Friluftstoalett i Grøtfjord og nokre klagesaker i neste møte i byutviklingskomiteen

oversiktbilde Grøtfjorden. Foto: Harald Groven/wikimediaDette møtet har ikkje mange nye saker. Dei aller fleste sakene er klagesaker. Gladsaka i dette møtet er sjølvsagt friluftstoalett i Grøtfjorden. Grøtfjorden er eit viktig utfartsområde i Tromsø. Mange kosar seg på den fine stranda på fine sommardagar. Når det er mange folk på lite plass så er det viktig med gode fasilitetar. Eg er kjempeglad for at vi no beveger oss nokre steg i rett retning og nærmar oss bygging av kommunale toalett. Til no har dei fasilitetane som er der vore drive nærmast på dugnad.

Ny kommunalteknisk norm er viktig, men ganske teknisk og litt vanskeleg gripe for ein lekmann. Her vil eg gjerne ha innspel. Det er eit punkt om innkjøpsreglar ol. som eg skal titte nærmare på for å sikre at dei er i samsvar med dei reglane vi har i kommunen og som skal sikre arbeidstakarrettar og gode innkjøp.

Når det gjeld klagesakene er utgangspunktet mitt at dersom det ikkje kjem nye moment i klagen skal det mykje til for å omgjere vedtak, også vedtak som eg er usamd i. Eg må likevel tenke litt på kva vi skal gjere med prosjektet i Vestregata. Eg var ikkje med på handsaminga i kommunestyret sist. Eg måtte gå for å vere med på eit arrangement på skolen til ungane mine etter å ha sjekka at stemmen min ikkje kom til å bli avgjerande i kommunestyret. Hadde eg vore der ville eg stemt mot reguleringsplanen, men ei klagesak er litt annleis. Dersom vi skal omgjere eit vedtak bør det vere nye fakta eller andre nye moment. Ein klage skal vanlegvis ikkje vere ein rein omkamp. Men, som sagt, eg er i tenkeboksen.

Mortensnessaka vedkjem jo nærområdet mitt, men eg synst administrasjonen har svara godt på klagene.

Dei andre klagesakene er eg innstilt på å avvise.

Den siste saka er meir indremedisin. Kva reglar skal vi som politikarar og kommunens administrasjon følgje? Det er ei sak innfor dette som kan vere relevant å diskutere i byutviklingskomiteen, og det er kven som skal avgjere klager på bygge- og delingssaker.

I dag blir desse avgjort i administrasjonen. Spørsmålet er om dette skal opp på politikarane sitt bord? Mange av sakene er reine regelforståingssaker og høyrer heime i fagadministrasjonen, men mange inneheld skjønnsvurderingar og dermed politikk. Dersom desse skal opp til politikarane så må vi og diskutere korleis vi sikrar likehandsaming av sakene. Eg er nok ikkje klar til å ta endeleg stilling til dette i komitemøtet. Dette skal vi nok diskutere meir internt i SV og med samarbeidspartia våre.

Eg tar gjerne mot innspel på alle sakene, anten i kommentarfeltet, på facebook eller i epost til pal.julius@skogholt.org

Saksliste med lenke til saksframlegga

Foto: Harald Groven/Wikimedia Commons

Få ein epost neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.