Badeland på Templarheimen?

I morgon skal finanskomiteen i Tromsø kommune behandle investeringsbeslutninga om Tromsøbadet på Templarheimen og gje si innstilling til kommunestyret. Eg må innrømme at eg slett ikkje er sikker på kva eg skal meine.

Startpunktet mitt er at eg helst skulle hatt tromsøbadet i sentrum. Eg kunne tenkt meg badet på det som no er «museumstomta» og så kunne kanskje Alfheim blitt eit flott Tromsø Museum. Eg veit ikkje om akkurat det er ei god løysning. Men, eg er ganske sikker på at badelandet ville fått fleire besøkande og dermed ein betre økonomi om det låg i sentrum snarare enn på Templarheimen. I tillegg ville det blitt enklare for folk å komme seg dit om det var i sentrum, ikkje minst ville det blitt enklare å komme seg dit med buss. Templarheimen er ikkje ei optimal plassering med tanke på transport. Ei sentrumsplassering ville og vore med på å gjort sentrum meir atraktivt.

Vi treng betre bade- og svømmeanlegg i kommunen. Men er plasseringa rett? Illustrasjon henta frå nettsidene til Tromsø kommune.

Eg synst og det er eit kjempeproblem at vi må spise av marka for å bygge eit badeland på Templarheimen. I tillegg er det problematisk at utbygginga av badelandet slik planane no er betyr at skistadion og skiskyttarstadion må flyttast. Etter alle solemerker til Grønnåsen. Det vil og beslaglegge delar av Tromsømarka. Eg tenkjer at det må vere nok med eit stort skistadion i Tromsø – og vi har allereie eit flott anlegg på Storelva. På øya treng vi ikkje noko meir enn det vi har no.

Noko av utfordringa er at vi lova i valkampen både å bygge badeland og å verne marka. Det kan vere at dei to løfta no står mot kvarandre.

Så blir det sagt at å legge badet ein annan stad enn på Templarheimen vil bli mykje dyrare og at ein god del av dei pengane som allereie er brukt på å planlegge badet vil vere «tapt». Det er og fare for at vi vil kunne miste nokre av dei tilskotta som gjer det overkommeleg for kommunen å bygge eit badeland. Det er svært gode argument for å ikkje finne på sprell med badelandet no.

Men, dersom vi skal bygge på Templarheimen så er det kanskje mogleg å gjere noko med plasseringa. Eg synst Stig Eidissen skriv mykje fornuftig om kva endringar vi kan gjere i dette innlegget. Problemet med å skrinlegge planane for storhall på Templarheimen og flytte på badelandet er at det tar bort mykje av grunnlaget for å bygge også badelandet på Templarheimen. Hovudgrunnen til at alt er planlagt der oppe er at idretten har ønska å samle desse idrettsanlegga på ein plass. Dersom vi uansett ikkje skal gjere det så er det liten grunn til å legge badelandet på Templarheimen.

Eg synst og det er litt rart at vi no skal ta stilling til investeringa før vi har ein vedtatt reguleringsplan. Eg tenkjer at det blit litt feil rekkefølgje på ting.

Eg synst rett og slett dette er vanskeleg. No skal eg legge meg, kanskje drøyme om badelandet, og håpe på at eg veit eg kva eg meiner når eg vaknar.

Har du andre argument i den eine eller andre retninga som eg burde vurdere? Skriv dei gjerne inn i kommentarfeltet.

Exit mobile version