Ta vare på den minste fiskeflåten

 

I januar fastsette fiskeriminister Per Sandberg ein ny instruks som gjer det lovleg å flytte kvotar frå dei minste til dei største kystbåtane. Det gjer at ein båt på 28 meter kan kjøpe ut båtar på 11 meter og samle fleire slike kvoter på eit større farty. Det har potensiale til å kraftig redusere antal farty i fiskeflåten, antal fiskarar og utarme mange små kystsamfunn. SVs Torgeir Knag Fylkesnes har derfor i Stortinget foreslått å stoppe denne endringa.

Det er dei minste båtane som jamt over leverer best kvalitet. Det trengst. Foto: By weisserstier from Wien, Austria - 0906_Kreuzfahrt_Norwegen_1032, CC BY 2.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=30837098
Det er dei minste båtane som jamt over leverer best kvalitet. Det trengst. F oto: By weisserstier from Wien, Austria – 0906_Kreuzfahrt_Norwegen_1032, CC BY 2.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=30837098

Vi håper nå på brei støtte for dette forslaget. Stortinget har allereie sagt ja til ei hastebehandling før sommaren. Det betyr at vi no kan fryse dette usolidariske påfunnet frå fiskeriministeren i påvente av at Eidesen-utvalet får gått gjennom heile kvotestrukturen i norsk fiskeri. Det blir den store debatten om korleis norsk fiskeri skal sjå ut i framtida. Det er derfor viktig at vi ikkje no gjer store endringar før Stortinget får avgjort korleis strukturen skal vere i framtida.

Gjennom instruksen frå Frps fiskeriminister kan fartya som sørgjer for liv og næringsutvikling langs kysten, bli fasa ut. Det kjem jamne meldingar frå fiskarar om søknader om kvoteflytting som har blitt sendt. Både under Fiskarlaget nord og Kystfiskarlaget sine årsmøte var meldinga krystallklår – stans dette no. Det er heilt naudsynt å fryse instruksen, i alle fall inntil heilskapen i kvotesystemet er gjennomgått, ikkje minst fordi Stortinget klart og tydeleg har bedt om ein pause i påvente av gjennomgangen. Ein fiskeriminister som set i verk denne instruksen, handlar i strid med Stortinget si bestilling, og må bli stoppa. Det er akutt behov for å fryse instruksen fiskeriministeren har gjeve, slik at det ikkje skjer skadelege endringar som vanskeleg lar seg snu før saka har fått ei skikkeleg demokratisk behandling.

I SV er vi opptatt av å ta vare på heile landet, og å ta vare på den fiskeflåten som jamt over leverer høgast kvalitet og som dermed gjer at vi kan oppnå så høg pris som mogleg i marknaden. I ei tid der vi må omstille norsk økonomi frå oljeavhengigheita har vi ikkje råd til å ikkje hente ut så stor verdi som mogleg av fisken. Vi må derfor satse på fersk fisk av høg kvalitet. Den fisken er det den mindre kystflåten som er best i stand til å levere.

 

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.