3 gode grunnar til å vere forskrekka, fortvilt og forundra over Ap

Det er kanskje fordi eg samarbeider så godt med Arbeidarpartiet lokalt her i Tromsø at eg av og til blir så forskrekka, forundra og fortvilt over ting Ap gjer på Stortinget. Her i Tromsø skjønner eg som oftast korfor vi blir usamde, men nokre ting som foregår sentralt skjønner eg ganske enkelt ikkje. Den siste tida er det tre ting som for meg ikkje blir anna enn rart.

En soldat fra Telemark Bataljon i øvingsfeltet ved Rena Leir. Foto: Forsvarets Mediesenter/Erik Drabløs
En soldat fra Telemark Bataljon i øvingsfeltet ved Rena Leir. Foto: Forsvarets Mediesenter/Erik Drabløs

1. At Ap seier ja til å sende norske soldatar til krigen i Syria utan at vi veit kven vi skal trene, kven dei vi skal trene skal kjempe mot, og utan å føle oss trygge på at dei vi skal trene ikkje i framtida kjem til å slåss mot norske interessar. Eg tenkjer at å sende soldatar i felt, sjølv om det berre er for å trene andre er for alvorleg til at vi kan sende soldatar ut på farlege oppdrag utan å vere trygge på at det dei gjer faktsik på sikt er ein fordel for Noreg, menneskerettane og ei stabil utvikling. Det den norske regjeringa no gjer med støtte frå Ap oppfyller etter mine begrep ikkje det minstemålet som må til for å sende soldatar ut. (John Olav Egeland skriv bra om dette i Dagbladet)

2. Og kanskje heng dette saman med at Ap ikkje ville vere med på å evaluere og lære av den norske krigsinnsatsen i Libya. I etterpåklokskapens klåre lys er det ingen tvil om at den norske krigsinnsatsen ikkje var klok (og eg er ikkje stolt verken av kva eg sjølv eller SV meinte i den saka , den gongen). Noreg var med på å opne døra for ein stor flyktningestraum og ein borgarkrig i Libya. Sjølv om Gadaffi var ein despot er det ikkje mange som vil meine at folk flest i Libya har det betre no. Dessverre liknar den nye innsatsen norske soldatar skal ut på litt på det som skjedde i Libya. Når vi gjer så alvorlege ting som å be norske soldatar drepe eller bli drept er det minste vi kan fore at samfunnet lærer av det som skjedde i ettertid slik at beslutningane kan bli betre neste gong.

3. Krigane og forsvaret må vi betale for. Og vi treng eit norsk forsvar som har fokus på å forsvare Noreg, ikkje på å vere rundt om kring i verda. Det å betale for det norske forsvaret og heile den norske velferdsstaten er akkurat blitt dyrare for alle oss som ikkje har millionformue. Ap har altså gått saman med regjeringspartia om eit skatteforlik som gjev store skattelettar for dei rikaste blant oss. Arbeiderpartiets nye skatteforlik gjev dei som har eit aksjeutbytte på meir enn 7,5 millionar ein skattelette på 115 000 kroner i snitt. Har du ein formue på over 10 millionar får du ein skattelette på 17 300 kroner. Så med mindre vi skal ha dårlegare skolar, dårlegare helsetenester og dårelegare vegar så er det du og eg som må betale ekstra for å kunne gje skattelette til dei rikaste. (Les artikkelen i Klassekampen som tala er henta frå.)

Så der har du det, tre gode grunnar til å stemme SV heller enn Ap neste gong.

 

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.