Kan ein sykkeltunnel på pålar vere med å løyse plassproblema langs Stakkevollvegen?

Prøv å sjå for deg ein sykkeltunnel på pålar langs Stakkevollvegen. Du flyt avgarde på sykkelen din medan du nyt utsikta til Tinden og ser ned på bilane under deg. Det er tørt, det er ingen motvind, medan skletta og Balsfjordvinden gjer det utriveleg på utsida av veggane av polycarbonat.

Hadde det ikkje vore fint med ein slik tunnel over Stakkevollvegen? Faksimile frå: http://www.aftenbladet.no/meninger/debatt/Sykkeltunnel-StavangerSandnes-Billigere_-enklere-og-raskere-a-bygge_-god-helseeffekt-nar-langt-flere-vil-sykle-536659b.html

Det er heilt sikkert mange gode argument mot dette forslaget, kanskje er det berre ein draum. Men vi treng draumar, og samtidig vil kanskje denne draumen vere med på å løyse nokre av dei plassproblema vi har med å utvide Stakkevollvegen.

Tromsø har eit ønske om å gjere Stakkevollvegn om til ein firefeltsveg med kollektivfelt, sykkelbane og fortau. Det tar mykje plass, plass vi ikkje har langs Stakkevollvegen. Kanskje kan ein del av løysninga vere å trekke sykkelbanen opp i lufta?

Bildet er henta frå ein artikkel i Stavanger Aftenblad om ein slik sykkeltunnel. Eg kan ikkje svare på om det vil vere lønsamt å bygge ein slik tunnel langs Stakekvollvegen. Det kjem sjølvsagt an på kostnaden, og på kva vi eventuelt sparer på å bruke mindre veggrunn. Den må vi jo kjøpe. Det ville jo og måtte vere mogleg å køyre av og på ein slik tunnel undervegs.

I Oslo har dei og hatt ein diskusjon om ein slik sykkeltunnel, også i Bodø har dei vore inne på noko liknande. Tromsø er jo ein by med mykje vêr. Det hender at det er litt vind, litt regn og litt snø, gjerne samtidig. Då hadde det vel vore greitt å kunne sykle under tak?

Eystein Husebye har laga ein plan for ein slik sykkeltunnel i Oslo. Han anslår kostnaden til ca 30 000,- kroner per meter. Men det inkluderer sykkelparkeringsstasjonar og treplanting langs tunnelen.

Eg er sjølvsagt ikkje sikker på om dette er lurt, men eg synst det er ein spennande ide. Kva trur dokker?