Heile Tromsømarka er i bruk – sjekk ut stravaspora

I diskusjonen om Tromsømarka blir det ofte sagt at det eller det området er lite brukt. Ut i frå alle stiane i marka har eg hatt ein mistanke om at det ikkje stemte heilt. Ein tilleggsindikasjon på bruken er Strava sitt kart over kor folk beveger seg. Strava er ein app på telefonen eller på fitbit etc som loggar kvar du går, spring, syklar etc. Mange brukar denne for å halde seg orientert om treninga og aktiviteten sin. Det som er litt artig er at Strava samlar all denne informasjonen. Noko som kan fortelle oss litt om kvar folk beveger seg i Tromsø. Dette er bildet per no.

Det vi ser er at absolutt heile øya og mesteparten av nærmarka på Kvaløya og på fastlandet er i bruk. Det er ein god indikasjon på kor viktig marka er for folk i Tromsø. Også er det mange artige detaljar eg legg merke til. Du ser tydeleg bruken av Sandnessundet til vassport, kiting, brettsegling etc. Du ser og kor mange som går på Raudtinden og Kjølen og spreiinga i kor folk køyrer ned frå fjellet. Sherpastien opp til Fløya lyser kraftig opp. Litt svakare ser du rundt Grindøya og ellers i sundet det eg vil tru er kajakkpadlarane i byen. Omtrent det einaste området i Tromsø som ikkje er brukt til friluftsliv eller trening er flyplassen – og det skal vi kanskje vere glade for.

Forøvrig har dette kartet blitt brukt til mykje spennande, blant anna meiner folk at dei kan finne amerikanske millitærbasar basert på at det plutseleg dukkar opp stravaspor midt i Syria eller Sahara. Les meir om det her. Du kan sjølv utforske kartet her.

 

Friluftstoalett i Grøtfjord og nokre klagesaker i neste møte i byutviklingskomiteen

oversiktbilde Grøtfjorden. Foto: Harald Groven/wikimediaDette møtet har ikkje mange nye saker. Dei aller fleste sakene er klagesaker. Gladsaka i dette møtet er sjølvsagt friluftstoalett i Grøtfjorden. Grøtfjorden er eit viktig utfartsområde i Tromsø. Mange kosar seg på den fine stranda på fine sommardagar. Når det er mange folk på lite plass så er det viktig med gode fasilitetar. Eg er kjempeglad for at vi no beveger oss nokre steg i rett retning og nærmar oss bygging av kommunale toalett. Til no har dei fasilitetane som er der vore drive nærmast på dugnad.

Ny kommunalteknisk norm er viktig, men ganske teknisk og litt vanskeleg gripe for ein lekmann. Her vil eg gjerne ha innspel. Det er eit punkt om innkjøpsreglar ol. som eg skal titte nærmare på for å sikre at dei er i samsvar med dei reglane vi har i kommunen og som skal sikre arbeidstakarrettar og gode innkjøp.

Når det gjeld klagesakene er utgangspunktet mitt at dersom det ikkje kjem nye moment i klagen skal det mykje til for å omgjere vedtak, også vedtak som eg er usamd i. Eg må likevel tenke litt på kva vi skal gjere med prosjektet i Vestregata. Eg var ikkje med på handsaminga i kommunestyret sist. Eg måtte gå for å vere med på eit arrangement på skolen til ungane mine etter å ha sjekka at stemmen min ikkje kom til å bli avgjerande i kommunestyret. Hadde eg vore der ville eg stemt mot reguleringsplanen, men ei klagesak er litt annleis. Dersom vi skal omgjere eit vedtak bør det vere nye fakta eller andre nye moment. Ein klage skal vanlegvis ikkje vere ein rein omkamp. Men, som sagt, eg er i tenkeboksen.

Mortensnessaka vedkjem jo nærområdet mitt, men eg synst administrasjonen har svara godt på klagene.

Dei andre klagesakene er eg innstilt på å avvise.

Den siste saka er meir indremedisin. Kva reglar skal vi som politikarar og kommunens administrasjon følgje? Det er ei sak innfor dette som kan vere relevant å diskutere i byutviklingskomiteen, og det er kven som skal avgjere klager på bygge- og delingssaker.

I dag blir desse avgjort i administrasjonen. Spørsmålet er om dette skal opp på politikarane sitt bord? Mange av sakene er reine regelforståingssaker og høyrer heime i fagadministrasjonen, men mange inneheld skjønnsvurderingar og dermed politikk. Dersom desse skal opp til politikarane så må vi og diskutere korleis vi sikrar likehandsaming av sakene. Eg er nok ikkje klar til å ta endeleg stilling til dette i komitemøtet. Dette skal vi nok diskutere meir internt i SV og med samarbeidspartia våre.

