Categories
Politikk

Det skal vere folkets hav – sikra i grunnloven

Det er inspirerande å sjå korleis fiskeripolitikken er blitt viktigare i Noreg. Til og med nasjonale media har tatt til å bry seg om korleis ein av dei største ressursane våre blir forvalta. Det gler meg spesielt at SV gjennom Torgeir Knag Fylkesnes har aksla leiartrøya i denne debatten.

Den aller viktgaste debatten handlar om kven som skal få del i dei verdiane som fisken skaper. Skal det vere nokre få kvotebaronar eller skal det komme kystsamfunna og folket langs kysten til gode.

SV har foreslått at det siste skal inn i grunnlova. Den må slå fast at det er kystens folk som skal ha glede av fisken. Vi foreslår at §111 i grunnlova skal lyde:

«Dei viltlevande marine ressursane er eigd av det nasjonale fellesskapet, og skal bidra til sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna. Nærare føresegner om forvaltninga av marine ressursar blir fastsette i lov.»

Så er det på sett og vis hyggeleg at Ap kjem halsande etter med sitt eiga forslag på same tema. Det triste er at i Ap sitt forslag har dei bevisst valt å ikkje seie noko om kven som skal tene på ressursane. Det betyr at med Ap sitt grunnlovsforslag vil politikken kunne halde fram som før. Det vil framleis vere slik at eit 20-tals familiar kan kontrollere brorparten av fiskeressursane. Ap sitt framlegg er reint pynting av grunnloven, litt slik skoleelevar teiknar bordar rundt oppgåva når leksa er ferdig.

Det er synd at Ap ikkje kan vere med på å ta eit oppgjer med faren for ei storstilt privatisering av fiskeressursane og vere med på å slå fast at det er kystens folk som skal ha verdien av fisken.

Ver med på å sikre kystfolket sine rettar til fisken, skriv under her.

Categories
Kommunepolitikk Politikk Troms og Tromsø

Belysningsnorm i Tromsø

Det er snart tid for eit nytt møte i byutviklingskomiteen i Tromsø. Denne gongen har eg ikkje sykla rundt å sett på alle områda, kanskje hovudsakleg fordi eg har jogga ei mil i dag for første gong i livet mitt (det er godt å skryte). Eg måtte altså bli 44 år før eg klarte det. Uansett, det er berre to saker som skal opp.

Det eine er klager på ein reguleringsplan på strandkanten. Det gjeld tilgang til parkeringsplassar og innpassing av ein gangsti.

Sakspapir her

Det som gjeld gangstien har eg ein del forståelse for, så det skal eg titte nærmare på. Det artigaste med den saka var likevel at eg har lært eit nytt ord. Tilflott. Tilflott beskriver det at du har tilgang til båt direkte frå hus eller naust. Det er eit ord som mest blir brukt frå Møre og nordover. Klagen i saka handlar om at tilflotten blir vanskelegare med gangstien. Eg trur ikkje berre det er gleda over eit nytt ord som gjer at eg har sansen for argumentasjonen der, men også at det finst ein alternativ veg. Dette skal eg sykle bort å sjå på før saka skal opp på torsdag.

Belysningsnorm

Sakspapiret er her.

Den andre saka heiter «Ny belysningsnorm for Tromsø kommune». Her skal eg innrømme at eg står litt på bar bakke. Eg ville sette stor pris på innspel frå folk som kan dette. Etter å ha lest gjennom saka og vedlegg har eg konkludert med at det ser heilt greitt ut, men det skulle ikkje forundre meg at nokon som kan dette og kan foreslå å gjere normen betre.

Av og til blir eg forundra over ting eg skal kunne ta stilling til som politikar.

For oss som ikkje kan så mykje om dette festar eg meg ved at det som hovudregel skal vere LED-lys og at det som hovudregel ikkje skal vere master av tre. Begge delar framstår som fornuftig. Det eg skal spørre litt om i møtet er farga på lyset. Ein del LED-lys er veldig kvite, og det er kanskje ikkje alltid så fint.

Det står i dokumentet at: «Lyskilden skal ha en fargegjengivelse Ra ≥ 70. Fargegjengivelse skal være konstant over levertid (CLO)». Så vidt eg har skjønt seier dette noko om at farga ikkje skal endre seg over levetida til lampa, men ikkje noko om kva farge det skal vere.

Categories
Politikk

Fiskekvotene forsvinn fra Troms og Finnmark

Fiskeriministeren kan ikkje påstå at han ikkje vart advart. Vi var mange som reagerte då han i sommar oppheva fylkesbindingane på fiskekvotene. No kan dei selgast ut av eit fylke og til eit anna. Heldigvis berre i same landsdel, men kjenn vi ministeren rett er det berre første steg før fullt frislepp.

I går kom denne meldinga hos NRK:

Fiskekvotene er allerede i ferd med å selges ut av Finnmark og Troms – to måneder etter lovendring. Vardø-ordføreren frykter ytterligere fraflytting langs kysten.

Dette er konsekvensen av ein blå fiskeripolitikk. Sandberg snakkar kanskje folkeleg, men bak snakket så arbeider han for dei som allereie har mest. Konsekvensen av denne politikken har vi allereie sett innafor fiske etter sild. Denne grafen frå LU viser utviklinga tydeleg:


Nordnorske fiskarar sine rettar til å fiske sild er blitt kraftig redusert.

Og, kanskje, berre kanskje, er denne nye fiskeripolitikken frå den blå regjeringa grunnen til at Findus ikkje etablerer seg i Finnmark. Til NRK seier direktør Jørn Gunnar Jacobsen:

– Det som gjør at det er risikabelt er at vi er helt avhengig av å produsere et visst antall volum til dagligvare. Vi kan ikke komme i en situasjon der vi ikke kan levere. Kontinuerlig tilgang på råstoff er helt avgjørende for oss.

Eg skjønner godt at Findus er skeptiske til å etablere seg på nytt i Finnmark når alt blir lagt til rette for å flytte råstoffet ut av fylket. Så då blir det kanskje slik direktøren antyder, at fiskeproduksjonen kjem til å skje i Oslo:

– Vi har lengst sesong på torsk i Finnmark, så sånn sett er dét absolutt noe som taler for å flytte dit. Men det er mange måter man kan løse det på. For eksempel har Lerøy etablert foredlingsprosessen sin i Oslo. De henter inn fisken og sender den til hovedstaden, sier han.

 

Categories
Miljø Troms og Tromsø

Bompengar i Tromsø

I Tromsø treng vi utbygging av vegar, gangvegar og sykkelstiar for rundt rekna 8 milliardar kroner. Dersom vi skal få staten til å bidra (med nesten halvparten) må vi og bidra sjølv. Derfor er det naudsynt med bompengar i Tromsø.

Korfor treng vi denne utbygginga, jau fordi byen veks og fordi vi må gjere vårt for å få ned klimagassutsleppa. Då må vi legge betre til rette for gåande, syklande og dei som tar buss. Likevel er det tenkt at 45% av pengane skal gå til vegar, 30% til bussane og 25% til sykkel-gang- og miljø- og trafikktryggingstiltak. Den fordelinga bør vi kanskje og diskutere?

Eg er ganske så sikker på at vi ikkje kjem utanom bompengar, eg er litt meir usikker på kva for eit av dei alternativa Statens vegvesen har presentert som er det beste.

Her kan du lese heile rapporten frå vegvesenet

Utgangspunktet mitt i denne diskusjonen er:

  • Så mange som mogleg må vere med å bidra

  • Det må vere ei rettferdig innkreving

  • Vi må ikkje straffe dei som er heilt avhengig av bil

  • Vi må redusere biltrafikken.

I utgangspunktet er dermed alternativ ein frå Statens Vegvesen utelukka. Som dokker ser av bildet så innebærer dette bommar på alle innfartsvegane til øya. Det medfører at dei som bur på fastlandet og på Kvaløya må bære den største byrda, medan bilistane på øya slepp å betale så lenge dei held seg på øya. Eg synst det er urimeleg fordi det blir skeivt kven som må betale, og fordi det er på øya det er enklast å bytte ut bilen med andre og meir miljøvenlege transportmiddel.

Dei seks ulike alternativa frå Statens vegvesen til kor bommane kan vere.

Alternativa vidare gjev eit stadig meir finmaska nett av bomstasjonar. I utgangspunktet liker eg alternativ seks best.

Det vil vere bomstasjonar ved overgangane mellom sonane. I alternativ seks vil 86 500 trafikantar vere med å betale. Tabellen for dei ulike alternativa ser slik ut:

Trafikantar som må vere med å betale

Aleternativ 1

46 000

Aleternativ 2

63 000

Aleternativ 3

77 500

Aleternativ 4

79 000

Aleternativ 5

82 500

Aleternativ 6

86 500

Ulempen med alternativ seks er at det er dyrare å sette opp. Kvar bomstasjon kostar pengar å sette opp og å drifte. I alternativ seks vil det vere bomstasjonar som knapt vil gje eit overskott til prosjektet. I alternativ seks er det 18 bommar, medan alternativ fem har 15 bommar. Eit meir finmaska nett av bommar vil og medføre at nokre vegar vil måtte stengast for biltrafikk. Også, eg skriv bom, men det vil ikkje blir ein fysisk bom tvers over vegen. I våre dagar går dette elektronisk. Du vil ha ein brikke i bilen som registrerer passeringa.

Kva vil det koste oss?

I utgreiinga frå Statens vegvesen er det foreslått at taksten skal vere 30 kroner i rushtida og 15 kroner ellers. Det er viktig å huske på at du ikkje vil betale i alle bomstasjonane. I løpet av ein time skal du berre betale ein gong, uansett kor mange bommar du passerer. Det er og lagt opp til at du maksimum skal betale for 80 passeringar i månaden og 20% rabatt med autopassbrikke.

Det betyr at i verste fall vil du få denne kostnaden:

80 passeringar * 30 kroner – 20% = 1920 kroner i månaden. Det kan komme til å merkast på økonomien.

Ein meir sannsynleg kostnad er denne. 20 arbeidsdagar * 2 passeringar à 30 kroner + 10 andre utanfor rushtid à 15 kroner – 20%. Det blir 1080,- kroner. Det er ikkje gratis det heller. Fordelen med dette er sjølvsagt at kvar einaste gong du syklar eller går så sparer du pengar. Men det er kanskje ei fattig trøyst for nokre av oss. Ein annan måte å sjå dette på er at alternativ seks er berekna til å gje ei inntekt på 3,8 milliardar over 15 år. Med 75 000 innbyggarar i Tromsø så vil det seie 3377,- per innbyggar per år.

Ja, det er ingen tvil om at dette vil koste pengar og at vi vil merke det. Eg trur likevel det er naudsynt, med omsyn til miljø og behovet for betre trafikkflyt i Tromsø. Det har og ein kostnad at vi ikkje gjer noko. Då vil vi halde fram med å ha kummerlege forhald for syklistane, køar for bilane og svevestøvet vil halde fram som før.

Eg vil gjerne ha dine innspel på alternativa som er presentert – eller kanskje heilt andre måtar vi kan gjere dette på.