Skiparkering

Lysløypa på toppen av øya er ei viktig samferdselsåre i Tromsø. Vinterstid er det mange som bruker løypa for å gå på ski til jobb. Potensialet er likevel større. Det kan vere utfordrande å måtte bære skia ned og opp frå Charlottenlund til byen for eksempel. Ei skiparkering der ein kunne sette frå seg ski og skisko på ein trygg og låsbar plass ved Charlottenlund og ved skibrua over Erling Kjeldsens veg kan føre til at endå fleire vil bruke ski til jobb vinterstid? 

Folk i alle aldrar bruker lysløypa, nokre og som transportåre til og frå jobb eller studiar. Vi burde gje dei moglegheit til å låse skia fast på ein trygg måte.

Ei skiparkering på Charlottenlund kunne eventuelt vore kombinert med bysykkelordning med el-syklar som ein slags “skiheis” opp frå byen til Charlottenlund?

Over 400 000 brukar lysløypa

I 2017 passerte 412 069 personar tellepunktet til kommunen på Charlottenlund. Sjølvsagt var ikkje alle desse på veg til eller frå jobb med ski på føtene. Men nesten ein halv million mennesker viser at lysløypa er ei viktig ferdselsåre på toppen av øya. Det er og klåre toppar i bruken i samband med morgon og ettermiddag, noko som fortel at dette nettopp er ei transportåre i tillegg til å vere viktig for trim og rekreasjon.

Dette er sjølvsagt ikkje verdas største sak, men ei sak som om det ikkje kostar for mykje kunne vore ei fin lita forbetring for innbyggarane i Tromsø. Så i dag har eg sendt inn dette forslaget til handsaming i kommunen:

Kommunestyret ber om ei sak frå administrasjonen med framlegg til korleis ei skiparkering kunne ordnast, og med oversyn over kostnadane.

Og det er klart, kva det kostar vil avgjere om dette er noko vi kan gjennomføre.

 

 

One Reply to “Skiparkering”

  1. liv marie austrem sa:

    Supert forslag skulle eg tru.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version