Kommunepolitikk,Troms og Tromsø

Ein arealplan for framtidas Tromsø?

I går fekk vi administrasjonen sitt framlegg til ny arealdplan i kommuneplanen for Tromsø. Planen legg føringar for korleis kommunen vår skal utvikle seg, kvar det skal vere lovleg å bygge og kva det skal vere lovleg å bygge. Eg er no utruleg glad for at SV leverte inn ein lovlegheitsklage slik at det forrige utkastet ikkje vart vedtatt. Dette er eit mykje betre utgangspunkt for diskusjonen enn den forrige var.

I dette innlegget kjem eg til å vere litt spørrande, og ta opp nokre saker som eg gjerne vil ha innspel på. Eg har lest gjennom og tenkt litt, men er langt frå ferdigtenkt. Eg gler meg til høyringa om planen i byutviklingskomiteen på fredag, og vil gjerne ha innspel. Overordna så synst eg planframlegget løyser tilhøvet til tromsømarka greitt, men det er framleis utfordringar. Gjennom denne planen vil det vere plass til å bygge ca 24 000 bustader i sentrumsområda. Det gjev rom for at byen kan vekse med opp mot 48 000 mennesker. Vi har med andre ord plass nok. Eg skal ta for meg nokre av dei områda der vi får dei største endringane frå dagens situasjon.

UiT – Stakkevollan

Planen legg opp til ei ganske stor utbygging i dette området. Her blir det lagt opp til at dagens bussparkeringsplass blir utvidingsområde for UNN. Det kan bli ei ganske stor bustdautbygging på oversida av Hansine Hansens veg (klart gult på kartet) og det blir bydelspark rundt Lillevannet. Nord i området blir det satt av areal til eit Bu- og velferdssenter (BOP_F1). Dette er ei klar forbetring frå dagens plan. I dag er området rundt Lillevannet sett av til offentleg og privat tenesteyting. Denne planen legg med andre ord opp til mindre påverknad på Tromsømarka samstundes som det blir plass til mellom 400 til 1000 bustader i området, avhengig av reguleringsplan. Det kan sjølvsagt bli utfordringar med trafikken på Nordøyavegen, men arealet for bustader er justert ned frå 200 daa til 100 daa i området.

Mortnesnes – Håpet

Dette er nærområdet mitt. Her det det foreslått bustadbygging i området B_F14 (kraftig skravert gul farge på kartet), som blir nordvest for fotballbanen. Dette er eit områda som i dag har friluftspreg og er direkte knyt ttil Tromsømarka. Eg er derfor litt skeptisk i utgangspunktet. Samstundes er det ingen tvil om at det kan bli eit bra buområde, trass flystøy og at det er nært busstrasear, skole og butikkar. Eg skal derfor ikkje avvise det tvert. Så vidt eg kan sjå berører det ikkje akebakken i tilknytting til skolen. Samstundes er eg veldig glad for at administrasjonen foreslår ein bestemmelse i arealplanen om at ein ikkje skal kunne sette i gang med noko her før forvaltningsplan for Tromsømarka er ferdig. Det betyr at vi kan sjå dette området i samanheng med resten av marka før vi tar ei endeleg beslutning.

Hamna

Her er heldigvis alle forslag om å bygge ned mot fjæra avvist. Området B_F12 ligg på oversida av Ringvegen og eg synst det framstår som rimeleg å tillate bygging av bustader her.

Holt – Kvaløyvegen

Det er flott å sjå at det ikkje er forslag om å bygge ut Holt-eigedomen, og at det ikkje blir opna for å bygge ut på nedsida av Kvaløyvegen, anna enn Aakre-tomta. Eg er litt i tvil om eigedomen Nordheim (B_F3). Området er i dag eit LNF-område, men har ikkje vore brukt til landbruk dei siste åra. Det er eit område som vil gje plass til 80 bustader som vil ligge sentralt. Det er mykje som talar for å akseptere bustadbygging her. Men og gode grunnar til å la området vere ubebygd.

Tromsdalen

Det største tiltaket her er Strandbyen (B_F1). Dette området vart sett av til bustadbygging allereie i forrige KPA i 2011 og konsekvensutgreidd den gongen. Det er snakk om ei utfylling i sjø nedanfor Reinen. Det vil gje plass til mange bustader i området. Dette er eit stort tiltak som og krev lokk over E8/E8 i kulvert før dte blir aktuelt. Det er nok eit lang lerret å bleike før dette blir bygd ut, men når det skjer er eg ganske sikker på at heile området blir betre. Her må og Kystverket aksepter utfyllinga.

Kroken


Her blir det starta ein områdereguleringsprosess, der formålet er å få til eit meir urbant preg på området og ei samanbinding av området frå Kyrkja til Krokensenteret. Det blir plass tiltil ein del bustader, og eg trur dette området treng ei ansiktsløfting.

Kvaløysletta – Slettaelva

Her er det fleire store og viktige forslag. Dei må uansett ligge på vent til vi anten får på plass ei ny bru eller vi har fått til eit så godt busstilbod at Sandnessundbrua ikkje lenger er ein barriere. Nedanfor Slettatorget blir det lagt opp til ei blanda utbygging av bustader og forretningar som tilsaman vil styrke Slettatoget som knutepunkt. Det vil bli plass til kyrkje og anna infrastruktur. Finland blir bevart som landbruksområde. Nord for dagens områda på Slettaelva blir det lagt opp til ei ganske stor utbygging av bustader som ser grei ut.

Andre ting

Eg har enno ikkje nådd å sjå grundig på områda utanfor byen. Ved første blikk ser det stort sett greitt ut. Det er og mange forslag som er avvist i planen. Dei har eg ikkje gått inn på her. Det er viktig at det i plankartet er lagt inn eit samanhengane hovudnett både for gåande og syklande. Så har sjølvsagt ikkje ein plan dei pengane som skal til for at ting skal skje. Det må komme gjennom bymiljøavtalen. Alt i alt synst eg planen er eit steg i rett retning for Tromsø. Det blir lagt opp til ei utbygging som gjer det mogleg å ta trafikkveksten med buss, gange og sykkel. Det e rplass til ein stor vekst i Tromsø utan at vi tar av marka. Så er det mykje som gjenstår av planlegging, og reguleringsplanane for dei einskilde områda vil i stor grad bestemme kvaliteten på områda. Men overordna så liker eg denne planen.

Så la meg avslutte med å nok ein gong seie at vi fekk planen i går. Eg kan ha misforstått eller oversett ting. Det kan hende eg skal endre meining om ting osb. For at dette skal bli så bra som mogleg så treng eg og alle dei andre politikarane innspel frå innbyggarane. Kom gjerne med innspel til meg her.

Også er det jo litt trist at sykkeltunell ikkje er inkludert.

Dersom du vil lese sakspapira så finn du dei her. Det enklaste dokuemntet å starte med for å få oversyn er nok det som heiter «Planbeskrivelse»

 

Få ein epost neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Standard