Oljeindustrien har nesten dobla sine utslepp av drivhusgassar

I dag kom statistisk sentralbyrå med nye tal for utslepp av drivhusgassar i Noreg. Det er trist lesing. Oljeindustrien viser ein enorm vekst i utsleppa sidan 1990. Veksten er på over 80%. Så mykje for myten om at norsk oljeindustri er verdas reinaste. 

Norsk oljeindustri utgjer den største kjelda til utslepp av klimagassar i Noreg, og det er før vi har rekna inn utsleppa som kjem gjennom at olja blir brukt i bilar og anna. Dette oversynet frå SSB viser kjeldene.

Dette viser at industrien har gjort ein kjempejobb med å redusere utsleppa sine. Respekt! Jordbruk har og hatt ein liten nedgang, medan det er vekst i transport. Transport er til saman den største kjelda med 16,9 prosent av alle norske utslepp. Det er trafikken og olja vi verkeleg må gjere noko med om vi skal få ned utsleppa.

Dessverre verkar det ikkje som om den regjeringa vi har no er interessert i å få ned utsleppa. Statsministeren seier dei rette orda når ho er ute i verda. Under klimaforhandlingane i Paris så sa ho i talen sin «Norway will do its share. We will reduce emissions by 40 % by 2030 compared to 1990 levels. » Dessverre følgjer ho ikkje opp på heimebane. Frå 2014 til 2015 steig klimagassutsleppa i Noreg for første gong på mange år. Under heile den raud-grøne regjeringa si regjeringstid gjekk utsleppa ned. No har den trenden snudd. Det viser denne oversikta frå SSB:

Så skal eg vere den første til å innrømme at nedgangen burde ha vore sterkare, men det gjekk i alle fall i rett retning. Likevel blir det no tydelegare og tydelegare at regjeringa ikkje har ein plan for korleis Noreg skal oppfylle dei pliktene vi har tatt på oss. Regjeringa liknar meir og meir på ein struts, som gøymer hovudet i sanda medan ein mumlar dei rette tinga.

Så i tillegg til at vi no ser ein oppgang i utsleppa vil no regjeringa auke oljeutvinninga i Noreg gjennom å opne opp nye område i Barentshavet for oljeutvinning. Det vil bidra til at det blir vanskeleg for ikkje å seie umogleg for Noreg å nå målet om at utsleppa ned på 40% av utsleppa i 1990. Det betyr og at kostnaden for anna industri, og utfordringane med å redusere biltrafikk og andre utslepp blir ekstremt dyrt.

Regjeringa legg opp til å gjer eNoreg meir avhengigge av olje, mindre økonomisk diversifikasjon og sannsynlegvis at bompengane og maten blir dyrare enn det ellers trengte å bli. Med unntak av oljeindustrien vil dei fleste tape på at fleire nye område i Barentshavet blir opna for oljeutvinning.

Også, kan vi jo spørre. Kva skjer den dagen vi får eit større uhell i Barentshavet med store utslepp? Det vil skade fisken, isbjørnen og fuglane. Er gevinsten med olja verd det? Mitt svar er klart nei.

 

Kjelde for figurane er SSB

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version