Hei Vedadh, eg set stor pris på kommentarane dine, og er glad for at du les. Og berre for å slå fast frå byrjinga, eg er dobbeltmoralsk, slik dei fleste av oss er. Eg har bil, eg tar fly etc. Men, det som er poenget ernat det er ikkje einskildhandlingar som endrar verda, det er systemendringar. Prisreduksjon på solenergi er ei slik systemendring, og eg trur at det å nekte å opne nye område for oljeutvinning kan vere ein viktig del av ei systemendring. Å verne Lofoten åleine bergar ikkje jorda, men saman med eit forbod mot off shore olje langs delar av USAs kyst, stopp i oljerøyrledningar ol. så kan det til saman vere nok.

Det er mange slike «småting» som vern av Lofoten som tilsaman skaper det systempresset som gjer at vi får ned pris på solenergi, meir produksjon av elektriske køyrety etc. Eg trur ikkje på nirvana i morgon, men på at vi kan gå eit steg i rett retning i alle fall anna kvar dag.