Framtida langs kysten – aktivitetsplikt og andre pliktar

Midnattsol, Nordlys og vakre bilde er ikkje nok. Vi må og ha kontroll med ressursane langs kysten vår. Foto: Clemensfranz/Wikimedia Commons
Eg er frå Stamsund. Det er eit fiskevær i Lofoten. Det er og ein av dei plassane langs kysten som har ein fiskeindustri som får fisk frå trålarane til reiarlaget Havfisk. Ein av grunnane til det er at Havfisk har såkalla aktivitetsplikt knytt til trålarane sine. Det betyr at dei får kvoter frå oss alle mot at dei sikrar aktivitet og arbeidsplassar på land. Blant anna i Stamsund.

Når no fiskeriminister Per Sandberg foreslår å fjerne aktivitetsplikta og dei andre pliktene ulike trålarar har hatt som motyting for å få gratis tilgang til folket sin eigedom så kjem det til å få konsekvensar i Stamsund og i andre fiskevær langs kysten vår. I Stortingsmeldinga skriv regjeringa:

«Basert på tall for sysselsetting og vurdering av de enkelte arbeidsmarkedene er det grunn til å anta at de regionale ringvirkningene av en eventuell nedleggelse vil bli størst i Stamsund og Melbu i Nordland.»

Ein av hovudgrunnane til at eg engasjerte meg politisk i si tid og meldte meg inn i SV var torskekrisa på slutten av 80-talet. I Stamsund som så mange andre stader langs kysten merka vi denne krisa på kroppen. Vi gjekk i tog mot fiskeriminister Svein Munkejord og slåss for at fisken som var igjen skulle komme på land i fiskeværa langs kysten og skape verdiar, arbeidsplassar, liv og røre der. No er denne kampen igjen meir enn aktuell. Dersom vi fjernar pliktane til trålarane (mot ei lita avkorting i kvotene) så kan vi ikkje sikre at fisken faktisk vil vere med å skape liv og røre langs kysten. Vi gjev frå oss kontrollen. Og, dersom utviklinga fortsetter er det nok ikkje lenge til desse reiarlaga blir eigd heilt eller delvis av internasjonale gigantar som Unilever eller andre. Presset for størst mogleg forteneste vil skape press på å tillate utanlandsk og billig arbeidskraft. Vi, som bur langs kysten, mistar avkastninga av fisken og fisket. Allereie har mange stader langs kysten mista den retten dei hadde til fisk frå trålarane. No forsvinn dei siste.

Eg trur faktisk ikkje så stygt om Frp og Per Sandberg at eg trur at dette er målet dei har sett seg. Eg trur ikkje dei eigentleg vil denne utviklinga, men det er konsekvensen av politikken om høgreregjeringa får halde fram. Dersom Stamsund og andre fiskevær langs kysten skal ha ei framtid som fiskevær, som noko meir enn kulissar for turistar, så må vi vinne kampen om kontroll med ressursane langs kysten. Det er grunnen til at at SV sitt grunnlovsforslag er så viktig. Vi foreslår at grunnloven skal seie:

«Dei viltlevande marine ressursane er eigd av det nasjonale fellesskapet, og skal bidra til sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna. Nærare føresegner om forvaltninga av marine ressursar blir fastsette i lov.»

Dette stortingsvalet som kjem no blir eit avgjerande slag i kampen for dei store ressursane i havet vårt. Skal vi eige og forvalte dei saman, eller skal vi overlate til andre å hente verdien og overskottet av fisken.

Pliktene til trålarane er kanskje ikkje altomfattande viktig, men det er ein del av ei utvikling som går i feil retning. Trålarane fekk i si tid konsesjon og unntak frå deltakarloven fordi dei skulle sørge for aktivitet på land i den tida kystflåten ikkje kunne levere fisk. Dersom denne føresetninga fell bort, fell og grunnlaget for konsesjonane bort. Konsekvensen må bli at kvotane tilfell samfunna langs heile den nordnorske kysten som i dag skulle hatt fordelen av leveringsplikt og aktivitetsplikt.

 

Få ein epost neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Eg har retta nokre skrivefeil etter at dette innlegget vart publisert

Slaps og kommunestyremøte

Våren er i kanskje i ferd med å komme til Tromsø og. Det kom i alle fall mykje våt og tung snø i natt. Det er imponerande at vegane faktisk er opne og moglege å sykle på etter eit slikt snøfall. Kudos til brøytemannskapet. Men, no driv eg eigentleg å utsett det eg skulle skrive om. Neste kommunestyremøte i Tromsø. Det er litt overveldande å skulle prøve å seie noko fornuftig om det. Det er 38 saker med stort og smått, litt over 2200 sider å lese. Fleire av sakene er heldigvis oversittarar frå sist møte. 

