Høgare utdanning fører til færre betalingsproblem for deg og for Noreg

To prosent av dei som hadde høgare utdanning hadde ikkje råd til ei veke ferie utanfor heimen i 2014. For dei som berre hadde grunnskole var det heile 14% som ikkje hadde råd til slik ferie. Det kjem fram i ein artikkel frå SSB.

Artikkelen viser at det blir stadig større skilnader i økonomien til dei som har høg utdanning og dei som ikkje har det. Nærmast uansett kva du måler kjem dei med høgare utdanning best ut. Det er heilt klårt at det lønner seg med utdanning.

Omtrent samstundes kom det ein annan artikkel frå SSB. Denne artikkelen ser på ulike næringar og karakteriserer dei som kunnskapsintensive eller ikkje. Målet på ei kunnskapsintensiv næring er at meir enn 33% av dei tilsette har høgare utdanning. Det er gledeleg å sjå at Noreg jamt over ligg høgare enn konkurrentane i EU når vi måler kunnskapsintensivitet på denne måten. Det er eit godt teikn for landet når vi no skal takle nedgangen i oljenæringa.

I artikkelen skriv SSB:

Blant næringer med lav grad av FoUintensitet er gjennomsnittlig kunnskapsintensitet 20,9 prosent. Deretter øker gjennomsnittlig kunnskapsintensitet i de ulike gruppene av FoU-intensitet. Ruten øverst til høyre viser at næringer med høy grad av FoU-intensitet har høyest gjennomsnittlig kunnskapsintensitet på 38,0 prosent.

Det kan bli ei utfordring at viktige næringar for Noreg, som fiskeri, har eit låg kunnskapsintensivitet målt på denne måten. Den kan tyde på større utfordringar med å ta i bruk nye produsksjonsmåtar og ny teknologi enn vi burde hatt. Så skal vi sjølvsagt ikkje undervurdere den ikkje-akademiske kunnskapen som finst. Den er stor i mange næringar, men dersom vi ser dette i samanheng med den første statistikken, om kven som har dårlegast økonomi så trur eg vi har ei utfordring. Det er ikkje urimeleg å anta at høgare akademisk kunnskapsintensivitet i ein bransje vil kunne føre til høgare verdiskaping. Ikkje minst vil vi får meir forskning og utvikling. Noko vi treng i næringslivet.

På bakgrunn av dette blir det underleg når NHOs Kristin Skogen Lund seier til Aftenposten:

– Det blir en selvforsterkende spiral. Hvis veldig mange har en master, vil bedriftene velge de med master og flere unge tror de må ha en master. Det er blitt en idealisering av lange utdannelser, mens næringslivet ikke etterspør så ensidig

Det vi derimot ser er at dei aller fleste som tar ein master får seg ein relevant jobb, og at dei vil få ei betre økonomisk framtid enn dei som ikkje tar utdanning.

Nifu har gjort ein undersøkelse blant nyutdanna med masterutdanning og seier til Aftenposten:

Antallet mastergradsutdannede er doblet de siste ti årene, men til tross for økningen er det ikke flere som melder at de har havnet i irrelevante jobber som ikke matcher deres utdannelse etter endt mastergrad. Graden av mistilpasning i arbeidsmarkedet har faktisk gått ned i denne perioden, fra 8,9 prosent i 2003 til 4,7 prosent i 2013, viser Nifu-rapporten. Også andelen arbeidsledige med mastergrad har gått ned i perioden.

Paul Chaffey har og vore inne på dette temaet på bloggen sin.

Så eg tenkjer det er klart, det er godt for både landet sin økonomi og den personlege økonomien at vi tar lang utdanning.

 

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.