
Når no fiskeriminister Per Sandberg foreslår å fjerne aktivitetsplikta og dei andre pliktene ulike trålarar har hatt som motyting for å få gratis tilgang til folket sin eigedom så kjem det til å få konsekvensar i Stamsund og i andre fiskevær langs kysten vår. I Stortingsmeldinga skriv regjeringa:
«Basert på tall for sysselsetting og vurdering av de enkelte arbeidsmarkedene er det grunn til å anta at de regionale ringvirkningene av en eventuell nedleggelse vil bli størst i Stamsund og Melbu i Nordland.»
Ein av hovudgrunnane til at eg engasjerte meg politisk i si tid og meldte meg inn i SV var torskekrisa på slutten av 80-talet. I Stamsund som så mange andre stader langs kysten merka vi denne krisa på kroppen. Vi gjekk i tog mot fiskeriminister Svein Munkejord og slåss for at fisken som var igjen skulle komme på land i fiskeværa langs kysten og skape verdiar, arbeidsplassar, liv og røre der. No er denne kampen igjen meir enn aktuell. Dersom vi fjernar pliktane til trålarane (mot ei lita avkorting i kvotene) så kan vi ikkje sikre at fisken faktisk vil vere med å skape liv og røre langs kysten. Vi gjev frå oss kontrollen. Og, dersom utviklinga fortsetter er det nok ikkje lenge til desse reiarlaga blir eigd heilt eller delvis av internasjonale gigantar som Unilever eller andre. Presset for størst mogleg forteneste vil skape press på å tillate utanlandsk og billig arbeidskraft. Vi, som bur langs kysten, mistar avkastninga av fisken og fisket. Allereie har mange stader langs kysten mista den retten dei hadde til fisk frå trålarane. No forsvinn dei siste.
Eg trur faktisk ikkje så stygt om Frp og Per Sandberg at eg trur at dette er målet dei har sett seg. Eg trur ikkje dei eigentleg vil denne utviklinga, men det er konsekvensen av politikken om høgreregjeringa får halde fram. Dersom Stamsund og andre fiskevær langs kysten skal ha ei framtid som fiskevær, som noko meir enn kulissar for turistar, så må vi vinne kampen om kontroll med ressursane langs kysten. Det er grunnen til at at SV sitt grunnlovsforslag er så viktig. Vi foreslår at grunnloven skal seie:
«Dei viltlevande marine ressursane er eigd av det nasjonale fellesskapet, og skal bidra til sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna. Nærare føresegner om forvaltninga av marine ressursar blir fastsette i lov.»
Dette stortingsvalet som kjem no blir eit avgjerande slag i kampen for dei store ressursane i havet vårt. Skal vi eige og forvalte dei saman, eller skal vi overlate til andre å hente verdien og overskottet av fisken.
Pliktene til trålarane er kanskje ikkje altomfattande viktig, men det er ein del av ei utvikling som går i feil retning. Trålarane fekk i si tid konsesjon og unntak frå deltakarloven fordi dei skulle sørge for aktivitet på land i den tida kystflåten ikkje kunne levere fisk. Dersom denne føresetninga fell bort, fell og grunnlaget for konsesjonane bort. Konsekvensen må bli at kvotane tilfell samfunna langs heile den nordnorske kysten som i dag skulle hatt fordelen av leveringsplikt og aktivitetsplikt.
Eg har retta nokre skrivefeil etter at dette innlegget vart publisert



Planen legg opp til ei ganske stor utbygging i dette området. Her blir det lagt opp til at dagens bussparkeringsplass blir utvidingsområde for UNN. Det kan bli ei ganske stor bustdautbygging på oversida av Hansine Hansens veg (klart gult på kartet) og det blir bydelspark rundt Lillevannet. Nord i området blir det satt av areal til eit Bu- og velferdssenter (BOP_F1). Dette er ei klar forbetring frå dagens plan. I dag er området rundt Lillevannet sett av til offentleg og privat tenesteyting. Denne planen legg med andre ord opp til mindre påverknad på Tromsømarka samstundes som det blir plass til mellom 400 til 1000 bustader i området, avhengig av reguleringsplan. Det kan sjølvsagt bli utfordringar med trafikken på Nordøyavegen, men arealet for bustader er justert ned frå 200 daa til 100 daa i området.
Dette er nærområdet mitt. Her det det foreslått bustadbygging i området B_F14 (kraftig skravert gul farge på kartet), som blir nordvest for fotballbanen. Dette er eit områda som i dag har friluftspreg og er direkte knyt ttil Tromsømarka. Eg er derfor litt skeptisk i utgangspunktet. Samstundes er det ingen tvil om at det kan bli eit bra buområde, trass flystøy og at det er nært busstrasear, skole og butikkar. Eg skal derfor ikkje avvise det tvert. Så vidt eg kan sjå berører det ikkje akebakken i tilknytting til skolen. Samstundes er eg veldig glad for at administrasjonen foreslår ein bestemmelse i arealplanen om at ein ikkje skal kunne sette i gang med noko her før forvaltningsplan for Tromsømarka er ferdig. Det betyr at vi kan sjå dette området i samanheng med resten av marka før vi tar ei endeleg beslutning.
Her er heldigvis alle forslag om å bygge ned mot fjæra avvist. Området B_F12 ligg på oversida av Ringvegen og eg synst det framstår som rimeleg å tillate bygging av bustader her.
Det er flott å sjå at det ikkje er forslag om å bygge ut Holt-eigedomen, og at det ikkje blir opna for å bygge ut på nedsida av Kvaløyvegen, anna enn Aakre-tomta. Eg er litt i tvil om eigedomen Nordheim (B_F3). Området er i dag eit LNF-område, men har ikkje vore brukt til landbruk dei siste åra. Det er eit område som vil gje plass til 80 bustader som vil ligge sentralt. Det er mykje som talar for å akseptere bustadbygging her. Men og gode grunnar til å la området vere ubebygd.
Det største tiltaket her er Strandbyen (B_F1). Dette området vart sett av til bustadbygging allereie i forrige KPA i 2011 og konsekvensutgreidd den gongen. Det er snakk om ei utfylling i sjø nedanfor Reinen. Det vil gje plass til mange bustader i området. Dette er eit stort tiltak som og krev lokk over E8/E8 i kulvert før dte blir aktuelt. Det er nok eit lang lerret å bleike før dette blir bygd ut, men når det skjer er eg ganske sikker på at heile området blir betre. Her må og Kystverket aksepter utfyllinga.
Her er det fleire store og viktige forslag. Dei må uansett ligge på vent til vi anten får på plass ei ny bru eller vi har fått til eit så godt busstilbod at Sandnessundbrua ikkje lenger er ein barriere. Nedanfor Slettatorget blir det lagt opp til ei blanda utbygging av bustader og forretningar som tilsaman vil styrke Slettatoget som knutepunkt. Det vil bli plass til kyrkje og anna infrastruktur. Finland blir bevart som landbruksområde. Nord for dagens områda på Slettaelva blir det lagt opp til ei ganske stor utbygging av bustader som ser grei ut.