Categories
Politikk

Er Per Sandberg diskvalifisert som justisminister?

Foto: Bård Gudim, FrPMedia

Det er ikkje ofte du vil sjå meg ta Per Sandberg i forsvar. Det skulle ikkje forundre meg om dette blir første og siste gong, men

Eg ser fleire som meiner at Sandberg er diskvalifisert som justisminister fordi han har kjørt alt alt for fort og fordi han har skalla ned ein annan mann. Begge delar ville vore diskvalifiserande dersom han hadde gjort det som minister. Men alt dette skjedde for ei god stund sidan, og det aller viktigaste: Rettssystemet vårt har tatt seg av sakene. Han er dømt, fått si straff og gjort opp for seg overfor samfunnet.

Vi kan ikkje ha det slik at ein ikkje skal kunne legge slike saker bak seg og gå vidare i livet, også med ei framtredande politisk stilling. Eg meiner at desse sakene ikkje diskvalifiserer Sandberg.

Og, det tar meg vidare til det eg oppfattar som det verkelege problemet med Sandberg som justisminister, og det er den politikken han står for. Det vil vere ein politikk som i all hovudsak vil vere ei vidareføring av Listhaug sin politikk. Altså at Frp vil bygge ned rettsstaten, bygger ned domstolskontrollen med viktige rettigheitar og stenge grensen for folk i naud.

Det at han som fiskeriminister har gjort sitt beste for å gje kapitalen meir kontroll med retten til å fiske det burde vere diskvalifiserande.

Politikken til Frp og Sandberg er det som burde vere diskvalifiserande, men det er det folket i val som avgjer.

Categories
Politikk

Statsminister Hareide

Det kan vere artige å spekulere, og det skal eg gjere no. La oss seie at regjeringa må gå etter Listhaug sine toskete utsagn. Det hadde no uansett vore på sin plass. Kva regjering får vi då?

Blir Hareide statsminister til påske? Bilde tatt av Mona Høvset – Kristelig Folkeparti (KrF), CC BY-SA 4.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=47300362

Det naturlege er at kongen ber leiaren for det største opposisjonspartiet danne ny regjering. Men Ap vil eigentleg ikkje og dei vil ha problem med å etablere eit styringsdyktig fleirtal, så etter nokre dagar melder Støre tilbake til kongen at han ikkje får til å etablere grunnlag for ei ny regjering i Stortinget.
Då må kongen sette seg ned og fintenke litt. Det vil seie det som eigentleg skjer er at politikarane på Stortinget snakkar saman, og melder tilbake til kongen om kva for ei regjering landet kan få som vil kunne styre landet.

Bondevik III

Eg trur at den mest styringsdyktige regjeringa landet kunne fått i den situasjonen vil vere ei ny Bondevikregjering, berre minus Bondevik og pluss Hareide. Ei regjering av det ekstreme sentrum i norsk politikk. Ei regjering av Krf, Venstre og Senterpartiet med Hareide som statsminister. Venstre vil bli nøgd for dei kjem til å halde fram i regjeringa, men slepp å spise si eiga ryggrad i samarbeidet med Frp, Senterpartiet vil vere nøgd fordi dei alltid er nøgde med å vere i regjering, og Krf får statsministeren. Og kanskje ville også MdG få vere med å leike i regjering?

Ei slik regjering vil kunne få mange fleirtal i stortinget. Dei ville ha fleirtal saman med SV og AP, saman med Høgre og Frp, saman med Ap og Høgre. Dei ville bli ei veik men styringsdyktig regjering. Ap vil kunne få stor makt og sleppe ansvar. Dei vil vere nøgde, SV ville bli viktigare i Stortinget og vil like situasjonen fordi miljøet vil bli viktigare i ei slik regjering. Høgre vil ganske snart finne ut at dei liker å vere fri frå Frp og kunne trivast i opposisjon. Og etter at Frp er ferdig med å sture vil også dei like at Listhaug kan utfalde seg i fri dressur utan å måtte stå til ansvar overfor Stortinget.

Så då er eg ferdigspekulert for i dag. Men eit godt råd til slutt, ikkje vedd meir pengar enn du har råd til å tape på at dette blir løysninga.

Categories
Politikk

Alle taper på å slå saman Finnmark og Troms – også Tromsø

No er det på tide at staten tar signala på alvor. Samanslåinga mellom Troms og Finnmark vil ikkje bli vellykka med den enorme motstanden vi ser i Finnmark.

Eg er no alvorleg bekymra for at eit nytt fylke blir handlingslamma i stadige og nærmast uløyselege diskusjonar mellom Troms og Finnmark. Det har vi ikkje råd til med dei store utfordringane vi har innan skole, veg og kollektivtrafikk i nord.

Eg er og alvorleg bekymra for at Tromsø vil bli nedprioritert i det nye fylket. I Tromsø har vi store planar og utfordringar i kollektivtrafikken. Vil det vere pengar til dette i det nye fylket i kampen mot gode formål i heile det store nye fylket? Det er ingenting som tyder på at Tromsø vil få ei spesielt sterk stilling i det nye fylkestinget, i alle fall om vi skal sjå historisk på det. Tromsø har hatt få representantar på fylkestinget i Troms.

Derfor må vi krevje også frå Troms si side at samanslåinga blir stoppa, går ikkje det – og det gjer det kanskje ikkje – må vi også i Troms ta frykta og sinnet i Finnmark på alvor og seie at fylkesrådmannen skal ha sete i Vadsø og gjere noko med fellesnemda – la til dømes dei to fylkestinga utgjere denne. Kanskje kan det vere med på å løyse litt opp i situasjonen? Det som er heilt sikkert er at vi alle vil tape dersom dagens situasjon får halde fram.

Med dagens teknologi burde det gå heilt fint å ikkje ha ting i den største byen, sjølv om Widerøe nok er dei som vil tene mest på samanslåinga.

Eg trur ikkje Tromsø er det minste interessert i å tappe Finnmark for arbeidsplassar, kunnskap og ressursar. Eg kjenner i alle fall ikkje ein einaste tromsøværing som meiner det. Vi vil vere med å bygge opp, så la oss då gjere det