No når vi har fått det siste snøfallet litt på avstand, og ser tilbake på ein vinter med lite snø så langt, så kan det kanskje vere på sin plass å diskutere om brøytinga i Tromsø er bra nok.
Her er innlegget som videoblogg om du føretrekk det:
Eg skal vere den første til å nemne at dette med brøyting sjølvsagt heng saman med budsjett og pengar. Kommunene har meir enn nok å bruke pengar på, slik at denne diskusjonen sjølvsagt i hovudsak må handle om prioritering. Kva skal brøytast først og sist. Det er og slik at det til tider kjem ganske mykje snø i løpet av kort tid. Då vil det alltid vere slik at ikkje alt kan vere like godt brøyta til ei kvar tid.
I dag har vi følgjande hovudprioriteringar på Tromsø kommune sine vegar:
- Hovudvegar/bussvegar
- Gang og sykkelvegar
- Øvrige vegar
Også er det slik at brøytinga er delt opp i ulike roder, slik at ting kan vere ferdige i eit område før det er ferdig hos andre.
Eg bur på Mortensnes og her er brøytinga ganske god med unntak av fortaua. Noko dette bildet viser:
Men poenget er, eg vil gjerne vite korleis du opplever brøytinga der du er. Er prioriteringa rett? Korleis er fortaua hos deg, blir dei snølager eller er det fint å gå i løpet av vinteren?
For kanskje er det det eg lurer mest på, er det ofte du som gåande blir “tvungen” ut i vegbanen fordi fortaua ikkje er brøyta godt nok?
Kom med dine tankar, anten her i kommentarfeltet eller på facebook.