Eg tar gjerne mot innspel på alle sakene, anten i kommentarfeltet, på facebook eller i epost til pal.julius@skogholt.org

Saksliste med lenke til saksframlegga

Foto: Harald Groven/Wikimedia Commons

Få ein epost neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Erna er stjerna

Erna Solberg på valvaken. Foto: CF Wesenberg. Copyright: Høgre
Erna har fått ei regjeringserklæring som er akkurat som ho ønska seg. Foto: C.F Wesenberg. Copyright Høgre

Eg har akkurat lest gjennom regjeringserklæringa for den nye regjeringa der Venstre har blitt ein del av den blå-blå regjeringa. Eller lest er kanskje ikkje rett, eg har skumma gjennom det som på mange måtar er eit politisk meisterverk, eller makkverk alt etter korleis du ser det.

Regjeringserklæringa er usannsynleg vag. Regjeringa skal «vurdere» det aller meste. Faktisk skal dei vurdere heile 92 saker. Det er få tydelege krav med unntak av nokre få (viktige) saker som nei til oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Det betyr at Erna Solberg har fått det som ho vil. Gjennom å ta inn Venstre har å fått større spelerom i dei interne forhandlingane i regjeringa, og i ein situasjon der formuleringane i regjeringserklæringa er vage er det ein fordel for Statsministeren og det største partiet, altså Høgre.

Det er berre å gratulere Solberg med eit godt politisk handtverk og ønske Venstre lykke til i dei mange interne drakampane som dei kjem til å tape. Samstundes kjem dei til å oppleve at dei vinn fordi dei stoppar noko av det verste frå Frp, men likevel blir med på ting som dei aldri ville godtatt om dei ikkje var med i regjeringa.

Forøvrig spår eg at Venstre får tre statsrådar og at det blir Kunnskapsdepartemntet, kulturdepartementet og miljødepartementet.

Skiparkering

Lysløypa på toppen av øya er ei viktig samferdselsåre i Tromsø. Vinterstid er det mange som bruker løypa for å gå på ski til jobb. Potensialet er likevel større. Det kan vere utfordrande å måtte bære skia ned og opp frå Charlottenlund til byen for eksempel. Ei skiparkering der ein kunne sette frå seg ski og skisko på ein trygg og låsbar plass ved Charlottenlund og ved skibrua over Erling Kjeldsens veg kan føre til at endå fleire vil bruke ski til jobb vinterstid? 

Folk i alle aldrar bruker lysløypa, nokre og som transportåre til og frå jobb eller studiar. Vi burde gje dei moglegheit til å låse skia fast på ein trygg måte.

Ei skiparkering på Charlottenlund kunne eventuelt vore kombinert med bysykkelordning med el-syklar som ein slags “skiheis” opp frå byen til Charlottenlund?

Over 400 000 brukar lysløypa

I 2017 passerte 412 069 personar tellepunktet til kommunen på Charlottenlund. Sjølvsagt var ikkje alle desse på veg til eller frå jobb med ski på føtene. Men nesten ein halv million mennesker viser at lysløypa er ei viktig ferdselsåre på toppen av øya. Det er og klåre toppar i bruken i samband med morgon og ettermiddag, noko som fortel at dette nettopp er ei transportåre i tillegg til å vere viktig for trim og rekreasjon.

Dette er sjølvsagt ikkje verdas største sak, men ei sak som om det ikkje kostar for mykje kunne vore ei fin lita forbetring for innbyggarane i Tromsø. Så i dag har eg sendt inn dette forslaget til handsaming i kommunen:

Kommunestyret ber om ei sak frå administrasjonen med framlegg til korleis ei skiparkering kunne ordnast, og med oversyn over kostnadane.

Og det er klart, kva det kostar vil avgjere om dette er noko vi kan gjennomføre.

 

 

Om Voldemort, fiskebåtar og overtru

Eg reknar meg sjølv som ein ganske rasjonell mann. Eg er opptatt av vitskap og mot overtru og sånt. Ein del av gamal overtru er at det er farleg å nemne ting med sitt eigentlege namn. Derfor har vi ord som gråbein for ulv, for det var farleg å nemne ulven med sitt eigentlege namn. Det same ser vi i bøkene og filmane om Harry Potter. Det er farleg å nemne Voldemort med sitt eigentlege namn. Det vil gje han makt, derfor «He who must not be named»

Sånn type overtru blåser eg sjølvsagt av. Eg trur ikkje det minste på at Siv Jensen eller Erna Solberg blir mektigare eller farlegare om vi bruker dei rette namna på dei. Men i dag gjekk eg forbi denne båten.

Eg må innrømme at det aller første eg tenkte var at dette var å utfordre skjebnen. Det å kalle ein fiskebåt for «Fangst» må jo vere feil og føre til det motsette, nemleg svart hav og uhell.

Det tok meg nokre sekund å innsjå korleis tankane mine gjekk, og eg veit sjølvsagt at namnet på båten ikkje betyr noko for fangsten. Eg er jo rasjonell og vitskapleg anlagt. Men eg skal innrømme eg ville aldri kalla min fiskebåt for «Fangst». Den sjansen tar eg ikkje.