Politikk,Troms og Tromsø

Nytt kommunestyremøte i Tromsø

I morgon er det kommunestyremøte i Tromsø. Sakslista er lang, men heldigvis er det ikkje så veldig mange konfliktsaker denne gongen. Mange av sakene er saker som vart utsett i forrige kommunestyremøte. Dei skreiv eg om her.

Kommunestyret i Tromsø

Det er snart kommunestyremøte i Tromsø med denne gjengen.

Den kanskje viktigaste saka i dette kommunestyremøtet er Økonomirapport 1. Det er ei sak som vi ikkje kan gjere så svært mykje med, men som gjev svært viktig informasjon om økonomien i kommunen.

Saka viser at økonomien er under kontroll, men at vi framleis har store utfordringar. Den største utfordringa er innafor helse og omsorg. Der viser prognosen eit overforbruk gjennom heile året på ca 50 millionar. Det er sjølvsagt mykje pengar, men hovudgrunnen til overforbruket er ikkje at pengane som sit laust, men at behova i befolkninga har auka. Det kjem stadig fleire som har behov for hjelp. Det er heller ingen tvil om at mangelen på blant annna sjukeheimsplassar gjer at vi driv dyrare enn det vi burde gjere. Den store positive nyheita på dette området er at den såkalla ATA-tida har auka frå 43 til 45 prosent. Dette er tida heimehjelpa faktisk bruker saman med pasientane. Det at denne tida går opp er svært positivt. Det tyder på mindre byråkrati og køyretid. Det vil på sikt vere viktig for økonomien i kommunen. Eg er veldig glad for at ting tyder på at vi er på rett veg innafor helse og omsorg, sjølv om det er eit stykke igjen. Det vil og hjelpe på når vi får tatt i bruk Helsehuset som det er byggestart på i desse dagar og når nye Otium står ferdig.

Som dokker ser av denne tabellen er det avvik på ein del andre område og: