Kvar blir det av toget?

Det er skuffande og utruleg defensivt at ikkje dei nordnorske fylkeskommunane klarer å bli samde om å sette tog gjennom heile landsdelen på kartet, og spele det inn i samband med Nasjonal Transportplan. Når dei tre sjefane for Nordland, Troms og Finnmark, er samla må det vere lov å forvente meir. La oss satse på at når dei møtes neste gong i Nordnorsk råd så er dei meir offensive.

I det diskusjonsnotatet som rådet tok til orientering er det kun Ofotbanen som er nemnt i tillegg til at vidareføring av Nordlandsbanen med båt:

Fylkeskommunene står samlet om betydningen av Ofotbanen for fremføring av gods til og fra landsdelen og samlet bak kravet om å bygge dobbeltspor slik at kombinasjonen stykkgods- og malmtransport kan fortsette uten flaskehalser/hinder. Vi bør også be staten stimulere til overgang for frakt av gods fra veg til sjø ved å kombinere veg/bane/båtløsninger gjennom virkemidler. En forlengelse via Bodø med Nordlandsbanen nordover med containerbåt er en slik faktisk mulighet.

Det er ingen tvil om at Ofotbanen er viktig og at det er lurt med båt frå Bodø og nordover, men framtida må vere meir.

Eg veit ikkje nøyaktig kva det vil koste å bygge lyntog frå Trondheim til Kirkenes. Det blir sikkert grusamt mange milliardar. Men, eg veit at i løpet av dette hundreåret vil det vere slutt på å sleppe ut CO2. Dei stadane som då ikkje har noko anna alternativ enn ein trolleylastebil vil slite.

I 2050 vil kanskje batteria gjere at du kan køyre med el-bil frå Tromsø til Oslo, men eg veddar på at fartsgrensa ikkje er så mykje høgare enn i dag. Derfor treng vi toget, for den flyseteavgifta som regjeringa innfører er nok berre den første av mange. Du veit ei avgift vil vekse når sjølv Frp er for den. Det betyr at i 2050 vil det gå svært få fly mellom Tromsø og Oslo. Derfor treng vi lyntoget. Seks til åtte timar frå Oslo til Tromsø, akkurat ei god natts søvn og ein frokost så er du framme.

I tillegg vil lyntoget bety svært mykje for å binde saman landsdelen. Alta, Tromsø og Narvik ville bli ein arbeidsmarknadsregion. Likeins Narvik, Bodø og Mo i Rana, eller heile Helgeland. Landsdelen og regionane i landsdelen vil bli knytt sterkare til kvarandre.

Derfor la oss no i det aller minste finne ut kva det vil koste å bygge lyntog frå Trondheim til Kirkenes, kvar linjene kunne gå og kor fort det vil gå. La oss ta diskusjonen då, når vi har fakta, ikkje avspise den med at det er urealistisk.

Det som er urealistisk er at vi skal kunne halde fram som før.

Exit mobile version