Det kan ikkje vere noko tvil om at den store saka i neste møte i byutviklingskomiteen er bompengesaka. Men, vi skal handsame fleire andre saker i tillegg. Reguleringsplanen for Folkeparken og Telegrafbukta, Brannordninga for Tromsø og ei detaljregulering på Strand.
Bompengar og byutvikling
Bompengar er ei stor og viktig sak for Tromsø kommune og innbyggarane i Tromsø. Den er stor og viktig av to grunnar. 1. Den gjev oss inntektar til å løyse fleire store utfordringar i trafikken i Tromsø, og 2. Den pålegg innbyggarane i Tromsø ganske store utgifter.
Eg trur det er rett å starte med utgangspunktet. Trafikk og transport er ei av dei tre store årsakane til CO2-utslepp i Noreg. Dei to andre store er industrien og oljeutvinning. Av desse tre er det berre industrien som har klart å redusere utsleppa sine. Dersom vi skal klare å begrense klimaendringane (det er for seint å stoppe dei) er må alle desse tre store sektorane redusere utsleppa. Innan samferdsel betyr det at vi må bli meir effektive når vi reiser. I biltrafikken betyr det at vi må legge til rette, mest, for bussane, men og for gåande og syklande. Det kostar dessverre pengar. Pengar vi kan få gjennom dette spleiselaget mellom innbyggarane i kommunen og staten. Dersom vi bilkøyrarar betalar fire milliardar i bompengar i løpet av 20 år så stiller staten med det same beløpet. Det er ingen tvil om at dette blir ei ganske stor ekstarutgift for mange, men det er nok naudsynt for å få gjort det vi skal gjere.
Kva skal pengane gå til? 45 prosent av pengane skal gå til vegtiltak. Sånn sett kan vi seie at nesten alt det bilistane betaler inn går tilbake til bilistane. Dei tiltaka som ligg inne i pakka no er:
· Ny tunnel (Postterminal Langnes-Breivika)
· F2 (Ny hovedveg flyplassen-Giæverbukta)
· Tromsdalen E8; miljø, vegutbedring redusere barrierevirkning, trafikksikkerhet
· Tiltakspakke Langnes; Vegutbedring/kollektivfelt/gang- og sykkel/trafikksikkerhet
· Stakkevollvegen Nord; x Gimlevegen-x Ringvegen), støv/støy/trafikksikkerhet
· Kvaløyforbindelsen; Ny bru Selnes-Langnes
Tretti prosent av pengane skal gå til infrastrukturtiltak for bussen. Nærmare bestemt:
· Fremkommelighetstiltak for «Metrobuss Tromsø»
· Fremkommelighet, fjerne flaskehalser, kollektivfelt øvrig linjenett for bybuss
25 prosent av pengane skal gå til trafikktryggleik, gåande og syklistar. Innafor denne delen ligg desse prosjekta:
· Tiltak på sammenhengende hovednett for sykling og gåing, for effektivitet og trygghet
· Etablere fortau på viktige kommunale veger som mangler tilrettelegging for gående.
· Tilrettelegging for helårsbruk av viktige snarveger registrert i snarvegkartleggingen fra 2014.
· Tineanlegg i fortausareal i Tromsø sentrum.
· Bedre vinterdrift av anlegg for sykkel og gåing.
Alt i alt tenkjer eg at dette er gode og viktige tiltak for innbyggarane i Tromsø. Så vil det sikkert vere ulike meiningar om kostnaden er for store.
Eg tenkjer at det som ligg i innstillinga frå administrasjonen er bra. Men to ting er eg usikker på. Det eine er at eg gjerne skulle sett at vi kunne utvida perioden som går før du må betale på nytt. Per no ligg det inne i framlegget at du berre betaler ein gong per time uavhengig av kor mange bommar du passerer. Eg skulle gjerne sett dette utvida til 1,5 timar. Då ville mange fått moglegheit til å frakta ungane til trening og andre fritidsaktivitetar og berre betale ein gong for bompasseringa. Det ville lette byrda for mange barnefamiliar. Men dette fører jo og til mindre inntektar i systemet.
Det andre er dette talet på 600 millionar til drift og investering at sjølve bompengesystemet. Eg må innrømme at eg steila då eg såg dette talet. Det kan då ikkje koste to millionar å året å drifte ein ubemanna bomstasjon!? Dersom dette er riktig, så har vi ikkje rett teknologi. Det må vere mogleg å gjere dette betydeleg billigare.
I beregningane er det lagt inn ei lånerente på 5,5%. Det synst eg er alvorleg høgt sett i samanheng med det rentenivået vi har no.
Saksframlegget kan du lese her. Alle vedlegga til saka finn du ved å gå hit.
Folkeparken
Så til noko hyggelegare. Vi skal vedta ny reguleringsplan for Folkeparken. Her kunne eg lagt inn ein liten tirade om kor vanvittig det er at Opplysningsvesenets fond sit med store eigendomar rundt i landet samstundes som kyrkjegardane ikkje blir godt nok vedlikehalde. Men det får vente til ein annan gong. Det får halde med å seie at eg synst reguleringsplanen ser god ut. Men kom gjerne med innspel.
Saksframlegget kan du lese her. Alle vedlegga til saka finn du ved å gå hit.
Detaljregulering på Strand
Strandfeltet på Kvaløya er ikkje ferdig. Denne saka gjeld ei detaljregulering som er i tråd med overordna plan, reint bortsett frå at det er ei endring i innkøyringa til feltet. Det blir berre ei innkøyring noko som vil gje større trafikktryggleik i området. Også denne planen synst eg ser grei ut, men kom gjerne med innspel.
Saksframlegget kan du lese her. Alle vedlegga til saka finn du ved å gå hit.
Brannordning i Tromsø
Vi skal og vedta ei ny brannordning for Tromsø. Det er i motsetnad til kva ein skulle tru ein plan for korleis vi skal unngå brann i Tromsø og for å ha god nok beredskap om det skulle brenne. Eg synst planen ser veldig god ut. Men dette er ei type sak der eg må stole på fagfolka i stor grad. Men eg tar gjerne mot innspel. Dei springande punkta her er pengar. Dersom eg har forstått dette så treng vi ein bydelsbrannstasjon på Kvaløya og kanskje på fastlandet. Det er ikkje gratis. Ein ny liten brannbil til bruk i tunellane og parkeringshus treng vi og. Det får vi ikkje gjennom å vedta planen. Det får vi gjennom å sette av pengar i budsjetet. Det kan bli tøft, men naudsynt å få til.
Saksframlegget kan du lese her. Alle vedlegga til saka finn du ved å gå hit.
Alle sakene
Dette er sakslista for møtet med lenker til saksdokumenta:
0003/17 | TENK TROMSØ – FASTSETTING AV BOMPENGEKONSEPT I TROMSØ SAMT ORIENTERING OM FORELØPIG TILTAKS- OG FINANSIERINGSPLAN | Fremlegg |
0004/17 | PLAN 1793 – REGULERINGSPLAN FOR FOLKEPARKEN M.M. ENDELIG VEDTAK | Fremlegg |
0005/17 | BRANNORDNING FOR TROMSØ KOMMUNE ROS TROMSØ BRANN OG REDNING | Fremlegg |
0006/17 | NY ORGANISASJONSMODELL FOR TROMSØ KOMMUNE – FASE 2 | Fremlegg |
0007/17 | PRIVAT FORSLAG – TROMSØ KOMMUNES ARKITEKTURPRIS | Fremlegg |
0008/17 | PLAN 1836 – DETALJREGULERINGSPLAN FOR STRAND BOLIGFELT, FELT B4 | Fremlegg |