Men, det er ikkje alle sakene som er like store og viktige. Den aller største saka er arealplanen for Tromsø. Den har eg skrive om her. Du kan kommentere der om du vil komme med innspel.

Så i mangel på inspirasjon til å skrive noko om alle desse sakene, gjer eg det enkelt for meg. Sakslista finn du nedanfor her. Har du innspel eller kommentarar til sakene, bruk kommentarfeltet, så skal eg svare etter beste evne. OK? Alle sakspapira finn du på kommunen sine nettsider.

Sak
39/17 PLAN 1793 – REGULERINGSPLAN FOR FOLKEPARKEN M.M. ENDELIG VEDTAK
40/17 PLAN 1836 – DETALJREGULERINGSPLAN FOR STRAND BOLIGFELT, FELT B4
41/17 BRANNORDNING FOR TROMSØ KOMMUNE ROS TROMSØ BRANN OG REDNING
42/17 BOSETTING 2016/2017
43/17 HØRING – NOU 2016:17 PÅ LIK LINJE – ÅTTE LØFT FOR Å REALISERE GRUNNLEGGENDE RETTIGHETER FOR PERSONER MED UTVIKLINGSHEMMING
44/17 PILOTPROSJEKT – UTVIKLING AV TRYGGHETSSTANDARD I SYKEHJEM
45/17 UTVIDELSE SOLNESET SKOLE – INVESTERINGSRAMMER
46/17 HØRING – ENDRING AV FORSKRIFT OM PEDAGOGISK BEMANNING OG DISPENSASJON I BARNEHAGER
47/17 HØRING – ENDRINGER I FORSKRIFTSBESTEMMELSER OM AVSLUTTENDE PRØVER I NORSK OG SAMFUNNSKUNNSKAP FOR VOKSNE INNVANDRERE
48/17 ÅRLIG RAPPORTERING FRA BARNEHAGEENHETENE PÅ IMPLEMENTERING AV KVALITETSPLAN
49/17 SKOLESTRUKTUR UNGDOMSSKOLENE PÅ TROMSØYA
50/17 VALG MEDDOMMERE 2017-2020 – OPPFØLGING AV VANDELSKONTROLL
51/17 VALG AV LAGRETTEMEDLEMMER 2017-2020 – OPPFØLGING AV VANDELSKONTROLL
52/17 MEDDOMMERE TIL NORD-TROMS TINGRETT 2017-2020 – SØKNAD OM FRITAK OG NYVALG
53/17 MINSAK – FOLKEAVSTEMNING OM BOMPENGER I TROMSØ
54/17 FINANSRAPPORT PR. 31.12.16
55/17 KONTROLLUTVALGSSAK 04/17 – OPPFØLGING FORVALTNINGSREVISJONSRAPPORT KARTLEGGING AV FYSISK OG PSYKOSOSIALT ARBEIDSMILJØ FLYKTNINGTJENESTEN
56/17 RESULTAT AV KARTLEGGING AV FRILUFTSVERDIER
57/17 KOMMUNEPLANENS AREALDEL 2015 – 2026 – TIL ENDELIG VEDTAK
58/17 ORIENTERINGSSAK – TILSYN BARNEHAGENE I TROMSØ
59/17 RETNINGSLINJER FOR LEKSEHJELP I TROMSØ KOMMUNE
60/17 RAPPORTERING FRA BARNEVERNTJENESTEN TIL FYLKESMANNEN PER 31.12.2016 – STATUS LUKKING AVVIK OG FORBEDRING ARBEIDSMILJØ
61/17 KONTROLLUTVALGSSAK 26/17 – REFERAT FRA ETATSBESØK BARNEVERNTJENESTEN 01.11.2016
62/17 VEDTEKTER TROMSØ HAVN KF
63/17 ØKONOMISK ANALYSE AV TROMSØ HAVN KF
64/17 SVAR PÅ SØKNAD OM DISPENSASJON FRA MOTORFERDSELLOVEN TIL PREPARERING AV SAMBRUKSLØYPER – TOUR IN LYNGENALPS
65/17 RETNINGSLINJER FOR INTEGRERINGSRÅD I TROMSØ KOMMUNE
66/17 STYREVALG – REMIKS HUSHOLDNING AS
67/17 VALG AV VARAREPRESENTANT TIL KOMMUNALT RÅD FOR MENNESKER
68/17 REGLEMENT FOR KOMMUNALE GARANTISTILLELSER
69/17 BARNE- OG AVLASTNINGSBOLIGER SOMMERLYST – VALG AV TOMT
70/17 FOLKEHELSEOVERSIKT FOR TROMSØ 2016
71/17 ORGANISERING AV HELSE- OG OMSORGSTJENESTEN, FASE 3
72/17 ORIENTERINGSSAK OM SLT-ARBEIDET I TROMSØ KOMMUNE
73/17 PROGRAM FOR UTVIKLING AV HELSE OG OMSORG 2017- 2018
74/17 KOMPETANSEPLAN FOR BARNEVERNTJENESTEN
75/17 FORSLAG TIL STRATEGIPLAN FOR ETTER OG VIDEREUTDANNING I TROMSØSKOLEN 2017-2020
76/17 RAPPORT ETTER KARTLEGGING AV TVERRETATLIG SAMARBEID I TROMSKOMMUNENE OG I LONGYEARBYEN LOKALSTYRE

