Statsminister Hareide

Det kan vere artige å spekulere, og det skal eg gjere no. La oss seie at regjeringa må gå etter Listhaug sine toskete utsagn. Det hadde no uansett vore på sin plass. Kva regjering får vi då?

Blir Hareide statsminister til påske? Bilde tatt av Mona Høvset – Kristelig Folkeparti (KrF), CC BY-SA 4.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=47300362

Det naturlege er at kongen ber leiaren for det største opposisjonspartiet danne ny regjering. Men Ap vil eigentleg ikkje og dei vil ha problem med å etablere eit styringsdyktig fleirtal, så etter nokre dagar melder Støre tilbake til kongen at han ikkje får til å etablere grunnlag for ei ny regjering i Stortinget.
Då må kongen sette seg ned og fintenke litt. Det vil seie det som eigentleg skjer er at politikarane på Stortinget snakkar saman, og melder tilbake til kongen om kva for ei regjering landet kan få som vil kunne styre landet.

Bondevik III

Eg trur at den mest styringsdyktige regjeringa landet kunne fått i den situasjonen vil vere ei ny Bondevikregjering, berre minus Bondevik og pluss Hareide. Ei regjering av det ekstreme sentrum i norsk politikk. Ei regjering av Krf, Venstre og Senterpartiet med Hareide som statsminister. Venstre vil bli nøgd for dei kjem til å halde fram i regjeringa, men slepp å spise si eiga ryggrad i samarbeidet med Frp, Senterpartiet vil vere nøgd fordi dei alltid er nøgde med å vere i regjering, og Krf får statsministeren. Og kanskje ville også MdG få vere med å leike i regjering?

Ei slik regjering vil kunne få mange fleirtal i stortinget. Dei ville ha fleirtal saman med SV og AP, saman med Høgre og Frp, saman med Ap og Høgre. Dei ville bli ei veik men styringsdyktig regjering. Ap vil kunne få stor makt og sleppe ansvar. Dei vil vere nøgde, SV ville bli viktigare i Stortinget og vil like situasjonen fordi miljøet vil bli viktigare i ei slik regjering. Høgre vil ganske snart finne ut at dei liker å vere fri frå Frp og kunne trivast i opposisjon. Og etter at Frp er ferdig med å sture vil også dei like at Listhaug kan utfalde seg i fri dressur utan å måtte stå til ansvar overfor Stortinget.

Så då er eg ferdigspekulert for i dag. Men eit godt råd til slutt, ikkje vedd meir pengar enn du har råd til å tape på at dette blir løysninga.

5 Replies to “Statsminister Hareide”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version