Radikal openheit i Tromsø kommune

Eg har i lengre tid gått svanger med eit forslag som eg er litt usikker på om er ein god ide eller ikkje. Derfor spør eg om hjelp her. Har det følgjande noko for seg eller ikkje? Er det problem eg ikkje har tenkt på?

map-1025845_640Ein kommune er ein stor økonomi, og kommunen forvaltar innbyggarane sine pengar til beste for oss alle. Er det ikkje då naturleg å tenke seg at rekneskapen blir gjort tilgjengeleg ned til siste krone i tilnærma sanntid ned til kvar minste transaksjon og kvar minste faktura?

Eg ser for meg at rekneskapen blir gjort tilgjengeleg som ei open dataløysning der alle kan gå inn å sjå på kvar einaste transaksjon og at det skal vere tilgjengeleg i eit maskinlesbart format.

Det vil gje alle (datakyndige) folk i kommunen og utanfor moglegheit til å undersøke pengebruken vår, kanskje sette tala saman på nye måtar og kanskje gje oss ny innsikt på korleis vi kan bruke pengane våre på ein betre måte.

Det vil sjølvsagt vere utfordringar her. Den viktigaste vil vere personvernet. Det vil vere transaksjonar, til dømes løn eller sosiale ytingar som ikkje kan vere tilgjengeleg for alle. Om det er mogleg å lage eit system som fungerer her veit eg ikkje. Vi kunne eventuelt starta med å gjere alle innkjøp tilgjengeleg på denne måten?

Dette må vere eit av fleire steg for å gjere absolutt alt av data som kommunen sit på (og som ikkje er avgrensa av personvernet) tilgjengeleg for alle innbyggarane og det må vere i maskinlesbart format.

Når vi har fått dette meir eller mindre på plass burde kommunen invitere til hackathons for å finne spennande ny bruk av alle dessa data. Kanskje ein premie til det beste forslaget.

Dei verkeleg spennande resultata kjem nok ikkje før både stat og fylkeskommune og går inn for ei like radikal openheit og det blir mogleg å kople data saman frå desse ulike kjeldene.

Storgata 25 – kanskje den største saka i byutviklingskomiteen

Nybygget Storgata25

På torsdag er det møte i byutviklingskomiteen. Eg kan dessverre ikkje vere med på møtet fordi eg er i Oslo på landsmøtet i Handel og Kontor. Men eg skal vere med å diskutere sakene, så eg tok fram sykkelen og trødde 25 km i dag for å ta ein titt på dei fire områda som skal handsamast i komiteen og i kommunestyret.

Storgata 25

Reguleringsplanen for Storgata 25 er kanskje den viktigaste saka denne gongen. I utgangspunktet ville omtrent alt som vart gjort her vere betre enn slik situasjonen ser ut i dag. Men, eg synst reguleringsplanen ser bra ut. Det er sjølvsagt lett å la seg forføre av fine bilde og illustrasjonar (eg blir i alle fall fort det, så dermed blir eg ekstra skeptisk for å kompensere), men eg liker dette prosjektet. Den passasjen som er tenkt opna gjennom det som i dag er eurosparbutikken (gamle Matservice) er med på å opne opp byen og er eit godt tilskott. Bygget blir litt høgare, men skuggeteikningane viser at dette er til å leve med. Det området som i dag er parkeringsplass (gamle shellstasjonen) vil bli bygd på. Det betyr færre parkeringsplassar i sentrum. Det synst eg er ein god ide, både fordi eg generelt meiner vi skal redusere bilbruken i og til sentrum og fordi det blir bygd nye parkeringsareal i fjell i nærleiken.

Byutviklingssjefen har innstilt på at planen skal vedtas, og eg er enig i det. Men om det er noko som gjer at eg burde endre meining så sei i frå.

Sakspaira finn du her

Stakkevollvegen 122-128

Denne reguleringsplanen synst eg var litt vanskelegare. Forslaget vil definitivt vere med på å utvikle Stakkevollvegen som ei bygate. Eg synst prosjektet ser ganske fint ut sett frå Stakkevollvegen, men dei som har hus i nærleiken vil miste lys, og blokka vil komme nær eksisterande bustader og klemme desse inne. Bygget vil bli like stort som det såkalla monsterbygget på Kvaløyvegen.

Delar av området som det ser ut no.
Delar av området som det ser ut no.

Eg synst i utgangspunktet at det er eit mykje mindre problem langs Stakkevollvegen enn langs Kvaløyvegen. Spørsmålet er likevel om det vil vere med på å utvikle eit godt bumiljø i området? Det felles utområdet for dei som skal bu i blokka blir lite – faktisk mindre enn i delar av sentrum. Eg trur vi må kunne forvente betre her. Det er og ei utfordring at atkomst til bygget vil kunne vere i konflikt med ny sykkelveg langs Stakkevollvegen. Det er og i gang eit arbeid med ny kommunedelplan for dette området. Ein kommunedelplan skal legge dei overordna føringane på korleis eit område skal utvikle seg. Eg trur absolutt der er verd å vente på den reviderte planen før vi eventuelt bygger så stort og dominerande langs Stakkevollvegen.

Denne videoen viser ganske tydeleg korleis bygget vil stenge inn husa bakom:

 

Eg er derfor godt nøgd med innstillinga frå byutviklingssjefen om å avvise denne reguleringsplanen no, og kreve at eit større område blir sett i samanheng.

Sakspapira finn du her.