Ein hyllest til bilistane

I dag hadde eg ganske enkelt lyst til å hylle bilistane i Tromsø. Eg syklar mykje, heile året, til jobb og frå jobb, til møter og frå møter. Andre stader i landet les eg stadig om konfliktar mellom bilistar og syklistar. Det opplever eg så godt som aldri i Tromsø. Bilistane i Tromsø er, slik eg opplever det, hensynsfulle og greie. Dei slepp syklistane fram, også når vi strengt tatt ikkje har forkøyrsrett.

Det gjer at eg opplever Tromsø som ein svært trygg sykkelby. Så er det enkelte kryss som er uoversiktlege og vanskelege, vegar som er trange der det av og til kan vere litt kluss. Men, det er fordi kryssa er vanskelege og vegane smale, ikkje fordi vi som er trafikantar i Tromsø er vanskelege. Sjølvsagt er dette berre mi oppleving av ting, men eg trur det viser at vi klarer å få det.

Så er det nokre ting som er irriterande som syklist. Det aller mest irriterande er når bilar står parkert på fortau og sykkelvegar. Men det endrar ikkje hovudinntrykket. Bilistane i Tromsø er rett og slett flotte folk!

Varebil parkert i sykkelveg
Einskilde irriterande situasjonar er det, men stort sett er bilistane i Tromsø flinke til å ta omsyn.

Så er sjølvsagt alt eg skriv no feil, fordi vi er jo ikkje syklistar eller bilistar. Dei aller fleste av oss er begge delar, i tillegg til at vi går og tar buss. Det er kanskje det som skal til for at vi tar omsyn til kvarandre i trafikken?

Ein arealplan for framtidas Tromsø?

I går fekk vi administrasjonen sitt framlegg til ny arealdplan i kommuneplanen for Tromsø. Planen legg føringar for korleis kommunen vår skal utvikle seg, kvar det skal vere lovleg å bygge og kva det skal vere lovleg å bygge. Eg er no utruleg glad for at SV leverte inn ein lovlegheitsklage slik at det forrige utkastet ikkje vart vedtatt. Dette er eit mykje betre utgangspunkt for diskusjonen enn den forrige var.

I dette innlegget kjem eg til å vere litt spørrande, og ta opp nokre saker som eg gjerne vil ha innspel på. Eg har lest gjennom og tenkt litt, men er langt frå ferdigtenkt. Eg gler meg til høyringa om planen i byutviklingskomiteen på fredag, og vil gjerne ha innspel. Overordna så synst eg planframlegget løyser tilhøvet til tromsømarka greitt, men det er framleis utfordringar. Gjennom denne planen vil det vere plass til å bygge ca 24 000 bustader i sentrumsområda. Det gjev rom for at byen kan vekse med opp mot 48 000 mennesker. Vi har med andre ord plass nok. Eg skal ta for meg nokre av dei områda der vi får dei største endringane frå dagens situasjon.

UiT – Stakkevollan

Utsnitt forslaget til arealplan - StakkevollanPlanen legg opp til ei ganske stor utbygging i dette området. Her blir det lagt opp til at dagens bussparkeringsplass blir utvidingsområde for UNN. Det kan bli ei ganske stor bustdautbygging på oversida av Hansine Hansens veg (klart gult på kartet) og det blir bydelspark rundt Lillevannet. Nord i området blir det satt av areal til eit Bu- og velferdssenter (BOP_F1). Dette er ei klar forbetring frå dagens plan. I dag er området rundt Lillevannet sett av til offentleg og privat tenesteyting. Denne planen legg med andre ord opp til mindre påverknad på Tromsømarka samstundes som det blir plass til mellom 400 til 1000 bustader i området, avhengig av reguleringsplan. Det kan sjølvsagt bli utfordringar med trafikken på Nordøyavegen, men arealet for bustader er justert ned frå 200 daa til 100 daa i området.

