Nytt kommunestyremøte i Tromsø

I morgon er det kommunestyremøte i Tromsø. Sakslista er lang, men heldigvis er det ikkje så veldig mange konfliktsaker denne gongen. Mange av sakene er saker som vart utsett i forrige kommunestyremøte. Dei skreiv eg om her.

Kommunestyret i Tromsø
Det er snart kommunestyremøte i Tromsø med denne gjengen.

Den kanskje viktigaste saka i dette kommunestyremøtet er Økonomirapport 1. Det er ei sak som vi ikkje kan gjere så svært mykje med, men som gjev svært viktig informasjon om økonomien i kommunen.

Saka viser at økonomien er under kontroll, men at vi framleis har store utfordringar. Den største utfordringa er innafor helse og omsorg. Der viser prognosen eit overforbruk gjennom heile året på ca 50 millionar. Det er sjølvsagt mykje pengar, men hovudgrunnen til overforbruket er ikkje at pengane som sit laust, men at behova i befolkninga har auka. Det kjem stadig fleire som har behov for hjelp. Det er heller ingen tvil om at mangelen på blant annna sjukeheimsplassar gjer at vi driv dyrare enn det vi burde gjere. Den store positive nyheita på dette området er at den såkalla ATA-tida har auka frå 43 til 45 prosent. Dette er tida heimehjelpa faktisk bruker saman med pasientane. Det at denne tida går opp er svært positivt. Det tyder på mindre byråkrati og køyretid. Det vil på sikt vere viktig for økonomien i kommunen. Eg er veldig glad for at ting tyder på at vi er på rett veg innafor helse og omsorg, sjølv om det er eit stykke igjen. Det vil og hjelpe på når vi får tatt i bruk Helsehuset som det er byggestart på i desse dagar og når nye Otium står ferdig.

Som dokker ser av denne tabellen er det avvik på ein del andre område og:

Det denne tabellen og viser er to ting. Vi har heldigvis ein del store og uventa inntekter. Den viktigaste av desse er at pensjonsutgiftane blir 50 millionar mindre enn tidlegare rekna med. Saman med nokre andre inntekter og auken i eigedomsskatten betyr det at vi sannsynlegvis blir i stand til å sette av nokre millionar på sparekonto for å handtere framtidige uventa utgifter eller for å finansiere goder for folk i Tromsø. Utan eigedomsskatten ville det vore naudsynt å kutta kraftig i helse, omsorg og skoletilbodet i Tromsø.

Samarbeidspartia har sett i verk eit stort omstillingsprosjekt med mål om å spare minst 150 millionar kroner på drifta i kommunen. Det kjem til å ta tid, og slik omstilling er heller ikkje gratis, men eg trur vi er på rett veg og at vi allereie til neste år vil sjå ein betre økonomi og ei betre drift av kommunen.

Heile økonomirapporten kan du lese her.

Hanen

Ei anna sak som kjem opp i kommunestyret er mosaikken av ein hane av Mait Bockelie som skal settast opp på Gyllenborg. Det kjem til å koste kommunen ein million kroner å motta denne gåva. Eg trur det blir utruleg flott når vi får hanen på veggen på skolen, men eg er forundra over at denne prosessen vart sett i gang av den forrige ordføraren og det forrige byrådet utan at dei hadde fullfinansiert prosjektet.

Heiltidskultur

Vi får og ei sak om å bygge ein kultur for heiltidsstillingar i kommunen. Det er ei viktig sak. Det tar lang tid å jobbe med å endre kulturen. Det har vi no starta med, og eg håper vi skal ende opp med ein situasjon der ingen jobbar ufrivillig deltid i Tromsø kommune.

Eg synst byråd Gunhild Johansen seier det bra i saksframlegget:

Forskning og kompetanse på området viser at høy andel deltidsstillinger og bruk av vikarer svekker tjenestekvaliteten, gir ineffektiv drift og bidrar til uverdige ansettelsesforhold, som igjen har negativ innvirkning på rekruttering og omdømme til tjenesten. Det er derfor et stort arbeidskraftpotensiale i å redusere deltid og øke stillingene til de som i dag jobber i sektoren. Dette er avgjørende for å sikre kvalitet og tilstrekkelig kompetanse i tjenesten både i dag og i framtiden.

