Det skal vere folkets hav – sikra i grunnloven

Det er inspirerande å sjå korleis fiskeripolitikken er blitt viktigare i Noreg. Til og med nasjonale media har tatt til å bry seg om korleis ein av dei største ressursane våre blir forvalta. Det gler meg spesielt at SV gjennom Torgeir Knag Fylkesnes har aksla leiartrøya i denne debatten.

Den aller viktgaste debatten handlar om kven som skal få del i dei verdiane som fisken skaper. Skal det vere nokre få kvotebaronar eller skal det komme kystsamfunna og folket langs kysten til gode.

SV har foreslått at det siste skal inn i grunnlova. Den må slå fast at det er kystens folk som skal ha glede av fisken. Vi foreslår at §111 i grunnlova skal lyde:

«Dei viltlevande marine ressursane er eigd av det nasjonale fellesskapet, og skal bidra til sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna. Nærare føresegner om forvaltninga av marine ressursar blir fastsette i lov.»

Så er det på sett og vis hyggeleg at Ap kjem halsande etter med sitt eiga forslag på same tema. Det triste er at i Ap sitt forslag har dei bevisst valt å ikkje seie noko om kven som skal tene på ressursane. Det betyr at med Ap sitt grunnlovsforslag vil politikken kunne halde fram som før. Det vil framleis vere slik at eit 20-tals familiar kan kontrollere brorparten av fiskeressursane. Ap sitt framlegg er reint pynting av grunnloven, litt slik skoleelevar teiknar bordar rundt oppgåva når leksa er ferdig.

Det er synd at Ap ikkje kan vere med på å ta eit oppgjer med faren for ei storstilt privatisering av fiskeressursane og vere med på å slå fast at det er kystens folk som skal ha verdien av fisken.

Ver med på å sikre kystfolket sine rettar til fisken, skriv under her.

One Reply to “Det skal vere folkets hav – sikra i grunnloven”

  1. Liv Marie Austrem sa:

    Dette er ei viktig sak å ha rett i.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version