Mortnesnes – Håpet

Utsnitt forslaget til arealplan - Mortensnes - HåpetDette er nærområdet mitt. Her det det foreslått bustadbygging i området B_F14 (kraftig skravert gul farge på kartet), som blir nordvest for fotballbanen. Dette er eit områda som i dag har friluftspreg og er direkte knyt ttil Tromsømarka. Eg er derfor litt skeptisk i utgangspunktet. Samstundes er det ingen tvil om at det kan bli eit bra buområde, trass flystøy og at det er nært busstrasear, skole og butikkar. Eg skal derfor ikkje avvise det tvert. Så vidt eg kan sjå berører det ikkje akebakken i tilknytting til skolen. Samstundes er eg veldig glad for at administrasjonen foreslår ein bestemmelse i arealplanen om at ein ikkje skal kunne sette i gang med noko her før forvaltningsplan for Tromsømarka er ferdig. Det betyr at vi kan sjå dette området i samanheng med resten av marka før vi tar ei endeleg beslutning.

Hamna

Utsnitt forslaget til arealplan - HamnaHer er heldigvis alle forslag om å bygge ned mot fjæra avvist. Området B_F12 ligg på oversida av Ringvegen og eg synst det framstår som rimeleg å tillate bygging av bustader her.

Holt – Kvaløyvegen

Utsnitt forslaget til arealplan - HoltDet er flott å sjå at det ikkje er forslag om å bygge ut Holt-eigedomen, og at det ikkje blir opna for å bygge ut på nedsida av Kvaløyvegen, anna enn Aakre-tomta. Eg er litt i tvil om eigedomen Nordheim (B_F3). Området er i dag eit LNF-område, men har ikkje vore brukt til landbruk dei siste åra. Det er eit område som vil gje plass til 80 bustader som vil ligge sentralt. Det er mykje som talar for å akseptere bustadbygging her. Men og gode grunnar til å la området vere ubebygd.

Tromsdalen

Utsnitt forslaget til arealplan - TromsdalenDet største tiltaket her er Strandbyen (B_F1). Dette området vart sett av til bustadbygging allereie i forrige KPA i 2011 og konsekvensutgreidd den gongen. Det er snakk om ei utfylling i sjø nedanfor Reinen. Det vil gje plass til mange bustader i området. Dette er eit stort tiltak som og krev lokk over E8/E8 i kulvert før dte blir aktuelt. Det er nok eit lang lerret å bleike før dette blir bygd ut, men når det skjer er eg ganske sikker på at heile området blir betre. Her må og Kystverket aksepter utfyllinga.

Kroken


Her blir det starta ein områdereguleringsprosess, der formålet er å få til eit meir urbant preg på området og ei samanbinding av området frå Kyrkja til Krokensenteret. Det blir plass tiltil ein del bustader, og eg trur dette området treng ei ansiktsløfting.

Kvaløysletta – Slettaelva

Utsnitt forslaget til arealplan - KvaløyslettaHer er det fleire store og viktige forslag. Dei må uansett ligge på vent til vi anten får på plass ei ny bru eller vi har fått til eit så godt busstilbod at Sandnessundbrua ikkje lenger er ein barriere. Nedanfor Slettatorget blir det lagt opp til ei blanda utbygging av bustader og forretningar som tilsaman vil styrke Slettatoget som knutepunkt. Det vil bli plass til kyrkje og anna infrastruktur. Finland blir bevart som landbruksområde. Nord for dagens områda på Slettaelva blir det lagt opp til ei ganske stor utbygging av bustader som ser grei ut.

Andre ting

Eg har enno ikkje nådd å sjå grundig på områda utanfor byen. Ved første blikk ser det stort sett greitt ut. Det er og mange forslag som er avvist i planen. Dei har eg ikkje gått inn på her. Det er viktig at det i plankartet er lagt inn eit samanhengane hovudnett både for gåande og syklande. Så har sjølvsagt ikkje ein plan dei pengane som skal til for at ting skal skje. Det må komme gjennom bymiljøavtalen. Alt i alt synst eg planen er eit steg i rett retning for Tromsø. Det blir lagt opp til ei utbygging som gjer det mogleg å ta trafikkveksten med buss, gange og sykkel. Det e rplass til ein stor vekst i Tromsø utan at vi tar av marka. Så er det mykje som gjenstår av planlegging, og reguleringsplanane for dei einskilde områda vil i stor grad bestemme kvaliteten på områda. Men overordna så liker eg denne planen.

Så la meg avslutte med å nok ein gong seie at vi fekk planen i går. Eg kan ha misforstått eller oversett ting. Det kan hende eg skal endre meining om ting osb. For at dette skal bli så bra som mogleg så treng eg og alle dei andre politikarane innspel frå innbyggarane. Kom gjerne med innspel til meg her.

Også er det jo litt trist at sykkeltunell ikkje er inkludert.

Dersom du vil lese sakspapira så finn du dei her. Det enklaste dokuemntet å starte med for å få oversyn er nok det som heiter «Planbeskrivelse»

 

Få ein epost neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner