Må ein vere smart for å vere politikar? – Litt om kommunestyremøtet

I dag kunne yngste ungen fortelle meg at ho har tenkt å bli lærar eller politikar.

– For då må ein jo vere smart

Kort tenkepause

– I alle fall for å bli lærar

Så der fekk eg den. Uansett om eg og andre politikarar er smarte så er det kommunestyremøte i Tromsø til veka. Det er ein masse saker, men fellestrekket for mange av sakene er at dei utviklar Tromsø og gjer byen betre.

Eg er veldig glad for at det blir fleirtal for å bygge bru frå Langnes til Selnes i staden for tunnel til Håkøya. Sjølv om vi ikkej kan bygge oss ut av køproblema treng vi eit betre samband mellom Kvaløya og Tromsøya. Det beste vil vere om ei av dei to bruene kunne bli ei kollektivbru. Dersom vi skal lykkast med å nå målet til Noreg om at all vekst i transport skal skje gjennom gange, sykkel og kollektivtrafikk så må vi sørgje for at bussen er i alle fall likerask som privatbilen. Ei ny bru kan vere eit steg i rett retning.

Vidare tyder alt på at vi kjem til å vedta å oppgradere Storgata og kyrkjeparken, å bygge eit større helsehus, og å bygge ein ny barnehage med spesialtilbod til ungar med store utfordringar. Dette er viktige og dyre prosjekt som kjem til å gjere Tromsø betre for oss alle, men mange av dei vil særleg hjelpe dei svakaste blant oss.

Også tenkjer eg at det blir bra med ei lita oppmjuking i fråversreglementet for skolane i Tromsø. No skal det ikkje leggast så stor vekt på korfor ein søkjer å ta elevane ut av skolen ei kort stund. Det som skal vurderast er om det er forsvarleg.

Eg er og glad for at det ser ut til at vi skal få på plass søskenmoderasjon i SFO, sjølv om Frp synst det er ein dårleg ide.

Medlemmane av kommunestyret i Tromsø
Det er denne gjengen som skal avgjere sakene. Foto: Pål Jakobsen/Tromsø kommune

For min eigen del er eg glad for at vi endeleg skal vedta detaljreguleringa for Øvre Mortensnes (eg seier vi, men i den saka er eg inhabil). I snart eit år har det vore gravemaskinar i sving i ormådet, no blir det endeleg avklart korleis det skal bli til slutt.

Heile sakslista til møtet er:

  • Kommuneplanens arealdel 2015 – 2026
  • Endring av vedtekter – tromsø kommunale pensjonskasse
  • Tromsøregionens landbruksforvaltning – evaluering og videreføring
  • Finansrapport pr. 31.12.15
  • Skolestruktur på fastlandet
  • Etablering av kommunalt asylmottak
  • Årsrapport 2015 tromsø eldreråd
  • Søknad om fritak som meddommer og nyvalg resten av perioden 2013-2016.
  • Statusrapportering rusmiddelpolitisk handlingsplan 2012-2016
  • Oppfølging av boligpolitisk handlingsplan 2015-2018 rapportering, justeringer og prioriterte tiltak 2016
  • Plan 251 – kommunedelplan for hovedvei Breivika – Langnes – Kvaløya – vedtak av planforslag
  • Plan 1837 – detaljregulering av veg, vann- og avløpstrase, Øvre Mortensnes
  • Helsehuset, utvidelse nytt sengetun
  • Trudvang barnehage og barneboliger- investeringsvedtak
  • Plan 1809 – Solstrandvegen 163, 18/47 endelig godkjenning av reguleringsplan
  • Lokal forskrift om tilknytning til vann og avløp samt vannmålere
  • Høring – nasjonal faglig retningslinje for helsestasjon 0-5 år og fellesdel for helsestasjon, skolehelsetjensten og helsestasjon for ungdom
  • Lokale retningslinjer for elevpermisjon
  • Plan 1765 – studentboliger isrenna uit og sitø saksfremlegg
  • Plan 252 – kommunedelplan for Sommarøy, Hillesøy og Brensholmen – høring
  • Forlengelse gågate og kirkepark – opprusting
  • Tilleggsfinansiering Tromsøpakke 3 Stakkevollvegen
  • Søskenmoderasjon i skolefritidsordningen
  • Tilsetting av administrasjonssjef

Alle sakspapira kan du lese her. Har du spørsmål eller innspel til sakene så kom med det i kommentarfeltet.

Litt meir om Tromsøbadet

I går snakka eg med Nordlys om Tromsøbadet. Saka er dessverre bak betalingsmuren til Nordlys, men det eg prøvde å få fram finn du i dette innlegget.

Det eg sa til Nordlys er at det er viktig for SV å få flytta tromsøbadet ut av Tromsømarka, og å legge til rette for at skiidretten kan halde fram med å vere oppe på Templarheimen. Det oppnår vi gjennom å flytte badet ca 35 meter austover. Då vil heile badet vere utanfor Tromsømarka, og skistadion vil kunne halde fram omtrent som før. Det blir jo fantastisk å kunne gå rett frå eit skirenn og i bassenget. I tillegg slepp vi å bygge eit nytt skianlegg i Grønnåsen som vil vere eit stort inngrep i Trommsømarka.

Vidare meiner vi i SV at det er uaktuelt å bygge ein ny busstrase tvers gjennom marka. Kanskje kan det vere aktuelt å utbetre gangtraseen frå Skibrua slik at dei som kjem med buss slepp så mykje oppoverbakkar frå Fløyahallen og opp til badet.

Ikkje gratis

Ja, det vil koste pengar å flytte badet desse 35 metrane. Eg meiner likevel at det er rett. Først og fremst fordi vi meiner alvor med å ta vare på Tromsømarka, men og fordi vi sparer ganske mykje på å sleppe å bygge nytt skianlegg i Grønnåsen til mange millionar. I tillegg er det brukt tippemidlar på å opparbeide det skistadionet som er der no, det er pengar som vil måtte betalast tilbake (i alle fall delvis) om skianlegget må flytte.

Det andre ankepunktet mot ei flytting vil vere at det blir mindre parkeringsplassar. Det kan vi delvis motverke gjennom å ta i bruke det arealet som er set av til Barents Arena til parkering. Barents Arena (ny hall) er ikkje på trappane med det første. Det har vi ikkje pengar til. Dersom den kjem ein gong i framtida så får vi eventuelt lage parkeringshus under det nye bygget.