Eg kan ikkje samisk – korkje nordsamisk eller lulesamisk som nok er det som ein gong i tida vart snakka i slekta mi. Eg har ikkje vakse opp i ein samisk kultur, men i eit vanleg nordnorsk fiskevær, kan eg då vere samisk? Eg kan sjølvsagt seie at dei fleste av oss som er av nordnorsk fiskarbondeslekt – i alle fall frå litt inn i fjordane – så er kulturen ei blanding og ei brytning mellom det norske og det samiske. Ein slags mestiskultur der både det norske og det samiske fanst utan at ein eigentleg veit eller visste om kva som var kva. Men gjer det meg samisk. Snakka eg sant då eg kryssa for at eg kjente meg samisk når eg melde meg inn i samemanntalet?
Eg veit ikkje. Og kva betyr det å vere samisk?
Denne videoen svarer ikkje på spørsmålet om eg er samisk nok, men det at eg ikkje er åleine om å stille spørsmålet gjer meg glad. Eg synst Cecilie Gjennestad i NRK Sápmi har laga ein interessant liten videoserie om akkurat det spørsmålet.
Eg følgjer i alle #samish, og kven veit kanskje finn eg svar på spørsmålet mitt til slutt.
Du er samisk – du har ikkje språket, men du har mykje samisk arvegods/tankegods som eg er sikker på er viktig for din identitet. Berre at du stiller spørsmålet er nok. Du har den samiske kjensla.
Hei! Lihkku beivviin!!:) Æ føle veldig med det du skreiv om i denne artikkelen. Føle det på samme måte. Æ vet jo at æ har slekt som va/e samisk men alikavævell så vet æ ikke om æ e samisk nåkk. Kan jo ikke språket heller. Men det er jo nye tider men det er godt at det ikke bare e mæ som ikke vet helt ka man nu egnetlig e.
Går for #Samish ish æ å.
Mvh. Charlotte
Fint vi er fleire, og til sjuande og sist så er det kanskje vi sjølv som må bestemme det.