Arbeid med heltidskultur er ikke noe helse- og omsorgtjenesten kan gjøre alene. For å lykkes i arbeidet med å utvikle en heltidskultur, er det avgjørende med et godt samarbeid mellom politikere, ledere, tillitsvalgte og ansatte på tvers av ulike tjenesteområder. For å oppnå varige resultat må arbeidet med heltidskultur forankres sentralt så vel som lokalt gjennom gode prosesser som åpner for bred medvirkning og som hensynetar variasjonen i tjenesten ift forslag til løsninger. Prosjektplanen må derfor sees på som en veileder med noen overordnet føringer for arbeid med heltidskultur som skal være til hjelp i det lokale arbeidet ute på enhetene.

Eg gler meg til å sjå resultatet av denne prosessen.

Nye reguleringsplanar

Vidare er det fleire viktige, men ganske ukontroversielle planar som skal opp i kommunestyret denne gongen. Det gjeld blant andre Midtre Kaldslett, Øvre Mortensnes og Øvre Kroken.

Heile sakslista til kommunestyret er:

  • 91/16 16/1890 TILLEGGSFINANSIERING TROMSØPAKKE 3 STAKKEVOLLVEGEN

  • 92/16 13/1168 PLAN 1765 – STUDENTBOLIGER ISRENNA UIT OG SITØ SAKSFREMLEGG

  • 93/16 16/223 LOKAL FORSKRIFT OM TILKNYTNING TIL VANN OG AVLØP SAMT VANNMÅLERE

  • 94/16 12/2783 PLAN 1809 – SOLSTRANDVEGEN 163, 18/47 ENDELIG GODKJENNING AV REGULERINGSPLAN

  • 95/16 14/6649 PLAN 1837 – DETALJREGULERING AV VEG, VANN- OG AVLØPSTRASE, ØVRE MORTENSNES

  • 96/16 16/878 HØRING – NASJONAL FAGLIG RETNINGSLINJE FOR HELSESTASJON 0-5 ÅR OG FELLESDEL FOR HELSESTASJON, SKOLEHELSETJENSTEN OG HELSESTASJON FOR UNGDOM

  • 97/16 16/1504 LOKALE RETNINGSLINJER FOR ELEVPERMISJON

  • 98/16 16/2334 SØSKENMODERASJON I SKOLEFRITIDSORDNINGEN

  • 99/16 16/3663 ØKONOMIRAPPORT 1 – 2016

  • 100/16 16/2642 VETERINÆRTJENESTE

  • 101/16 15/1493 DRAMSVEGEN STUDENTBOLIGER – ENDELIG VEDTAK UTBYGGINGSAVTALE

  • 102/16 16/2712 MOSAIKKINSTALLASJON PÅ GYLLENBORG SKOLE

  • 103/16 16/3087 FINANSRAPPORT I – 2016

  • 104/16 12/8227 PLAN 254 – KOMMUNEDELPLAN KULTURMINNER OG KULTURMILJØ

  • 105/16 13/1182 STRATEGISK PLAN FOR UTEROM I TROMSØ SENTRUMTRANSPORTNETT TROMSØ

  • 106/16 15/2092 TRAFIKKSIKKERHETSPLAN 2016 TRANSPORTNETT TROMSØ

  • 107/16 12/6069 PLAN -1794- ØVRE KROKEN- EIENDOM 14/46 (TBBL) – TIL ENDELIG VEDTAK

  • 108/16 15/1514 MIDTRE KALDSLETT, RAMNBERGET 18/521 – MINDRE REGULERINGSENDRING

  • 109/16 16/3430 VALG AV SKJØNNSMEDLEMMER 2017

  • 110/16 16/3256 HØRING OM FJERNING AV KOMMUNENS MULIGHET TIL Å INNVILGE VARIG DISPENSASJON FOR STYRER OG PEDAGOGISK LEDER

  • 111/16 15/8364 UTSKRIVNINGSKLARE PASIENTER STATUS APRIL 2016

  • 112/16 16/255 OVERORDNET KVALITETSPLAN HELSE OG OMSORG

  • 113/16 16/48 ANMODNING OM ØKNING I ANTALL BOSETTING AV ENSLIG MINDREÅRIGE FLYKTNINGER

  • 114/16 16/1239 HELTIDSKULTUR TROMSØ KOMMUNE

  • 115/16 16/2283 DEMENSDAGENE I TROMS

Alle sakspapira til kommunestyret kan du lese her. Og er du meir enn middels interessert kan du følgje kommunestyret på web-TV her. Kom gjerne med spørsmål eller kommentarar om du har.

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

 

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.