Klager på reguleringsplan for Storhaugen og Nordmannsgård

Dei to andre saken som handlar om byutvikling er to klagesaker. På Nordmannsgård er det kommen inn sju klager. Byutviklingssjefen innstiller på å avvise fem av klagene og godta to. Dei to er rekkefølgjekrav om fortau (det skal komme tidlegar ei prosessen) og at det skal settast av arela til nærbutikk for å hindre at all handel skal vere bilbasert. Eg er samd i at det er fornuftig å imøtekomme desse krava. Forøvrig meiner eg at det skal ein god del til for å komme gjennom med ein klage om det ein klaga på var kjent då planen opprinneleg vart vedtatt. Dersom det ikkje var slik ville det skape for stor uforutsigbarheit i systemet. Det betyr sjølvsagt ikkje, at vi ikkje skal vurdere alle klagane skikkeleg. Denne gongen fann eg ingen grunn til å støtte dei aandre klagene.

Sakspaira til desse to sakene finn du her.

Ut å sjå

Forøvrig er det spennande å sykle rundt å sjå på alle prosjekta i byen vår. Eg merkar at eg ser på både bygg og terreng på ein annan måte når formålet mitt med turen er å verkeleg sjå korleis dei ulike prosjekta skal bli.

Mellom anna la eg merke til denne spennande kontrasten mellom gamalt og nytt ved Kaldslett i dag. Ein kontrast eg ikkje eigentleg har lagt merke til før. det er berre nokre få meter mellom desse husa.

Eller dette huset på bildet under her som openbart er under restaurering (får eg håpe) for tida. Byen har mykje å by på, pen hus, stygge hus, spennande kontrastar og det er spennande å vere med å legge rammane for korleis utvikling skal bli vidare.

Dette huset treng litt kjærleik
Dette huset treng litt kjærleik

Eg vil gjerne ha innspel på alle desse saken. Sei frå om det er noko eg ikkje har tenkt på, sjølv om eg har tenkt meir enn det eg har skrive om.

Småbruk eller Airbnb?

dsc_0033.jpgOttar Brox si siste bok «På vei mot et postindustrielt klassesamfunn» viser at Brox framleis tenkjer klårt og godt om utviklinga i landet. Boka er spennande, og eg anbefaler det til alle som er opptatt av korleis vi utviklar eit samfunn med små skilnader mellom folk.

Den sentrale bodskapen i boka er at dersom folk flest har lett tilgang til sjølvsysselsetting, så forhindrar vi utviklinga av eit klassesamfunn med store skilnader. I norsk samanheng viser Brox til at det at folk lett kunne skaffe seg eit småbruk med eit par kyr, eller hadde tilgang til fiske gjorde at dei sto sterkare i møte med det nye industrisamfunnet. Dei måtte ikkje akseptere kva som helst frå fabrikkeigaren. Dei hadde noko å falle tilbake på. Dette hevdar Brox skil Noreg frå mange andre land. I tillegg gjorde dette at vi ikkje først la ned landbruksøkonomien før vi bygde opp industriøkonomien. Samla sett førte det til ein større økonomisk vekst i Noreg.

Dersom vi aksepterer denne argumentasjonen. Og, eg synst den er god og sterk, så er neste spørsmål korleis vi kan halde fram med å bruke denne mekanismen i dag, utan å trur at vi skal tilbake til småbruket. For, som Brox skriv:

«Det er ikke mulig å skaffe seg billig arbeidskraft i et høgkostland uten å samtidig skaffe seg fattige familier»

Det er derfor sentralt for ei utvikling utan store skilnader at vi ikkje har billig arbeidskraft i landet vårt. Brox skriv litt om korleis vi skal få til dette, men det er den minst utvikla og kanskje den svakaste delen av boka. Han peiker på at vi er i ferd med å bygge opp ein ny underklasse i byane. Mange, kanskje eit fleirtal av desse er innvandrarar av ulikt slag. Nordmenn vil ikkje lenger skrubbe gryter og gjere alle dei tinga som må til for at samfunnet skal gå rundt. Korleis gjev vi dei som er i den lågtlønte tenesteytarklassa maktmiddel til å gjere situasjonen sin betre? Kan vi bruke same strategien på nytt, altså sørgje for at det finst alternativ til lågt betalte tenesteytingsjobbar i byane?

Det som openbart er viktig er å få sagt opp eller endra EØS-avtalen slik at vi kan redusere arbeidsinnvandringa til Noreg. Det vil gjere at vi ikkje får eit stadig påfyll av folk som vil jobbe for låge løner.

Delingsøkonomien, ein del av problemet eller løysninga?

Eg synst Brox for lett avfeier delingsøkonomien som ein del av løysninga for framtida. Det er openbart at delingsøkonomien som Über berre er ein måte å erstatte drosjesjåførar med billigare arbeidskraft, men andre delar av delingsøkonomien treng ikkje fugere på same måte som Über. Det som kjenneteikna den småbrukarøkonomien som Brox skildrar er at jord var billig i Noreg, det gjorde at småbrukarøkonomien var tilgjengeleg for dei fleste i Noreg. Går det an å tenke seg at delingsøkonomien kan fungere delvis på same viset. At den økonomien gjer tilgjengeleg kapital, i form av verkty, tomme hus eller anna på ein måte som gjer at folk kan sjølvsysselsette seg.

Eg meiner at verken det eine eller andre resultatet er openbart, og vil bli kraftig påverka av korleis vi vel å regulere delingsøkonomien framover.

Bustadprisane i norske byar er etterkvart blitt så høge, at det krevst ei heil lønning berre for å betale huslånet. Det betyr at om vi legg til rette for at byane ikkje skal vekse meir, og at bygdene kan halde oppe folketalet så gjer vi og noko med fordelinga. Derfor vil framleis fiskeripolitikken, distriktspolitikken og landbrukspolitikken vere ein viktig del av jobben for å bygge eit Noreg med små skilnader mellom folk.