Eit alternativt budsjett for ei alternativ verkelegheit

Etter å ha lest gjennom Høgre sitt alternative forslag til budsjett for Tromsø kommune sit eg og lurer på kva for ei alternativ verkelegheit partiet befinn seg i. Det som er heilt sikkert er at eg er litt misunneleg på den gode fantasien dei har.

Det er fullstendig useriøst å foreslå eit kutt for heimetenesta i kommunen på 62,5 millionar kroner. Vi er alle samd om målet om å få opp den såkalla ATA-tida. Dette er den tida pleiarane bruker saman med pasientane. Men den prosentsatsen Høgre legg opp til er det ikkje mogleg å nå i løpet av kort tid. Høgre seier dei legg det ATA-tida i dei private tenestekonsesjonane til grunn. Det dei fullstendig glømmer er at Tromsø er ein stor distriktskommune, medan dei private kun driv i Tromsø sentrum. Dersom kravet til ATA-tid som Høgre stiller opp skulle følgjast opp ville heile sparinga gå til å betale fartsbøter og vikarar for dei som kjem i fengsel for å ha køyrt for fort. Realiteten er at det ikkje er mogleg å kutte så mykje som Høgre foreslår utan at heimetenesta blir dårlegare.

Tankane dei har om å spare 20 millionar på å konkurranseutsette reinhald og næringsavfall er i beste fall ein utopi, og i verste fall eit bevist ønske om å sette ned lønene og gje dårlegare pensjon til dei som utfører desse tenestene i dag. Realitetane har vist at det er lite inntening å hente på å konkurranseutsette tenester. Stort sett er hovudkonsekvensen av konkurranseutsetting meir utrygge arbeidsforhald for dei tilsette.

Eg meiner det er kjempeviktig å redusere sjukefråveret i kommunen. Det er viktig fordi det tyder på eit arbeidsmiljø som gjer folk friske i staden for sjuke. Eg trur vi har eit stort potensiale for å både spare pengar og få fornøyde medarbeidarar. Men, å budsjettere med ein slik nedgang, før vi har fått det til er det same som å leike med monopolpengar.

Dobbeltmoralen til Høgre blir aller tydelegast når dei foreslår å sette ned løna til politikarane med to millionar. Det kan vere fornuftige grunnar til å gjere dette, men når forslaget kjem frå eit parti som då dei styrte innførte byrådsmodellen som var mykje dyrare enn dagens modell så er dette i beste fall skramlet frå tomme tønner. Gjennom å gjeninnføre formannskapsmodellen har vi allereie spart nesten 8 millionar på godtgjeringa til politikarane.

Budsjettet til Høgre viser tydeleg at dei ikkje ønsker å vere eit seriøst alternativ til dagens fleirtal. På sett og vis er det gledeleg.

One Reply to “Eit alternativt budsjett for ei alternativ verkelegheit”

  1. liv marie austrem sa:

    Godt innlegg – godt skrive.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.