må vi innføre ei eller anna form for avgift på bilkøyring. Eg trur at vi vil trenge både gulrot og pisk, men vi må sørgje for at gulrota er så god at folk faktisk kan velje bort bilen og at det ikkje blir eit sttort offer i kvardagen.

Mykje handlar om enkle ting som vaner vi legg oss til. Det er enkelt å ta bilen sjølv på korte turar. Likevel handlar det aller mest om korleis vi planlegg byen. Det må vere korte avstandar til det meste om det skal bli mogleg å la bilen stå i garasjen mesteparten av tida.

Kanskje er parisavtalen dårleg nytt for bilbaserte kjøpesenter som Jekta? Vil vi handle meir av maten innafor gangavstand i framtida? Eg trur det, for vi må redusere den daglege køyringa, til jobb, til butikk, til trening og til skole. Då må vi nok og organisere ting litt annleis enn vi har gjort til no. Eg trur det er mogleg, eg trur til og med at livet kan bli betre av det.

Kva trur du?

 

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Dette innlegget har ein kommentar

  1. liv marie austrem

    Bra!

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.