Vi må jo ha båt når vi bur på ei øy

Det er litt underleg, vi bur på ei øy, nokon vil kanskje kalla det ein holme, men vi bruker ikkje båt. På ein måte er det eit framsteg. Vi køyrer på bruer og under havet i tunnelar. Det er raskt og ganske effektivt. Men hadde det ikkje vore enno meir effektivt å kunne ta båt, forbi køar, svevestøv og glatte vegar.

Eg prøver å overtyde Ingrid om at ho kan bli like glad i båt som i buss.

Dette innlegget skriv eg fordi gruppeleiaren min, og partikamerat Ingrid Kielland har uttrykt ein viss skepsis. Som ho seier, “Æ e byjente, transport handler om buss, sykkel og bil, ikkje båt!” Så, Ingrid, dette er eit forsøk på å overbevise deg og alle andre om at båt er ein god ide. 

Så forestill deg, Ingrid, ein hustrig januardag, du skal frå Kvaløya og til byen. Bilane (saman med bussane) står i kø på grunn av eit nytt stort snøfall og det fristar lite å sykle over brua og opp Langnesbakken, sjølv på den fine el-sykkelen din, i snøskletta og og nordavind. Då kan du trille ned til kaia, kanskje på Finland, ta med sykkelen din rett ombord på ein elektrisk hurtigbåt. Det er varmt og godt, du kan snakke kjenning med folk og 20 minutt seinare er du i byen, og kan trille dit du skal på sykkelen din. Eller kanskje spasere eller springe om du er litt seint ute til eit møte. (Du er forøvrig ikkje byjente, du kjem frå Kvaløya 🙂 Eg kan trygt seie det som er oppvoksen i Lofoten og aldri har lata som eg er bygut).

Det er sånn ca 12 km sjøvegen frå sentralt på Kvaløysletta til sentrum. Ein båt som gjer 25 knop (46 km/t) vil unnagjere strekninga på 15 og eit halvt minutt, men det er fartsbegrensingar og ikkje full fart heile tida så la oss seie tidsbruken blir 20 til 25 minutt.

Eg ser for meg at båten kunne gått frå Eidkjosen, til Kvaløysletta, deretter byen/Lanes før den fortset til Tromsdalen, sentrum og Breivika. Det er stort sett smult farvatn, og sjølv om det kan vere litt bølgar i Sandnessundet og rundt sørspissen trur eg ikkje du skal vere bekymra for sjøsjuke, Ingrid.

Den finst allereie gode løysningar som vi kan bruke. Eg har forelska meg litt i konseptet Urban Water Shuttle som du kan sjå video av under. Kanskje er interiøret litt vel minimalistisk sjølv for meg, men vi kan sikkert male i litt friskare fargar.

Eg trur heller ikkje det er så svært mange år til vi kan ha autonome båtar. Tønsberg kommune har allereie eit anbod ute for ei slik løysning over Holmøysundet. Det krevst at vi løyser problem knytt til evakuering, brann ol utan mannskap. Men, eg trur vi skal dit om ei stund. Då blir dette ei billig, miljøvenleg og fleksibel løysning for transportutfordringane i Tromsø.

Blir du med ombord, Ingrid?

Få ein epost neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

2 Replies to “Vi må jo ha båt når vi bur på ei øy”

  1. Flott, Pål Julius – stå på for ferger over Tromsøsundet og Sandnessundet. (Det snakket vi jo om på forrige medlemsmøte også.)

  2. liv marie austrem sa:

    Fint skrive!

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.