Kommunestyremøte i morgon

I morgon er det kommunestyremøte i morgon. Eg håper og trur det blir eit ganske så hyggeleg møte utan dei store motsetnadane. Men heilt utan diskusjon blir det nok ikkje.

Sakslista for møtet finn du her.

Åsgårdmarka

Kanskje er det Åsgårdsmarka som blir den saka som det blir mest diskusjon om. I byutviklingskomiteen gjekk vi inn for å utsette denne saka. Grunnen til det er at området ligg i randsona til Tromsømarka. Vi meiner derfor at det er fornuftig å avvente denne reguleringsplanen til vi har fastsett grensene for Tromsømarka. Det reknar eg med at vi kjem til å gjere i kommuneplanen som kjem seinare i haust. Det er aldri triveleg å utsette ei sak, men av og til er det naudsynt for å få gode beslutningar.

Dei andre byutviklingssakene har eg skrive om her.

Tromsø havn

Vi har to økonomisaker frå Tromsø havn. Finansrapport og økonomirapport. Det er mykje å skrive og meine om Tromsø Havn, men desse to sakene viser at havna gjer det betre enn budsjettert. Det går an å vere litt bekymra for likviditeten, men eg trur dette vil gå bra.

Tilstandsrapport for skolen

Kvart år skal kommunestyret handsame ein tilstandsrapport for skolen. Denne rapporten gjev eit bilde av korleis skolane og elevane våre har det. Rapporten viser at vi i Tromsø ligg omtrent på snittet for samanliknbare kommunar når det gjeld pengebruken. Vi ligg imidlertid ganske høgt på spesialundervisninga her i Tromsø. Det er to måtar å sjå dette på, det eine er at vi er flinke til å gje støtte til dei elevane som treng det. Det andre aspektet er at vi ikkje klarer og gje god nok undervisning i den vanlege skolen og at det gjev oss økonomiske utfordringar og er kanskje eit signal om at det er for få lærarar i skolen.

Det er tre skolar med ei gruppestørrelse på meir enn 20 i småskolen. Det er Borgtun, Krokelvdalen og Sandnessund. Fleire andre skolar ligg rett oppunder 20. Det er likevel slik at vi skal vere forsiktige med å bruke snitttal. Dei kan skjule store ulikheiter. Eg meiner uansett at det er for mykje med ei gruppe på over 20 elevar i småskolen. Det tyder at fleire lærarar vil vere viktig for kvaliteten i Tromsøskolen. Satsinga vår på fleire lærarar ser forøvrig ut til å gje resultat. I fjor haust vart 12 lærarar øyremerka til småtrinnet. Det ser vi resultat av. I 2014 var gruppestorleiken større på 1-4 trinn enn 5-6 trinn. Det er no endra.

Forøvrig er resultata målt i testar og med karakterar omtrent på landssnittet.

 

OK, det var det eg rakk i denne omgangen. Still meg gjerne spørsmål om du lurer på noko om sakene eg har skrive om eller andre saker på sakslista.

Forresten, eg må berre nemne ein ting til. Vi skal velge meddommarar i tingretten. Det er ei liste med gode folk som skal bidra til eit rettferdig rettssytem. Det er ei kjempeviktig oppgåve. Men det er kanskje eit problem at dei yngste vil finne få meddommarar på sin alder. Dei fleste er frå 40 år og oppover. Vi skal jo dømmast av våre likemenn, så til neste gong bør vi kanskje finne fleire yngre folk.

 

925 nye bustader i Tromsø

Torsdag 18. august er det møte i byutviklingskomiteen. Der er det fleire gode bustadprosjekt som skal opp. I dag har eg sykla 40 km som ei privat befaring. Det er greitt å sjå områda direkte, ikkje berre kart, også er det jo fint å kombinere med å få trimma litt. Eg vil gjerne ha innspel til desse sakene.

Øvre Kroken

Til høgre bak meg skal det byggast. Malmvegen vil ha godt av betre tilhøve for gåande og syklande.

Første stopp på sykkelturen min var området «Øvre Kroken». Det ligg på oversida av Malmvegen. Eg synst dette ser ut til å vere eit flott prosjekt. Det medfører at lysløypa må flyttast, men så lenge rekkefølgjebestemmelsane er rett så ikkje dette med lysløypa blir liggande til slutt, trur eg det blir bra. Det er lagt opp til gode grøntareal og internvegar i området. Frå bebuarane rundt området er det uttrykt for bekymring for auka trafikk i Malmvegen og i Anton Borchs veg. Dei foreslår ny bru over elva og tilknytting til Jadevegen for å bøte på dette. Her må eg seie at eg nok er samd i argumentasjonen frå administrasjonen i kommunen om at dette ikkje er aktuelt. Både fordi Jadevegen er veldig bratt og fordi det får konsekvensar for skibrua og lysløypa. Då er det nok viktigare med gode løysningar for gåande og syklande langs Malmvegen og Anton Borchs veg.

Saksframlegget kan du laste ned her

Skisse til utbygging av Øvre Kroken. Malmvegen er nederst i bildet.

Åsgårdmarka

Åsgårdmarka er området i overkant av Lars Eriksens veg. Området er i kommuneplanen sett av til bebyggelse, og eg liker dette prosjektet sjølv om det tar litt av randsona til Tromsømarka. Det går ikkje inn i marka. Dei nye bustadene her vil ligge fint til med omsyn til sol, kollektivtrafikk og skolar. Det er eit område med ein del flystøy som krev eigne tilpassingar, men eg trur det blir eit fint område å bu i. For meg ser og planane til å vere godt tilpassa området. Som med alle nye områder vil det sjølvsagt bli noko meir trafikk som kan skape støy for dei rundt, og også her er det viktig å sjå på avbøtande tiltak for at ikkje naboane skal bli for påverka. Eg er litt i tvil om det er rett å bygge 1,25 parkeringsplassar per leiligheit i eit så sentrumsnært område. Skal vi nå målet om å redusere biltrafikken må vi og redusere mengden bilar. Eg meiner å ha lest ein plass (trur det var SSBs folke og bustadstelling) at omtrent 1/3 av hushaldningane i Tromsø ikkje har bil. Med tanke på det så held det kanskje med ein parkeringsplass per leiligheit? Dette er eg litt i tvil om, og vil gjerne høyre kva du synst.

Skisse over området Åsgårdmarka

Saksframlegget kan du lese her.

Dei andre sakene

I tillegg til desse sakene skal vi handsame reguleringsplanen for utviding av parkeringa i fjell i sentrum, eit industriområde på nordøya, utviding av Skittenelv Camping (dit kom eg meg ikkje på sykkelturen min. Det får verkeleg vere måte på kor langt eg skal sykle i folkets teneste), ei orienteringssak om «monsterbygget» på Kvaløyvegen og grunnlagsdokumentet for økonomiplan og budsjett. La oss berre seie at det blir ein tøff budsjettprosess i år og. Forøvrig synst eg desse andre planane ser OK ut. Det er nok ein diskusjon om i kor stor grad vi skal redusere gateparkeringa i sentrum når den nye fjellhallen er ferdig. Eg meiner at det er ein stor fordel å få parkeringa inn i fjellet, blant anna fordi det kan frigjere gateareal i sentrum til anna bruk.

Har du innspel til nokre av desse planane, så kom gjerne med dei. Alle sakspapira finn du her.

 

No kan du sende meg epost utan at CIA kan lese den

Ikkje det at eg trur at CIA, e-tenesta, KGB eller andre skulle vere det minste interessert i å lese verken mine eller dine epostar, men det er ein grunn til at vi la brev i konvoluttar i gamle dagar. Det er ikkje alt du vil at kven som helst skal kunne lese, sjølv om det du skriv er verken statsløyndomar eller kriminelle planar.

Eg har altså endeleg, etter å ha tenkt på det i mange år, installert og har moglegheit til å ta i bruk kryptering på epostane mine. Den beste krypteringa som er tilgjengeleg for oss vanlege folk er GnuPG som er open source versjonen av pretty good privacy. I korte trekk går denne krypteringa ut på at du skaffar deg to nøklar, ein offentleg og ein privat. Den offentlege nøkkelen brukar dei som vil skrive til deg for å kryptere ein epost eller ei fil. Den fila kan berre låsast opp dersom ein har den tilhøyrande private nøkkelen.

Eg skal ikkje garantere at ikkje NSA eller KGB eller andre kan vere i stand til å bryte denne krypteringa, men det finst så vidt eg veit ikkje eit einaste eksempel på dette. Dei som har greie på det meiner og at matematikken er slik at det skal vere tilnærma umogleg å bryte denne koden. Men, koden er ikkje sikrare enn din private nøkkel. Så om nøkkelen din er lett tilgjengeleg på din maskin og maskina blir borte så kan sjølvsagt andre lese din epost eller dine filer. Uansett, for dei fleste av oss er det meir enn godt nok at ikkje kven som helst kan lese epostane våre.

Grunnen til at eg har tatt dette i bruk no er at det no finst enkle løysningar også for oss som bruker nettbaserte epostprogram som gmail eller hotmail. Det har vore tungvint før. Eg bruker eit tillegg til Chrome, Opera (og Firefox, trureg) som heiter Mailvelope. Etter det eg har klart å googla meg fram til er dette ein sikker måte å gjere det på. Sei gjerne frå om du har anna informasjon.

Mailvelope installerer du enkelt frå appbutikken til Chrome. Tillegget tar deg gjennom heile prosessen med å lage nøklar etc.

Slik som dette ser det ut når du får ein kryptert epost:

Deretter må du trykke på låssymbolet og skrive inn koden din for å få tolka eposten.

Så dersom du vil sende meg ein kryptert epost så er dette min offentlege nøkkel: pal_julius_skogholt_public_key

Eg tenkjer at det vil vere ein fordel for oss alle om vi blir litt flinkare til å legge epostane våre i konvoluttar.

 

 

Kommune-NM i privatisering

NHO gjev kvart år ut ei rangering av norske kommunar. Denne rangeringa kallar dei eit kommune NM. Tromsø kommune kjem på ein god 26. i konkurransen. Men, det er kanskje verd å spørre om kva idrettsgreiner er det dei konkurrerer om i denne norgesmeisterskapen.

NHO si rangering baserer seg på fem hovudkomponentar; næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommuneøkonomi. Det er verd å merke seg at dette NM-et er det ikkje ein einaste øvelse som handlar om kvalitet på skole, helse eller eldreomsorg. Det er og verd å merke seg at ein viktig del av den komponenten som heiter kommuneøkonomi er kor mykje ein kommune har privatisert. I rapporten står det:

«Austevoll rangeres høyest først og fremst på grunn av at kommunen har størst andel kjøp av private tjenester.»

Eg er glad Tromsø ikkje er i toppen av denne indikatoren.

Det eg verkeleg ikkje skjønner er at NHO og ein sterk indignert kommentator i Nordlys, Skjalg Fjellheim klarer å bruke denne rangeringa som eit sterkt argument for kommunesamanslåingar. Det finst sjølvsagt gode argument for å slå saman kommunar, men

  • det blir ikkje ei anna befolkningssamansetning i Nord-Troms av å slå saman Skjervøy, Kvænangen, Nordreisa og Kåfjord.
  • det blir ikkje fleire med høgare utdanning i Nord-Troms av å slå saman Skjervøy, Kvænangen, Nordreisa og Kåfjord.
  • Derimot kan det bli enklare å privatisere velferdstenester dersom dei blir sentralisert i ein ny storkommune, og det siste er kanskje hovudgrunnen til at NHO (og Fjellheim?) er for kommunesamanslåing.

Det er og verd å merke seg at på dei aller fleste indikatorane så blir skilnadane mellom kommunane mindre. Det viser denne tabellen frå rapporten. Tal over ein betyr at skilnadene har auka, tal under ein betyr at skilnadene har gått ned.


Hovudinntrykket er at det har blitt større skilnader mellom kommunar som privatiserer og større skilnad i befolkningsvekst. Utover dette er det stabilt, med ein hovudvekt på minskande skilnader mellom kommunane.

Så er eg sjølvsagt samd med Skjalg Fjellheim som skriv i sin kommentar:

«Nord-Norge trenger altså ordførere som jobber like hardt for å skape varige, private arbeidsplasser som for å beholde tre eller åtte offentlige arbeidsplasser i kommunesenteret.»

Men eg kan ikkje skjønne at dette blir enklare av at det blir færre ordførarar.

Exit mobile version