Vi treng betre bade- og svømmeanlegg i kommunen. Men er plasseringa rett? Illustrasjon henta frå nettsidene til Tromsø kommune.

Litt meir om Tromsøbadet

I går snakka eg med Nordlys om Tromsøbadet. Saka er dessverre bak betalingsmuren til Nordlys, men det eg prøvde å få fram finn du i dette innlegget.

Det eg sa til Nordlys er at det er viktig for SV å få flytta tromsøbadet ut av Tromsømarka, og å legge til rette for at skiidretten kan halde fram med å vere oppe på Templarheimen. Det oppnår vi gjennom å flytte badet ca 35 meter austover. Då vil heile badet vere utanfor Tromsømarka, og skistadion vil kunne halde fram omtrent som før. Det blir jo fantastisk å kunne gå rett frå eit skirenn og i bassenget. I tillegg slepp vi å bygge eit nytt skianlegg i Grønnåsen som vil vere eit stort inngrep i Trommsømarka.

Vidare meiner vi i SV at det er uaktuelt å bygge ein ny busstrase tvers gjennom marka. Kanskje kan det vere aktuelt å utbetre gangtraseen frå Skibrua slik at dei som kjem med buss slepp så mykje oppoverbakkar frå Fløyahallen og opp til badet.

Ikkje gratis

Ja, det vil koste pengar å flytte badet desse 35 metrane. Eg meiner likevel at det er rett. Først og fremst fordi vi meiner alvor med å ta vare på Tromsømarka, men og fordi vi sparer ganske mykje på å sleppe å bygge nytt skianlegg i Grønnåsen til mange millionar. I tillegg er det brukt tippemidlar på å opparbeide det skistadionet som er der no, det er pengar som vil måtte betalast tilbake (i alle fall delvis) om skianlegget må flytte.

Det andre ankepunktet mot ei flytting vil vere at det blir mindre parkeringsplassar. Det kan vi delvis motverke gjennom å ta i bruke det arealet som er set av til Barents Arena til parkering. Barents Arena (ny hall) er ikkje på trappane med det første. Det har vi ikkje pengar til. Dersom den kjem ein gong i framtida så får vi eventuelt lage parkeringshus under det nye bygget.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.