Eit alternativt budsjett for ei alternativ verkelegheit

Etter å ha lest gjennom Høgre sitt alternative forslag til budsjett for Tromsø kommune sit eg og lurer på kva for ei alternativ verkelegheit partiet befinn seg i. Det som er heilt sikkert er at eg er litt misunneleg på den gode fantasien dei har.

Det er fullstendig useriøst å foreslå eit kutt for heimetenesta i kommunen på 62,5 millionar kroner. Vi er alle samd om målet om å få opp den såkalla ATA-tida. Dette er den tida pleiarane bruker saman med pasientane. Men den prosentsatsen Høgre legg opp til er det ikkje mogleg å nå i løpet av kort tid. Høgre seier dei legg det ATA-tida i dei private tenestekonsesjonane til grunn. Det dei fullstendig glømmer er at Tromsø er ein stor distriktskommune, medan dei private kun driv i Tromsø sentrum. Dersom kravet til ATA-tid som Høgre stiller opp skulle følgjast opp ville heile sparinga gå til å betale fartsbøter og vikarar for dei som kjem i fengsel for å ha køyrt for fort. Realiteten er at det ikkje er mogleg å kutte så mykje som Høgre foreslår utan at heimetenesta blir dårlegare.

Tankane dei har om å spare 20 millionar på å konkurranseutsette reinhald og næringsavfall er i beste fall ein utopi, og i verste fall eit bevist ønske om å sette ned lønene og gje dårlegare pensjon til dei som utfører desse tenestene i dag. Realitetane har vist at det er lite inntening å hente på å konkurranseutsette tenester. Stort sett er hovudkonsekvensen av konkurranseutsetting meir utrygge arbeidsforhald for dei tilsette.

Eg meiner det er kjempeviktig å redusere sjukefråveret i kommunen. Det er viktig fordi det tyder på eit arbeidsmiljø som gjer folk friske i staden for sjuke. Eg trur vi har eit stort potensiale for å både spare pengar og få fornøyde medarbeidarar. Men, å budsjettere med ein slik nedgang, før vi har fått det til er det same som å leike med monopolpengar.

Dobbeltmoralen til Høgre blir aller tydelegast når dei foreslår å sette ned løna til politikarane med to millionar. Det kan vere fornuftige grunnar til å gjere dette, men når forslaget kjem frå eit parti som då dei styrte innførte byrådsmodellen som var mykje dyrare enn dagens modell så er dette i beste fall skramlet frå tomme tønner. Gjennom å gjeninnføre formannskapsmodellen har vi allereie spart nesten 8 millionar på godtgjeringa til politikarane.

Budsjettet til Høgre viser tydeleg at dei ikkje ønsker å vere eit seriøst alternativ til dagens fleirtal. På sett og vis er det gledeleg.

Strøtankar om Listhaug og Nord-Noreg

No sit eg her og pustar ut etter eit langt kommunestyremøte. Eit møte der vi har løyvd pengar til bad, gymsal og skolar, medan tankane kretsar om kranglar, både store og små.

Eg tenkjer på at vi ikkje lenger har ein diskusjon om innvandring, integrering, asyl eller situasjonen for flyktningar i Noreg. Derimot har vi ein diskusjon om Listhaug og Joner, men mest om Listhaug. Det trur eg ingen andre enn Sylvi Listhaug og kanskje Frp tener på.

For så lenge diskusjonen handlar om Listhaug, så handlar ikkje diskusjonen om at ein familie Noreg har sendt tilbake til Afghanistan skada der i ei terrorbombe, eller at små barn blir sendt ut at landet, eller skjebnen til dei syriske flyktningane som no går ein utrygg vinter i møte i flyktningeleirar over heile Midt-Austen. Dersom vi som ønsker ein meir liberal asylpolitikk, vi som ønsker å ta eit ansvar for flyktningekatastrofen diskuterer Listhaug i staden for skjebnen til dei menneske dette gjeld så taper vi debatten. Eit hylekor mot Listhaug blir for meg uproduktivt. Vi må snakke om dei det gjeld.

Noko heilt anna er den underlege diskusjonen om ein nordnorsk region, eller mangelen på diskusjon og krangelen om grensar. Dette synst eg er ein grenselaust uproduktiv krangel. Eg trur ikkje livet til eit einaste menneske blir forandre til det betre anten grensa går i Tysfjorden eller ved Andfjorden. Eg trur ikkje livet til andre enn tilsette i fylkeskommunen blir endra i særleg grad anten vi har ein, to eller tre fylke i Nord-Noreg. Men, eg trur den krangelen vi har no gjer at Nord-Noreg får mindre gjennomslag i nasjonal politikk.

Det nye Nord-Norgeg? Kartet er basert på eit frå Wikipedia

Eg har lenge sagt at eg har mest tru på ein nordnorsk region, kanskje mest fordi eg langt bak har ein romantisk men håplaus ide om eit sjølvstendig Nord-Noreg, eller folkerepublikken Sapmi og Hålogaland! Men, eg har ikkje den minste tru på at dei “nye” regionane kjem til å få overført nye og viktige oppgåver frå sentralmakta – uansett kor store dei blir. La no fylka pusle med sitt og dersom vi absolutt skal gjere grenseendringar så foreslår eg at Troms blir delt mellom Nordland og Finnmark med Tromsø som ein fristad i midten. Det kunne no blitt litt artig om ikkje anna.

Tenk om vi kunne brukt all energien som er kasta bort på regiondiskusjon på å diskutert og jobba med eit nordnorsk jernbanekrav, på ein betre fiskeripolitikk, på å skaffe kapital til å utvikle landsdelen.

Malapropos alt dette så er det ein liten situasjon frå kommunestyremøtet i dag eg vil trekke fram. Etter initiativ frå meg i SV, Vanja Terentieff frå Høgre og Olga Goldfain frå Ap hadde vi ei sak om innovatve innkjøp i Tromsø kommune til diskusjon i dag. Innovative inkjøp er ein måte å utfordre både kommunen og næringsliv  til å tenke nytt på korleis vi skal gjere ting på ein smartare måte. Men Høgre sin gruppeleiar skremte meg i debatten. Han klarte altså å få seg til å seie at det ikkje foregår innovasjon i det offentlege, og at all innovasjon foregår i det private (sic!). Det er ganske så vanvittig med tanke at det foregår innovasjon i offentleg verksemd kvar dag, at det offentlege betaler for det meste av grunnforskinga osb. Det vitnar om ein mistillit til det arbeidet som blir gjort i norske kommunar kvar einaste dag av dyktige medarbeidarar.

Jaja, det får vere mange nok strøtankar i dag.

Feministeliten og økonomi

Eg lurer av og til litt på sjølvbildet til folk. Denne gongen Sylvi Listhaug. Ho har starta blogg og skal ha barn, og det er jo hyggeleg, men så var det dette med sjølvforståinga. 

Ho skriv på bloggen sin: «Jeg er lei av at eliten skal fortelle folk flest hva som er riktig og galt.», men kjære Sylvi, det er jo du som er eliten! Eventuelt så tar eg heilt feil, men i mitt hovud er ein minister absolutt ein del av eliten. I den grad det begreper gjev meining. I bloggen sin langar ho ut mot den såkalla «feministeliten» som visstnok fortel folk korleis dei skal leve liva sine. No kan vi jo godt diskutere om det å vere feminist gjer deg til ein del av eliten i Noreg (eg kjenner nokre som vil bli litt forundra over eit slikt utsagn), men det er jo regjeringa og Sylvi Listhaug som fortel folk korleis dei skal leve liva sine. Eit eksempel er jo at dei gjennom å kutte ned pappapermen sender eit tydeleg signal om at mor skal leve sitt liv heime, medan fedre skal tene pengar.

Uansett, det eg eigentleg skulle skrive litt om var SV sitt alternative statsbudsjett. Eit dokument som gjer meg stolt av å vere SVar. Vi legg der opp til å auke barnetrygda, senke skattane for vanleg fok (dei som tener under 600 000 kroner) og satse på ei grønn og næringsvenleg omstilling av samfunnet, samtidig som vi trappar ned oljepengebruken. Det oppnår vi gjennom å auke skattane for dei som har mest i samfunnet. Det er ikkje berre tre ting på ein gong. Det er fem ting samstundes. Med SV får du ikkje berre eit kinderegg, du får ei klubbe og nytt teikneserieblad på kjøpet! Les gjerne heile budsjettforslaget her.

 

Inga Sparboes veg

Det blir berre eit kort lite notat om morradagens møte i byutviklingskomiteen. Den mest interessante saka denne gongen er reguleringsplanen for Inga Sparboes veg. Den gjeld Odd Fellow-bustadene og Hvilhaug. Det er ei sak eg gler meg til å høyre diskusjonen om i komiteen, fordi eg er oppriktig i tvil om kva som er rett.

Dagens utsikt frå Steinerskolen. Her kjem det nye bygget

Argument for:

  • Tromsø treng omsorgsbustader
  • Prosjektet ser bra ut
  • Bustadane som er der no er slitne og treng utskifting

Argument mot:

  • Steinerskolen seier det nye bygget vil skyggelegge uteområda til elevane ved skolen, og skolen vil bli «dekt» til. I saksdokumentet står det: «Det vurderes at byggeprosjektet på BOFEs eiendom ikke tar tilstrekkelig hensyn til Steinerskolen»
  • Det er ikkje lagt opp til fellesområde. Som Eldrerådet skriv i sitt innspel: «Vi forventer imidlertid at det i et slikt fellesprosjekt skal være felles møteplasser for å motvirke sosial isolasjon»
  • Eg er i tvil om dette er i tråd med kommunen sin plan for utbygging av omsorgsinstitusjonar. Vil det stille krav til at kommunen stiller opp med tenester som vi ikkje har pengar til?
  • Det manglar ei helsefagleg vurdering av kommunen si rolle i prosjektet og helse- og omsorgskomiteen har i dag bedt om å få saka til vurdering

Så spørsmålet blir trumfar forargumenta motargumenta? Eg vil gjerne ha dine innspel. Saksdokumentet kan du lese her.

Klagesaker Stakkevollvegen og Midtre Kaldslett

Desse sakene synst eg sakene ser greie ut frå administrasjonen si side. Dei foreslår at vi godtar klagene på Stakkevollvegen for å få fortgang i prosjektet og at vi ikkje godtar klagen på Midtre Kaldslett. Burde eg endre meining. Kom med innspel. Sakene finn du her og her.

Også skal vi diskutere forbedringsprogrammet i kommunen. Dette skal vere med på å gjere drifta i kommunen betre. Denne saka er ei orienteringssak. Les saka her.

 

Exit mobile version